Dag og Tid nr. 27, laurdag 3. juli 2004

Roald Helgheim:
Ein ny jobb for Paul Bemer

Det er noko djupt uverkeleg over det som hender. Etter 15 månader med okkupasjon inviterer den amerikanske statthaldaren i Bagdad til maktovertaking nesten i løynd. På eit lite kontor ser vi Paul Bremer overlevere nokre saksmapper til nokre byråkratar, om lag som når media blir inviterte til overleveringa av ei komiteinnstilling. Flyet hans står klart, og han er ute av landet før verda får sukk for seg. Offisielt vart maktovertakinga framskunda for å unngå «blodbad» i gatene. Det er ynkeleg. Det var på slagskipet Abraham Lincoln krigen skulle vore avslutta 1. mai i fjor, sigeren vunnen og gjenreising av land og regime skulle byrje, etter at presidenten i full militær flygarmundur kunngjorde at no var slaget over.

Sidan då har vi mista teljinga over kor mange som er drepne, vi har blitt immune mot meldingar om fleire tital døde om dagen. Men vips, så skulle det heile vere over. Tilfeldigvis ser eg det på svensk formiddagsfjernsyn, der ankerkvinna i Rapport spør den faste utanrikskommentatoren om kva som blir skilnaden. «I praktiken ingen ting», svarar han. Landet er like okkupert som før, og USA kjem til å bli lenge i landet. Det viktigaste nye er at okkupantane på rekordtid fekk med seg både FN og Nato som medansvarlege for framtida. Det sikraste vi veit, er at fangen Saddam Hussein rettsleg sett er overlevert til eit regime som har kunngjort at dei vil gjeninnføre dødsstraff. Men kva skal USA finne på no? Er dette nok for Bush til å vinne valet?

I august i fjor var det femti år sidan britisk og amerikansk etterretning hjelpte iranske offiserar og ein vaklevoren Mohammad Reza Shah Pahlavi til å styrte den demokratisk valde statsminister Mohammad Mosaddeq. Offisielt var CIA-kuppet ein genuint iransk reaksjon på kommunistfaren. I røynda var årsaka Mosaddeqs planar om å nasjonalisere oljen i landet, og USA og Storbritannia si redsle for å tape ein viktig base i den arabiske verda. Då den iranske fredsprisvinnaren Shiran Ibadi var i Norge i fjor, sa ho til alle media som ville høyre, at det var USA som med dette kuppet i 1953 øydela Iran, og førde landet inn i det politiske uføret det har lidd under sidan. Iran var landet som kunne ha vore ein sjølvstendig, fredsskapande politisk faktor i eit turbulent område av verda.  

Det er skrive mange bøker om dette kuppet, og nye kjem til. Stephens Kinzers All The Shah’s Men har vore omtalt i denne spalta før. Alt i 1954 skreiv ein av sjefsplanleggjarane i CIA, Donald Wilber, ein rapport som i 2000 vart offentleggjord av New York Times og den uavhengige institusjonen The National Security Archive. I tillegg til å dokumentere CIA-operasjonane i detalj, byr han på slike godbitar som at då sjahen, av redsle for å miste påfugltrona si, vegra seg mot å signere CIA-skrivne kongelege dekret om styringsskifte. Då bad CIA søstera hans, prinsesse Ashraf Pahlevi, og den amerikanske generalen H. Norman Schwarzkopf, om å prøve å snakke den redde sjahen til rette. Schwarzkopf? Nettopp: Generalen var far til den seinare øvstkommanderande under Golfkrigen i 1991!

National Security Archive har vore fremst i arbeidet for å få nedgradert og publisert tidlegare topphemmelege politiske dokument av alle slag, ikkje minst om amerikansk politikk i Sør-Amerika og Indokina. Regelmessig sender dei ut elektroniske nyhendebrev, og siste tilskot til Iran-kapitlet er dokument frå det amerikanske tryggingsutvalet både under president Truman og Eisenhower, som tok over i kuppåret 1953. Dokumentasjonen er ein del av boka Mohammad Mosaddeq and the 1953 Coup In Iran.

President Harry S. Truman og utanriksminister Dean Acheson var meir atterhaldne enn etterfølgjarane, general Eisenhower og utanriksministeren John Foster Dulles. Dulles var far til dominoteorien (om at landa ville falle som dominobrikker for kommunismen), og bror til den nye CIA-sjefen Allen Dulles. I London hadde det også vore regimeskifte, då Churchill i 1952 tok over etter labour-mannen Clement Attlee. Det er såleis historisk sus over koalisjonen mellom Washington og London, som då stod bak eit ulovleg statskupp, og i dag fører ein ulovleg krig i Irak. Siste gong Iran-saka var oppe i Det nasjonale tryggingsrådet til Truman, var 20. november 1952. Den kommunistiske faren både frå Sovjet og det iranske kommunistpartiet Tudeh hang som ei trugande sky over forsamlinga, men det var alltid Iran som trugsmål mot USA sin tryggleik som var i sentrum, også når ein vurderte regimet til Mosaddeq og nasjonalistpartiet hans. Tiltaka som vart drøfta, er vidareutvikla av tryggingsrådet til det nye USA-regimet, i eit memorandum frå 20. mars 1953, inkludert den verste eventualiteten, ei «kommunistisk maktovertaking» i Iran. Heile katalogen av politisk og økonomisk infiltrasjon er med, men godbitane om alle dekkoperasjonane til CIA står i Zendebad, Shah!, ein 139 siders CIA-rapport om 1953, som berre er delvis nedgradert.

Uansett vart enden på visa at kuppet vart gjennomført i august 1953, Mosaddeq rømde frå kontora sine 19. mars om ettermiddagen og vart arrestert på taket. Kuppgeneral Fazlollah Zahedi kom til kringkastingshuset i stridsvogn og kunngjorde at han var den lovlege statsministeren i landet.
Resten er historie. Sjahen som først stakk av, vende attende til påfugltrona si. Der vart han sitjande til Khomeini, som også hadde vore i opposisjon til Mosaddeq, velta han i 1979. Sett frå Washington er Iran no attende i ein vond akse. Har dei byrja å trene opp Paul Bremer til ein ny jobb?

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |