Dag og Tid nr. 28, laurdag 10. juli 2004
Leiar:
Aviser i harryland
Eg kjenner ikkje redaktørane Bernt Olufsen, Thor Gjermund Eriksen og Amund Djuve personleg, og kan difor ikkje slå sikkert fast at dei er primitive, pengefikserte og harry i hovuda sine. Men publikasjonane deira, Verdens Gang, Dagbladet og Dagens Næringsliv kan eg seie noko om. Dei tre største tabloidane våre ser ut til å stå saman i eit stort prosjekt for å gjere det norske folket til misunneleg, grådig pengepøbel. Det er ikkje vakkert.
Dagbladet må gjerne skrive kritisk om pengevelde, materialisme og grådigheitskultur på kommentarplass. Men skribentane deira er sikkert pinleg klare over kor fjollete dei framstår, når resten av avisa driv ei hemningslaus hylling av privat rikdom og luksus. Pengar har blitt målestaven på dei fleste stoffområde i avisa: Kor mange millionar skal fotballspelaren Wayne Rooney tene no? Kor rik er eigentleg krimdronninga Anne Holt?
Slik ser verda ut for redaksjonen i Verdens Gang òg, bortsett frå at sikkelet renn i enda litt striare straumar når den avisa skal skildre dei rike og berømte: «Slik blir milliardærparets nye ferie-perle». «Jo fortere Thor Hushovd ruller inn til topplasseringer, jo flere millioner triller inn på bankkontoen». VG vil gjerne framstå som ven av folket og «den vesle mannen». Men så lenge avisa tiltaler den vesle mannen som om han var ein grisk og misunneleg idiot, er dagen mykje betre utan.
Dagens Næringsliv er i ein annan kategori. Trass i det råliberalistiske grunnsynet sitt har avisa vore den mest effektive kapitalismekritikaren i Noreg dei siste åra, simpelthen fordi ho ofte har fått fram det usminka andletet til kapitalismen. Men også her har det skjedd ei dreiing mot det plumpe og primitive: Mindre avsløringar av snusk og maktspel, meir feiring av kjappe børsvinstar og luksusforbruk.
Truleg spring hyllinga av rikdom ut av ei andeleg forvirring og retningsløyse i redaksjonane. I mangel av eit solid verdisyn, kvalitetskriterium og politiske haldningar, grip redaksjonane fortvilt etter ein reiskap å måle verda med. Så ender dei opp med den mest primitive av dei alle: pengar. Olufsen, Eriksen og Djuve, kan de ikkje nytte sommaren til å finne betre målestavar enn som så?
Per Anders Todal
To veker pause
Dag og Tid-redaksjonen tek to veker ferie etter dette nummeret. Neste utgåve av avisa kjem laurdag 31. juli.
Redaksjonen
|