Dag og Tid nr. 28, laurdag 10. juli 2004

Næringsliv:
Striden om Lidl
Til hausten kjem lågpriskjeda Lidl til Noreg, og sinna står alt i kok. Fagrørsla mobiliserer, medan Folkeaksjonen mot Lidl trugar med vald. Kvifor vekkjer Lidl så sterke reaksjonar?
Tekst og foto: Bente Kalsnes

Frå første stund har den tyske billegkjeda vore omstridd. På overflata handlar det om ei kjede som skal tilby matvarer 10 - 20 prosent billegare enn dei vi finn i norske butikkar i dag. Lidl meiner dei representerer ein ny måte å drive daglegvarehandel på.
Men soga om Lidl handlar òg om dei som står i butikkassene. Historier om elendige arbeidsforhold på kontinentet har vekt den norske fagrørsla, og lovnadene om billeg mat har ikkje blidgjort skeptikarane. Kommunepolitikarar har brukt vetomakt for å hindre at kjeda får etablere seg i nærområdet og nekta Lidl tomter. Den nystarta Folkeaksjonen mot Lidl går endå lengre og trugar med fysisk makt for å bli kvitt Lidl. Men for somme, som den vesle brusfabrikken Brænne Brus i Volda på Sunnmøre, er Lidl redninga. 14 utsette arbeidsplassar er sikra etter at fabrikken fekk kontrakt om å produsere Lidl-brus.

Vil infiltrere
– Vi finn oss ikkje i at storkapitalistane kjem til Bergen og Vestlandet. Vi seier nei og har laga eit nettverk som skal aksjonere mot Lidl, fortel Kristian Kårbø, student, Rimi-tilsett og aktiv i Handel og Kontor.
Så langt tel Folkeaksjonen mot Lidl kring 100 aksjonistar, og planen er å arbeide for å betre arbeidsforholda i Lidl frå innsida. Aksjonistane vil rett og slett søkje jobb i Lidl.
– Tilsette hos Lidl i Tyskland jobbar under umenneskelege forhold. Dei har altfor lange arbeidsdagar og dei får ikkje lov til å snakke med kvarandre på jobb. Lønningane blir pressa ned til eit minimum. Vi finn oss ikkje i at arbeidskrafta til ungdommar blir selt billegare enn anna arbeidskraft, seier Kårbø på telefon frå Bergen.

Han har registrert at Lidl har meldt seg inn i Handels- og servicenæringenes Hovedorganisasjon (HSH), og dersom kjeda held ei «grei line», vil Folkeaksjonen jobbe med å etablere fagforeiningar innanfrå. Men dersom Lidl skulle vise seg å vere like dårlege arbeidsgivarar som ryktet seier, vil Folkeaksjonen gå meir militant til verks.
– Då må vi fysisk få kasta Lidl ut av landet. Dette har ikkje vore diskutert mellom oss og er langt fram i tid. Men vi er kampklare, seier Kårbø.

Få i kassene
I Norge er det vanleg at matvarebutikkar har personalkostnader som utgjer 15 prosent av omsetninga. I Lidl er biletet eit heilt anna. Utrekningar frå marknadsanalysebyrået ACNielsen tyder på at Lidl har klart å presse personalkostnadene ned i tre prosent. Ei forklaring er at Lidl i snitt har åtte tilsette per butikk, medan snittet i for eksempel ein fransk supermarknad er 37, ifølgje artikkelen «Krig mot arbeiderne» i fagbladet for Handel og Kontor. LO-forbundet følgjer etableringa av den tyske giganten i Noreg med argusauge.

– Lidl har ikkje så godt rykte på seg når det gjeld arbeidsforhold, særleg i Tyskland, seier 1. nestleiar i Handel og Kontor, Karin Torp.
– Det har òg vore ein del klabb og babb i Sverige og Finland, sjølv om det har roa seg ned no. Vi veit enno ikkje korleis dei vil opptre i Noreg, men dersom det blir tyske forhold her, er det grunn til å vere uroleg.

Ho viser til at Lidl i Tyskland står for ubetalt overtid, dårleg løn og få heiltidstilsette.
– Dei skraper heilt inn til beinet, for ikkje å seie i beinet. Belastninga blir for stor for dei tilsette. Det synest ikkje vi noko om. Det er mogleg at Lidl har lært av etableringa si i Sverige og Finland at forholda er annleis i Norden enn i Tyskland. Eg håper dei oppfører seg som dei skal, seier Torp.

Lidl har allereie vore i kontakt med Handel og Kontor, og fagforbundet har gått gjennom og kommentert arbeidskontraktane til selskapet. Nokre av merknadene har blitt følgde opp med endringar i kontraktane, men ikkje alle. Alle Lidl-tilsette skal få utdelt ei vervebrosjyre om Handel og Kontor, noko verken Rema 1000 eller Rimi-tilsette får.
– Verken Lidl eller andre kan tvinge nokon til å organisere seg, men vi håper at dei tilsette gjer det, slik at vi får tariffavtalar, seier Torp.

Løyndomen bak Lidl
Når vi ringjer til Lidl for å spørje om korleis dei vil forhalde seg til norsk arbeidsmiljølov, blir vi ikkje uventa avviste.
– Policyen er at vi ikkje uttalar oss til pressa, seier ei ung og blid kvinne.
– Sånn er det berre.
Det har Lidl bestemt. Lidl har også bestemt at dei skal opne rundt 100 butikkar i Noreg dei næraste åra, dei første av dei i august/september. I fjor opna Lidl butikkar i Sverige og Finland, og med Noreg er Lidl på plass i 17 land. Løyndomen bak Lidl har vore ein kombinasjon av fleire faktorar: låge prisar, låge lønskostnader, eigne merke (private labels) og få varer.

Systematisk, enkelt og hemmeleg er andre ord som blir brukt for å skildre Lidls forretningsprinsipp. Slikt blir det pengar av. Ifølgje det tyske magasinet Wirtschaftwoche har grunnleggjaren av Lidl, Dieter Schwarz, ein formue på over 50 milliardar kroner og er ein av dei 50 rikaste i verda.
Det same magasinet skriv at Lidl planlegg å gå inn i ni nye europeiske land snarleg. I Noreg skal Lidl opne butikk i 72 kommunar, skriv VG. Men ikkje i Sogndal, om kommunepolitikarane får det som dei vil.

Heller turisthotell
Striden mellom daglegvarekjeda og Sogndal kommune toppa seg då Lidl i mars truga med å politimelde kommunen for å ha brote god forvaltningsskikk i handteringa av tomta til det nedlagde slakteriet. Lidl hadde sikra seg kontrakt på den attraktive og sentrumsnære tomta, men kommunen tok i bruk forkjøpsretten for å sikre at tomta ikkje blei brukt til detaljhandel, men «regulert til friområde og service-hotell», som det står i brevet frå Sogndal kommune til Lidl.

Innan 2007 skal dei fire mektigaste mennene i Sogndal, med saftmagnaten og lokalpolitikar Bjarne Lerum i spissen, ha kome eit godt stykke på veg i bygginga av turisthotellet på slakteritomta.
– Det som skjedde i Sogndal, var ikkje bra. Ikkje i det heilt tatt. Ut over det kan eg ikkje seie noko, sa Lidls eigedomssjef Tommy Gulbrandsen til Bergens Tidende.
– Dei må akseptere at vi vil regulere området til det vi vil, seier ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter, om Lidl.

– Tidlegare har du sagt at du er glad «for å stikke kjeppar i hjula på Lidl.» Stemmer det?

– Eg har sagt at eg er skeptisk til konseptet, men eg har ikkje sagt at eg skal stoppe dei i Sogndal. Eg trur ikkje det har vore målet for nokon av politikarane i Sogndal.
– Kva er det som gjer at du er skeptisk til Lidl?
– Det er måten dei behandlar arbeidsfolka sine på. Eg er også redd for at det blir så mykje importert mat at dei ikkje tek inn norske varer. Eg har ein sunn skepsis til Lidl, seier Hjelmeseter.   

Eigne merke
Det store inntoget av eigne merke eller «private labels» blir ei av dei største endringane når Lidl opnar dørene til butikkane sine i haust, meiner Hans Jørgen Vogtengen i AC Nielsen Norge.
– Vi vil nok ikkje sjå Nora Syltetøy i hyllene på Lidl, det vil bli svært mange varer med namn som vi ikkje kjenner frå før. Det står att å sjå om norske forbrukarar ønskjer å prøve desse produkta, seier Vogtengen.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |