Dag og Tid nr. 28, laurdag 10. juli 2004
Kommentar:
Barn inga hindring?
I dette landet, som rosar seg av å ha lovbestemt ytringsfridom, kan vi seie kva vi vil i teorien. I praksis kan vi seie nesten kva vi vil; eit stillteiande samfunnskrav om det politisk korrekte set visse grenser. Men desse grensene er noko flytande: Det er ikkje heilt comme il faut å fortelje homovitsar, handikapvitsar, svigermorvitsar eller samevitsar, men OK, vi tolererer det og skjuler smilet bak ei hand. Det er ikkje heilt greitt å omtale ein mørkhuda afrikanar som neger, men Ting Tar Tid, så vi tolererer det inntil vidare. Det er heilt greitt å omtale djevelen og hans gjerningar i saftige ordelag, men å omtale Gud med familie samt hans gjerningar i like saftige ordelag, er blasfemi og dermed ikkje fullt så greitt. Å omtale mannlege og kvinnelege intime kroppsdelar foraktfullt, vulgært, nedsetjande og respektlaust er heilt greitt. Det er også greitt å omtale eller tiltale andre menneske med
lite flatterande analysar av åndsevnane deira.
Men å be barn barna til andre om å fjerne seg eller teie still, det er ikkje greitt. Det gjer ein ikkje!
Dette har eg visst heilt sidan første gongen eg var med på ein kammerkonsert der ein treåring sprang rundt og hoia av hjartans lyst, og ein modig mann i det plaga publikummet utstøytte eit «hysj!» Han fekk det vonde auget av foreldra til treåringen, og karakteristikken «barnefiendtleg» kunne like gjerne vore bøygd i neon over hovudet hans.
Unge foreldre vil, forståeleg nok, gjerne ut på livet, til stader der det finst andre vaksne menneske. Før i tida let dei ungane vere heime med ei barnevakt, no tek dei ungane med seg. Særleg er det blitt populært å ta med seg ungane på utstillingar i museum og galleri. På slike stader dit mange kjem for å kontemplere, og der ein helst skal halde fingrane frå gjenstandane flyg ungane rundt som virvelvindar, pirkar borti alt med klissete iskremfingrar og hyler som stukne griser. Den som ikkje synest at dette er festleg (Barn er så søte!), kan dra heim igjen (Sure jævel!).
Denne problematikken har no fått ny aktualitet, takka vere den nye røykeloven. For no når røykarane med sine illeluktande, men fullt lovlege misgjerningar er blitt jaga på dør (i motsetnad til narkomanane, som no er blitt inviterte til å gjere sine ulovlege handlingar innandørs), er ikkje puben og restauranten lenger ein kvilestad, ein oase for folk med sans for filosofiske grubleri eller den gode samtalen. Da røykarane forsvann ut, kom barnevognene inn. Pubar, kafear og restaurantar gjenlyder no av høyrslesplintrande kvin og gjallande vræl; kor du enn snur deg, står det ein unge og glor intenst utfordrande på deg inntil du vinkar og seier «dikkedikk». Det kryler og kryr av småungar under borda, mellom borda og oppå borda, dei står på stolane med møkkete støvlar, dei fer att og fram som propellar. Og idet du løfter hovudet frå ølkruset og opnar munnen for å ta ein bit av pizzaen din, stirer du rett inn i avføringa på ei bleie på nabobordet.
Ikkje alle menneske synest at alle barn er søte alltid. Faktisk finst det menneske som synest at barn er best på fotografi. Men det er det ikkje lov å seie. Det er lov å elske fred og ro og stille, særleg i dette landet. Men å ymte om at småbarn iblant kan vere det motsette av fred & ro & stille det er jamgodt med å banne i kyrkja. Å be foreldre om å halde kustus på avkommet sitt på offentlege stader, er ei uhøyrd handling. Å vende seg til eit barn som ikkje er ditt eige, med oppfordring om å ta dei sølete skorne ned frå setet i trikken, i bussen, i kafeen, samt vere så venleg å late vere å stå og tute som ein basun rett inn i trommehinna på deg, det er ei fiendtleg handling, ein udåd.
Oppdraging er blitt eit fy-ord som ikkje lenger er forbunde med innlæring av sjølvkontroll og respekt for andre, men snarare med inngrep i integriteten til barnet. Difor finst det ein del foreldre som ikkje driv med barneoppdraging. Andre foreldre elskar ungane sine så høgt at dei ikkje kan førestelle seg anna enn at alle andre også gjer det. Og så finst det jo (dei mange) foreldra som er så redde for ungane sine at dei ikkje tør å seie frå. Truleg av djup skuldkjensle, og med god grunn.
Og dei fredselskande, dei plaga, dei sjølvvalt barnlause eller dei som omsider har vaksne barn, dei som vil gruble og kontemplere, dei tør ikkje å irettesetje barna til andre av angst for å bli skulda for overgrep eller foreldra til barnet av angst for å bli utskjelte i all offentlegheit.
Komikaren og sosiologen Harald Eia, som sjølv har små barn, uttalte ein gong at småungar er keisame. Utsegna var naturlegvis forkledd som spøk, og vart tilgjeven fordi ho truleg handla om Harald Eias eigne ungar (i alle fall ikkje om dine barn, eller mine). Leo Tolstoj uttalte at barn var ei plage og ingenting anna. Men han var vel full da.
Tobakksrøyk skader. Difor er røyken fjerna fra stader der folk arbeider. Det er påvist at også støy skader. Men den som ønskjer (for eksempel) puben og restauranten som støyfrie soner, og som konsekvens av dette med all klårleik ytrar at han ønskjer puben og restauranten som barnefrie soner huttemegtu: Han har tatt munnen for full. Ytringsfridomen kan ikkje redde han.
Nøste Kendzior |