Dag og Tid nr. 28, laurdag 10. juli 2004

Bøker:
Underleg og inderleg
I Forsiktig Glass lukkast Ingeborg Arvola på ein imponerande og truverdig måte i å fange tankeverda til eit barn.

Ingeborg Arvola:
Forsiktig Glass
Cappelen

Det einsame, utstøytte og forsømde barnet som litterært motiv vil ein finne kor ein snur seg i litteraturhistoria. Torborg Nedreaas er ein av dei som med størst innsikt har løfta fram slike barn, ikkje berre Herdis sin lagnad, men også andre bortkomne utanfor fellesskapet, for eksempel tyskarungane straks etter krigen. Også taterungen sin lagnad har ho skildra på ein måte som gir lesaren vit og forstand.

I ein slik samanheng kan ein også lese Ingeborg Arvola sin siste roman, Forsiktig Glass. Tittelen i seg sjølv viser til noko skjørt og lett knuseleg, og den vesle forteljaren, ein jentunge på fem-seks år, har det da heller ikkje så greitt. Samtidig er ikkje framstillinga lagt ut i eit tragisk konsept, snarare er tragedien dempa ned gjennom humor og pussige formuleringar lagt i munnen til forteljaren, slik at lesaren blir lurt inn i det komiske samtidig som han les om det tragiske.

Same skriveteknikken finn ein også i Arvolas førre roman Straffe. Det er nettopp dette som gir ho ei spesiell stemme i den unge samtidslitteraturen, for Arvola er berre 30 år, og årets roman er den femte boka hennes og truleg den beste, den som går djupast i å skildre outsidaren, anten det er barn eller vaksne.

Barneblikket
Handlinga er lagt til Finnmark rundt 1980, men det geografiske er heilt perifert i perspektivet til forteljaren. Perspektivet er blikket til barnet på det kunstnarkollektivet ho veks opp i, der ho på mange måtar blir ei pakke som blir slengd hit og dit.
Framstillinga er fragmentert og skisseaktig, delt opp i korte og ganske frittståande kapittel der observasjonane og fantaseringa til barnet rundt dei mange og namnlause vaksne blir berebjelken i teksten. Ho er ein usynleg spion som rapporterer til lesaren, og ein får lyst til å ta den vesle jenta på fanget og prøve å gi henne ein samanheng ho kan forhalde seg til. Ho vil så gjerne bli sett, bli lagt merke til, men plassen hennar er utanfor den vaksne sirkelen. Det gjer henne frustrert, redd og engsteleg samtidig som ho blir ganske robust, for ho oppdreg seg sjølv og lærer seg å overleve på sin spesielle måte. Hennes overlevingsteknikk blir utagering, ho blir ein umogleg unge, ho hemnar seg på leiker, på kjæledyr ho får, på andre ungar og på dei vaksne. Ho øydelegg ting utan skruplar eller dårleg samvit: «Jeg klipper armene av en jakke i gangen.» Under denne handlinga ligg sjølvsagt hennes eigen amputerte barndom.

Lengt og sakn
Gjennom barnet får ein også eit visst innsyn i vaksenverda, nokså upåliteleg, men ein skjøner at tilværet til tider kan vere ganske turbulent, med krangling, festing, fyll og spetakkel. Dei blir kasta ut og må flytte, av og til er dei på landet, men for det meste i ein eller annan by der nord. Lengten etter og saknet av det trygge, blir dermed sentralt i romanen, men det trygge finst ikkje i kollektivet anna enn som sjeldne hendingar på sengekanten. Det er ikkje som hos tanta og onkelen, dei som bestandig er på same staden, dei som tar henne på fanget: «Armene hennes er myke og varme som vinterskjerf.»

Gjennom den naivistiske stilen prøver språket å fange inn barnets tankeverd, barnets logikk og særeigne klokskap, og Arvola lykkast på ein imponerande og truverdig måte. Pussige tankesprang, rare koblingar, den totale konsentrasjonen og mangelen på konsentrasjon er typiske trekk ved barnets måte å oppleve verda på. Slik oppstår det ei underleggjering og ei inderleggjering på same tid; og nettopp det er det fine ved denne teksten som faktisk er svært sår og trist, men som også har plass for gleda og latteren.

Dei ti fremste samtidsforfattarane under 35 år blei kåra for kort tid sidan. Ingeborg Arvola var ikkje på den lista, heller ikkje Bjarte Breiteig. Det viser kor tilfeldige slike kåringar er, for begge ville ha forsvart ein plass på lista.
Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |