Dag og Tid nr. 27, laurdag 3. juli 2004

Utanriks:
Den vanskelege freden  i Kosovo
Fem år etter Kosovo-krigen står problema framleis i kø i provinsen. Kosovo er enno ikkje i nærleiken av å vera eit verkeleg fungerande samfunn.
Eva Aalberg Undheim

Opptøyane som braut ut i byen Mitrovica i Kosovo 17. mars i år, synte tydeleg at provinsen framleis er langt frå å vera eit fredeleg, fungerande multietnisk samfunn. Rundt 4000 serbarar vart drivne på flukt, og hundrevis av serbiske hus og kyrkjer vart øydelagde. Aggresjonen retta seg òg til dels mot FN.
Spenninga mellom kosovoalbanarane og dei serbarane som er att i Kosovo, er langt frå det einaste problemet provinsen strir med. Også økonomisk, juridisk og politisk har Kosovo langt att for å kunna kallast eit ordentleg samfunn.
«Det internasjonale samfunnet har skjøvet ansvaret for Kosovo fra seg. Man kan ikke utelukke at Kosovo igjen eksploderer. Opptøyene tidligere i år var et forvarsel», sa Thorbjørn Jagland nyleg til Aftenposten. «EU og USA framstår som utan handlekraft i Kosovo», skreiv Stian Christensen, styremedlem i Norges Fredsråd, i ein kronikk i Morgenbladet i slutten av mai. Mange kommentatorar deler denne kritikken. Kva er det som har skore seg i Kosovo?

Misnøye
Kosovo vert no styrt gjennom FN-organisasjonen UNMIK. I desember 1999 etablerte UNMIK ein førebels styringsstruktur i Kosovo, sett saman av både lokale og internasjonale aktørar. Tanken var at dei internasjonale representantane etter kvart skulle bytast ut med lokale representantar.

Ifølgje Izabella Karlowicz, pressetalskvinne for FN i Kosovo, har lokale domstolar no overteke alle rettssaker – med viktige unnatak for saker som gjeld krigsbrotsverk, etniske konfliktar, organisert kriminalitet og terrorisme. 60 prosent av politistyrken ligg i dag i lokale hender, og lokale styresmakter har overteke styringa over område som helse og utdanning.

– Mandatet vårt er å sørgja for at Kosovo er eit trygt samfunn, så godt det let seg gjera. Difor ville det til dømes ikkje vore mogleg å lata lokale domstolar døma i rettssaker som gjeld etniske konfliktar slik tilhøva er no, fortel Karlowicz.  Blant kosovoalbanarane er det stor misnøye med utviklinga på dette området. Dei synest det går for seint.
– Dei viktige styringsområda i Kosovo er enno reserverte for UNMIK. Det internasjonale samfunnet er ikkje interessert i å endra på situasjonen, hevdar kosovoalbanske Osman Disha. Han var tidlegare ein kjend sportskommentator for albansk tv i Kosovo, og kom som flyktning til Noreg i 1992. No er han informasjonsmedarbeidar i Statens forvaltningsteneste.  

Journalist og Serbia-korrespondent Dag Halvorsen har også merka misnøya mot den internasjonale administrasjonen i Kosovo.  
– Det er svært tydeleg at folk i Kosovo no er imot UNMIK. Ikkje minst synte opprøra i mars dette. Då vart rundt 100 FN-køyretøy øydelagde, påpeiker han.
At Noregs Nato-ambassadør Kai Eide no er sett til å granska den politiske krisa i Kosovo, ser Halvorsen som teikn på at ein har innsett at ein har gjort feil undervegs.

Manglar kontroll
Serbiske Ljubisa Rajic, professor i nordisk språk og litteratur ved universitetet i Beograd, meiner det internasjonale samfunnet manglar kontroll i Kosovo.
– Forutan Nato er det mafiaen som har makta i Kosovo i dag. Det internasjonale samfunnet har ikkje gjort nokon ting, verken for å nedkjempa den organiserte kriminaliteten eller for å byggja opp eit fungerande statsapparat. Dei vel å unngå konflikt for ein kvar pris og vonar ting skal ordna seg av seg sjølv, hevdar Rajic.

Den sterke nasjonalismen blant både serbarar og albanarar er framleis eit hovudproblem i Kosovo, påpeikar NTB-journalist Kjell Arild Nilsen, som har hatt Balkan som spesialfelt i 12 år. Han fortel at fleire av dei som sit ved makta i Kosovo i dag, var svært aktive i krigen mot serbarane på slutten av 90-talet. Den gong var dei medlemmer av den no oppløyste og forbodne UCK-geriljaen.

– Samstundes veks nasjonalismen i Serbia. Den sitjande regjeringa til Vojislav Kostunica er svært nasjonalistisk. I tillegg var det ein radikal nasjonalist, Tomislav Nikolic, som fekk flest røyster under fyrste omgang av presidentvalet i Serbia, seier Nilsen.
– Kritikken mot FN er nok rettmessig, men er i seg sjølv inga forklaring på kvifor serbarane og kosovoalbanarane går til åtak på kvarandre. Hovudproblemet i Kosovo er at ingen av sidene har teke oppgjer med sin eigen nasjonalisme.  

– Skyv problemet fram
Kosovo er eit av dei fattigaste områda i Europa. Ei arbeidsløyse på opp mot 60 prosent skaper sterk frustrasjon i befolkninga. Kosovoalbanske Osman Disha meiner den vanskelege sosiale og økonomiske situasjonen fører til apati i Kosovo.
– Statusen som internasjonalt protektorat gjer provinsen til eit vakuum, både politisk, administrativt og økonomisk. Provinsen manglar investeringar, industri og arbeidsplassar. Så lenge den framtidige statusen ikkje vert eintydig definert, vil heller ingen utanlandske investorar ta sjansen på å satsa i Kosovo, hevdar han.

Serbiske Ljubisa Rajic er ikkje heilt samd i den analysen.
– Statusen som protektorat er i augneblinken den einaste moglege løysinga, men det internasjonale samfunnet må bruka makta dei har til å skapa faste spelereglar. Ingen vil investera i eit land der spelereglane ikkje fungerer. Sjå berre på Serbia, der investorane no trekkjer seg ut fordi spelereglane er uklåre, poengterer Rajic og legg til:
– Om Kosovo skal lausrivast eller halda fram med å vera ein del av Serbia, speler inga rolle. Det avgjerande er at ein har ein klar og tydeleg formulert plan.

Standard og status
Sidan opprøra i mars har tilhøva i Kosovo vore oppe til diskusjon i Tryggingsrådet i FN. Der vart det slått fast at ein ikkje er viljug til å diskutera Kosovos framtidige status før provinsen oppfyller visse standardar. Med formuleringa «Standards before status» vert det sett krav til dei lokale styresmaktene i Kosovo om mellom anna å skapa demokratiske institusjonar, sikra minoritetsrettar, halda frie og rettvise val, etablera eit upartisk lovsystem og skapa ein økonomi som fungerer.

– Dette er nok ikkje så dumt, kommenterer Svein Mønnesland, professor ved Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar, Universitetet i Oslo.
– Kosovoalbanarane ynskjer fullstendig sjølvstyre. Men då må dei syna at dei er mogne for det, hevdar han.
Mønnesland meiner at opprøra i mars var eit langt steg attende for albanarane si sak. Likevel meiner han det internasjonale samfunnet burde vore klarare med omsyn til framtida. Han trur ein klart definert framtidig status for provinsen ville vore ein motivasjonsfaktor for å få orden på samfunnet.

Ljubisa Rajic er heller ikkje imponert over denne handsaminga.
– Det nyttar ikkje å snakka om demokratiske institusjonar når ein ikkje klarer å koma med ei løysing på dei konkrete problema. Kosovo treng ikkje fyrst og fremst demokratiske institusjonar, men fungerande institusjonar og eit regelverk som vert oppretthalde, avsluttar Rajic.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |