Dag og Tid nr. 28, laurdag 10. juli 2004

Klok på bok:
At slikt kan skje på jorda

Og eg som trudde dette var enkelt. Dette må de ta på sparket, sa eg, eplekjekk og høg på pæra. Og så vart det stilt, så stilt at eg kunne høyra lyden av eit tre som fall i skogen sjølv om ingen var der. Dagane kom og gjekk, ingen svarte. Ingen hadde kjent att lovsongen. Noko må vera gale, tenkte eg. Noko må ha gått aldeles gale der ute i verda, tenkte eg, kanskje var krigen komen til landet og berre min eigen, grøne vesle dal var skåna, medan alle klok på bok-folka var gått til fronten eller under jorda for å forfatta motstandsskrift. (Klok på bok-folk går aldri over til fienden, det er eg i alle fall overtydd om, så mykje tillit har eg til dykk, skal de vita.)

Men så, rett før all von var ute, dukka to kloke kvinner opp med rett svar:
Lovsang av Cathrine Grøndahl. Det var alt ho skreiv, Berit Oksfjellelv, meir skulle ikkje til, meir var det ikkje eg kravde. Og da eg slo mynt og krone mellom dei to klokaste i landet denne veka, var det Oksfjellelv som stod att som vinnaren. Gratulerer!

Trøystepremien til Merete Hoel, som svarte like rett, får vera at ho får svaret sitt på trykk i full lengd og breidd. Her går det fram at Hoel verken er framand for induksjonen eller deduksjonen sine irrgangar:
«Cathrine Grøndahl, med diktsamlingen ‘Lovsang’ fra 2003. Egentlig hadde jeg tenkt å droppe detaljene, men OK: det virket ‘yngre’, det virket ikke oversatt, og det skulle jo være en ‘hun’ (det siste var ikke helt overraskende). Så var det å kikke bortover bibliotekhyllene til noe traff, da. Og det gjorde det – først ‘Det har ingenting med kjærlighet å gjøre’ fra 1998, og så denne, ‘Lovsang’. Det er vel ikke helt rett å si at det ikke var indisier på hvem som hadde skrevet, da, når lov & lovsang er nevnt tilsammen 3 ganger, og forfatteren er jurist i tillegg? Men det var språket jeg tok dette på, det skal forfatteren ha. Bortsett fra at ‘lovsang» sparte meg for å bla gjennom ‘Det har ingenting med...’ først.»

Visst var det indisium her og der i oppgåva, det har Merete Hoel aldeles rett i. Men det var tydeleg ikkje mange nok, sidan bjellene ringte i berre to kloke sinn. Hoel gjer elles eit heiderleg forsøk på bonusoppgåva i Klok på bok 669:
«Hjertet eier sin egen forstand, som forstanden ikke forstår’ er tillagt Dag Hammarskiöld i min sitatordbok, men jeg mener det er matematikeren og filosofen Blaise Pascal som har sagt det (det var et slags svar på bonusoppgaven). Ha en god sommer i alle fall!»
Ein god sommar ønskjer eg Merete Hoel òg, det har ho ærleg fortent. Men det var altså ikkje Hammarskiöld eller Pascal som hadde forstanden inst i hjarta ved dette høvet, derimot ein annan filosof og statsmann ved namn Georg Johannesen. For han er ikkje frekk og rasande alltid, Georgen. Av og til er han så var og ven som det går an. Eg trur Georgen berre er så sint for å verna om alt det mjuke og gode han har inni seg, eg.
Elles kom det denne veka brev frå to som prøvde, men ikkje fann fram: «Og så at ‘dette bør de ta på sparket – attpå alt. Melder pass – på nytt!«, skriv Nils-Aksel Danbolt Mjøs hovudristande.
Ei anna passmelding kjem på baksida av eit postkort med Madame Manet i vinterhagen, og sjølv Madame Manet ser noko tenksam og oppgjeven ut: «Kjære venner! Denne gang måtte jeg gi opp, det er ikke ofte. Nu har jeg hverken internett eller annet hjelpemiddel, så jeg er svært spent. Er det Madame Myrbråten selv som har forfattet kanskje«, spør Maj Voss.
Men det var det altså ikkje. Alt mitt juridiske engasjement kokar ned til eit livslangt rop om sanning og rettferd, som i blant blir bønhøyrt, andre gonger ikkje. Somme tider ein lovsong, andre gonger eit klagemål.

Og no, gode lesarar og vener, frå Loddefjord til Lakselv, no kjenner eg at eg har kome til eit heilt nytt vers i denne lange songen. Det har kome ei uro over meg, og eg må gå lenger ut. Eg må ut for å kome inn i meg sjølv att, slik er det. Eg vonar de ikkje vil tenkja på dette som eit svik. Vi visste vel premissa frå starten, gjorde vi ikkje? Eg var berre ein gjest i liva dykkar, og eg treivst i dette laget, kven ville vel ikkje trivast under slike vilkår, men no er det over. På andre sida av sommaren kjem ein annan til å møta dykk her. Eg har skrive ei hugseliste, eg har vaska kaffikjelen og bore ut søpla, og eg legg att nokre posar nypesupe i skåpet. Til avskjed får de ei oppgåve av ein forfattar som var i denne spalta for ikkje lenge sidan. Det er dei siste linene i den finaste boka eg veit om nett no, og ingenting dårlegare duger i slik ei stund.

Klok på bok 671

– Victor. Fortell aldri til Torin, eller til noe menneske, hva du har sett! De trenger dette kjærlighetens rom for seg selv. Nøy deg med at du vet. At du og jeg vet. Nøy deg med at du har sett det, en eneste gang. Vit, at slikt kan skje på jorden.

Og til dykk: Vit kva Victor har sett, vit kven som snakkar, vit kven som har skrive dette og i kva roman. Svara skal som alltid til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, eller til klok@ dagogtid.no, eller til klokfaksen 22 41 42 10. Til slutt seier eg dykk: Vit kva som er viktig her i livet, kast ikkje bort tida dykkar på tøys og tull og falske ideal. Ha ein god sommar, kloke vener. Ha mange gode somrar. Tenk på meg i blant, når sola bryt gjennom skyene.
Helene Myrbråten

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |