Dag og Tid nr. 27, laurdag 3. juli 2004
Media:
Terrorisme i tv-format
Maskerte terroristar med hjelpelause gissel har vorte eit kjent syn på tv. Er tv-kanalane reine mikrofonstativ for terroristane?
Kjetil A. Brottveit
Gisselaksjonar i Irak har fått mykje mediemerksemd den siste tida. TV 2 viste til dømes bilete av amerikanaren Nicholas Berg rett før han vart drepen, og av sørkoreanaren Kim Sun-Il som bad for livet sitt.
Visinga av videoane terroristane sender ut, er med på å gjere aksjonane vellukka, seier forskingsassistent Anders Romarheim ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt.
Terroristane vel aksjonsformer dei har suksess med. Dersom dei får sendt ut videoar med bilete av redde gislar og lyd der dei skrik ut bodskapen sin, trur eg terroristane er nokså nøgde med gjennomslaget, seier Romarheim, som har propaganda og terrorisme som spesialfelt.
Får bodskapen fram
Til skilnad frå mange andre terroristgrupper er al-Qaida svært oppfinnsame, om ein vil bruke eit slikt ord, i val av aksjonsformer. Føremålet er å få mediemerksemd og spreie frykt, og gisselaksjonane i Irak har verka svært effektivt. Sivile utanlandske operatørar kvir seg for å reise til regionen, og attoppbygginga av Irak vert svært vanskeleg. Eit av dei overordna måla til al-Qaida er å få dei vantru ut av dei muslimske landa; dette gjeld òg til dømes Saudi-Arabia, seier Romarheim.
Kvifor trur du norske tv-kanalar likevel viser slike bilete?
Eg trur det går noko fort føre seg. Brynjar Lia ved Forsvarets Forskningsinstitutt har vore inne på at konkurransen mellom kanalane kan spele ei rolle. «Dersom vi ikkje viser det, gjer konkurrenten det.» Dette er dessutan ein heilt ny type stoff som kan trollbinde, og eg veit ikkje om tv-kanalane har rokke å ha dei nødvendige debattane enno. Dei treng ein fastlagd etikk som gjer dei i stand til å møte moralske dilemma undervegs og bør stå for ei anna redaksjonell linje enn den arabiske kanalen al-Jazeera. Den kanalen er verkeleg eit mikrofonstativ for terroristane.
Sjokkeffekt
TV 2 viste lyd og bilete frå rett før amerikanaren Nicholas Berg vart drepen av terroristar. Bileta synte korleis drapsmennene trekte fram mordvåpenet, la Berg over på sida, og det oppstod ein del tumultar. Denne saka er klaga inn til Pressens Faglige Utvalg.
Dette er to ulike diskusjonar, om ein skal late vere å vise noko fordi det er sjokkerande, eller fordi ein kan verte talerøyr for terroristane. Eg meiner at visinga av Berg-videoen kryssa båe grensene, seier Romarheim.
Kan ein forsvare å vise bilete av gislar som ber for livet deira, rett og slett fordi det kan berge livet deira?
Det er eit svært vanskeleg spørsmål, og eg lurer på kva medievitarane meiner om dette. Ei slik grunngjeving kan òg skape ein farleg presedens. Media kan kome i ei rolle som syndebukk: «Kvifor gjorde de ikkje meir?» Eg ser ikkje at media har ei slik plikt, og det er nok ikkje eit ansvar dei bør ta på seg, seier Romarheim.
Viktig og relevant
Redaksjonssjefen for utanriksavdelinga i TV 2, Øystein Bogen, tek ingen sjølvkritikk:
Vi har vurdert sakene du nemner, som så store og viktige at vi har vist dei som ein del av kontrakten vår med sjåarane, seier Bogen.
Er det ikkje å spele på lag med terroristane å vise slike videoar?
Er det å spele på lag med terroristane å vise flya som krasja inn i World Trade Center? Sjølv om ein del av føremålet til terroristane er å kommunisere via media på denne måten, kan ikkje vi late vere å vise hendingane. Det er store, internasjonale nyhende som er viktige og relevante i det generelle nyhendebiletet.
Dersom de går etter eit kriterium for kva som er viktig er det ikkje då nok å fortelje om kva som pågår?
Tv er og blir et medium for levande bilete. Vi kan ikkje late vere å vise sjåarane våre levande bilete frå dagsaktuelle og viktige hendingar fordi nokon kanskje kan oppleve bodskapen som ubehageleg. Vi opplyser jo dessutan alltid om at slike bilete er tekne og distribuerte av terroristane sjølve. Generelt skal det mykje til før vi let vere å sende bilete som er viktige og interessante, så lenge bileta finst.
Alt tyder på at terroristane regisserer terrorhandlingar som er tilpassa dramaturgien i media. Har ikkje tv-kanalar eit ansvar for å hindre terroristar i å kommunisere på denne måten?
For å ta Nicholas Berg-videoen, som var retta mot USA: Eg kan ikkje sjå at TV 2 er spesielt relevante for amerikanske styresmakter.
Dersom ein nordmann hadde vorte teken til gissel, kunne norske styresmakter ha sett det på tv?
Det ville ha vore usmakeleg å gå inn i ei etisk vurdering om kva vi skulle ha gjort i eit slikt tenkt tilfelle.
Terroristane prøver vel å påverke folk, ikkje berre i heimlanda til gislar, men over heile verda?
Eg trur ikkje mange av sjåarane våre finn bodskapen til desse islamistiske gruppene tiltalande, sjølv om dei slepp til på skjermen. Det å skjere halsen over på ein mann for å propagandere ein politisk bodskap, er truleg ein type åtferd som svært få menneske kan støtte. I tilfellet med Berg, og fleire andre liknande høve, vil bilete betre enn ord eksponere råskapen og barbariet hjå gisseltakarane, og dermed kanskje hjelpe sjåarane til å forstå kva som skjer og kva terroristane verkeleg står for.
Dette er nyhende
Anders Romarheim ved NUPI meiner at dei etiske vurderingane sviktar når de viser slike bilete?
Eg kjenner ikkje til kva Romarheim har sagt, men har vanskeleg for å tru at TV 2 er i ei særstilling. Har han òg gått til åtak på CNN, BBC, NRK og andre som har vist slike bilete?
Ja, overfor Dagbladet nemner han alle desse kanalane, men seier at al-Jazeera er desidert verst. Men i Noreg er det ikkje tvil om at TV 2 har vist meir enn NRK av gisselbilete.
Eg ser ikkje relevansen av eit åtak som går på kor mange sekund ein viser. Dette er nyhende. Om vi viser eitt og eit halvt sekund meir enn NRK, set oss ikkje i ei særstilling etisk sett.
Videoen med avrettinga av Nicholas Berg vart klaga inn til PFU. Korleis kommenterer du dette?
Det var rett og forsvarleg å vise delar av denne videoen, og eg kan ikkje sjå at dette er eit presseetisk overtramp. Det høyrer meir under det estetiske domenet. Utover dette får vi avvente kva PFU kjem fram til.
Har de justert linja for kva de vil og kan vise undervegs i denne perioden med mange kidnappingar?
Nei, dei etiske vurderingane våre ligg fast. Vi har vist det vi meiner er viktig og rett å vise. Ei anna sak er at når det vert så mange slike aksjonar, vert nyhendeinteressa mindre. Det kan difor hende at vi vil vise mindre av slikt i vekene og månadene som kjem, seier Bogen.
|