Dag og Tid nr. 28, laurdag 10. juli 2004

Roald Helgheim:
Gudfaren og kjærleiken

Når Marlon Brando skal oppsummere livet sitt i sjølvbiografien Songs My Mother Taught Me, seier han at han kan ikkje slutte noko av det, fordi det er ein kontinuerleg prosess. "Eg er meir overraska over kva det vart av meg enn noko anna. Eg hugsar ikkje ein gong at eg prøvde å lykkast. Eg freista berre å overleve", skriv han. "Eg trur soga om livet mitt er om leit etter kjærleik, men meir enn det; eg har sett etter ein måte å reparere meg sjølv på etter dei skadane eg fekk tidleg i livet, og finne kva skuld eg har, om eg har noko, til meg sjølv og den arten eg høyrer til". At han vart skodespelar var tilfeldig, seier han. Han kunne enda opp som kva familiemann som helst med tre ungar og ikkje meir å leve for når han hadde passert femti. Det einaste han trong av pengar, var nok til å overleve. Om han kunne sleppe å jobbe og det kom ein bil til han med pengar nok ein gong i veka, hadde det vore like bra.

Ti år etter at han fortalde dette til biografiskrivar Robert Lindsay, døyr den store filmlegenda frå det 20. hundreåret som ein fattig mann. Når du les dette, er oska kan hende spreidd for vinden over øya Tetatrios som han eigde nær Tahiti. Nekrologane er trykte, og ikkje få har henta fram att denne biografien, der han framstår som både sjølvoppteken og sjølvreflekterande, og så full av bisarre soger om kvinner han erobra flust av, utanom sine tre ekteskap. Det er nokre merkelege kapittel i ei bok der soga om hans eige opphav ikkje er så kjærleg, snarare hatefull når det gjeld faren, som han til slutt banka opp så han heldt på å stryke med. Kjærleiken er til dei to søstrene og til ei alkoholisert mor.

Om Marlon Brando var med i eit førtitals filmar, blir dei kanoniserte talde på ei hand. Det er ei vurdering hovudpersonen neppe hadde gått med på. En sporvogn til begjær, The Wild One, Storbyhavnen, Gudfaren og Apokalypse nå lyser sterkast på lista, men Brando gav nerve til mange andre roller. Han flytta frå Omaha, Nebraska til New York for å gå på Dramatic Workshop of the New School for Social Research. Metoden er stikkordet for stilen Brando dyrka. James Dean gjekk også på same skule, i likskap med Montgomery Clift og Marilyn Monroe. Gudinna var Stella Adler, lærar ved Actors Studio. Lee Strasberg, som mange gir æra for "method acting", hadde Brando berre forakt for. Læraren som var verd å lytte til utanom Adler, var regissøren Elia Kazan. Han underviste på laurdagar, og då brukte det også å vere mange fine jenter der, skriv Brando.

James Dean, som låg an til å bli den som kunne gå i skorne til Brando, har han eit eige kapittel om. Han fortel at han tok den lovande unge mannen til side og sa: "Ikkje prøv å etterlikne meg. Finn din eigen veg å gå." Rett etter var Dean død. Den nære venen, nevrotikaren og stortalentet Montgomery Clift gjekk under i alkohol og dop på slutten av sekstitalet. Brando byrja å bli ein einsam mann. Men han vart eit symbol for på ein måte å spele på som dei store beundrarane Al Pacino og Robert De Niro møtte andlet til andlet i Gudfaren, saman med James Caan og Robert Duval.

Det var på teaterscena Brando 23 år gammal gjorde gjennombrot med Tennessee Williams-stykket En sporvogn til begjær, i ein Stanley Kowalski-figur som revolusjonerte det. På scena var ein annan livslang ven, Karl Malden. Brando tok figuren med til filmlerretet, der i regi av Elia Kazan, og han følgde Malden og regissøren vidare til Storbyhavnen, trass i at Kazan hadde gjort det store sviket under McCarthy-prosessane. Han vedgjekk ikkje berre at han sjølv hadde vore kommunist, men oppgav namnet på åtte vener i Group Theatre som også hadde vore med. I boka si seier Brando at han trur USA under denne prosessen var ei hårsbreidd frå fascismen. Likevel blir han med i filmen til venen, i ei rolle der han som bryggjearbeidar står opp mot hamnemafiaen. Brando ser på filmen som eit avlat frå Kazan, som heile livet forsvara det han hadde gjort.

Det høyrer med til soga at då dei skulle skyte havnescenene i New Jersey, måtte dei forhandle med nettopp hamnemafiaen. Filmmakarane var stadig under mafiøs observasjon då dei skulle spele inn scener til Gudfaren i Little Italy i New York. Eit godt kapittel handlar om då Brando gjorde om heile rollefiguren han var tiltenkt som Walter Kurtz i Apokalypse nå, etter at regissør Coppola heldt på å miste grepet. Men i den oftast framheva filmen utanom lista vår, Siste tango i Paris (1972), heldt han sjølv på å miste grepet.

Møtet mellom den nær femti år gamle Brando og den 19 år unge Maria Schneider i Bertoluccis film er framheva som eit erotisk sjeledrama av filmhistorisk type. For Brando var det så sterkt kjenslemessig at han brukte år på å kome over det. Det gjorde aldri Maria Schneider. I eit kjenslesterkt intervju i Sunday Times fortalde ho for nokre år sidan om korleis filmen øydela henne. "Eg var 19, eg var jomfru og forstod ikkje kva eg var med på". Marlon Brando fortel at Bertolucci ville dei skulle ha ekte sex. Begge nekta, men like fullt var opplevinga så sterk at Maria braut saman, visna bort, og aldri kom for fullt attende til lerretet. Ho har aldri tilgitt Bertolucci, men var ven med Brando. Idolet hennar er Jodie Foster, som kom vidare etter å ha spela prostituert 13 år gammal i Taxi Driver.
Kunsten skal sprengje grenser, men å sprengje nokre av dei har sin pris. Ta aldri av deg kleda for middelaldrande menn som påstår det er kunst, sa Maria Schneider.        

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |