Dag og Tid nr. 27, laurdag 3. juli 2004

Klok på bok 670:
Når’n Johan kjem

Di eldre tekstar eg finn fram til dykk, kløktige klokskallar, di fleire svar får eg. Når den dagen kjem at eg hentar klok-oppgåve frå Gilgamesj-eposet, må eg truleg kalla attende ikkje berre Barrabass, men Dale-Oskar, Paula på posta, Peder Oxe og Abisjag for å få lese gjennom alt de har å fortelja meg.
Men i dag er berre eg her. Eg og de, i desse lyse dagane og nettene som ikkje løyner noko menneske imellom. Ikkje anna enn kven den opphavlege forfattaren var av teksten i Klok på bok 668. Og ja, det var ei lureoppgåve. Til dels, i alle fall. Om nokon av dykk hadde kome opp med svar på forfattar, måtte vi sporenstreks ha ringt tusentipset på alle nordiskinstitutt i verda. (Men tastefeilen som hadde lurt seg med i oppgåva, og som somme av dykk er frekke nok til å påpeika, og andre er taktfulle nok til å teia om, må eg ta på mi eiga flekkete, gamle kappe. Berre så det er sagt.)

«Dette er strofe nr. 6 frå Balders draumar eller Vegtamskvida frå Den eldre Edda i Ivar Mortensson-Egnunds klassiske om-setjing frå norrønt til landsmål. Eg visste dette var frå Edda, for det høyrer til ‘barnelærdomen’ frå den høgaste lærestolen i Bergen frå 1960-talet«
, fortel Joar Stegane.
Og særleg høgare enn Bergen på 1960-talet kjem ein ikkje, kan eg føya til. Det måtte i så fall vera Bergen på 70-talet, men eg tvilar. Her kjem nokre fleire detaljar:

«Snorre Sturlason skreiv dette ned om lag 1220. Omsetjaren er Ivar Mortensson-Egnund, og første utgåva kom i 1905. Vegtamr (den vegvande) er eitt av namna til Odin. Han for til Hel for å få ei volve til å fortelja lagnaden til Balder etter dei vonde draumane hans. Korleis gjekk det? Fekk Odin vita det han var ute etter? Det er det sikkert mange vyrde norrønfilologar som vil seia noko om. Eg stoppar her»
, skriv Bergljot Selvåg.

Ho har aldeles rett. Norrønfilologane er ikkje til å stogga når dei først kjem i siget, anten dei er norrønfilologar av yrke, overtyding, legning eller livsstil. Køyr berre på du, Anstein Lohndal:
«Tidenda frå Hel gjeld Balders lagnad, for han ‘møddest med mørke draumar’ – førevarsel om at han kunne verta drepen. Etter rådlegging mellom gudane på tinget reid Odin til Helheimen, og ‘austan om dør’ der vekte han opp ei død volve (spåkvinne) og fekk av henne kunnskap om Balders lagnad, at han skal verta drepen av Hod og hemna av Våle. Men Odin vil vita meir om framtida for gudar og menneske. Han kjem med eit så vanskeleg og alvorleg spørsmål at volva skjønar kven ho talar med og nektar å fortelja meir. Når gudeheimen og menneskeverda går under i Ragnarok, er Odin velkomen attende til Hel, seier ho til avskil før ho sig attende i grava si. Det var kjekt å få ei slik oppgåve! Det gjev meirsmak», forsikrar Lohndal.
Og når han attpåtil er klok-vinnar denne veka, blir vel neppe meirsmaken mindre.

Om forfattaren er eit mysterium i dette høvet, har Kari Nord ting å fortelja om oppbevaringa av soga og om korleis ho fekk bunden form og kom attende på si rette hylle:
«Ein reknar at desse eddadikta er blitt til i tidsrommet 700 – 1050, i Noreg og på Island. Dei vart nedskrivne i ei skinnbok på Island i annan halvdel av 1200-talet. Denne boka fekk seinare tilnamnet Codex regius fordi ho vart gitt til danskekongen Fredrik III i 1643. Island fekk ho att i 1971. Ho er også blitt kalla Sæmunds Edda. Ein meinte tidlegare at Sæmund Frode, ein lærd islending (ca. 1036 – 1133), hadde stått for samling og nedskriving av dikta.Var det meir? Tidend frå Hel? Det måtte vere at ragnarok har kome om lag 1000 år nærare», skriv Nord, og eg kjenner skuggen frå syrinen smyga seg sakte ned langsmed ryggrada mi. Urff! Steinar Teigen, kom inn, Steinar Teigen, og gje meg eit anna perspektiv på tilværet:

«Fantomet tar ofte på seg hatt og frakk og rir ut av sitt paradis og inn til sivilisasjonen under navnet Mr. Walker. I denne teksten er det Odin som med aliaset Vegtam tar turen til Helheim for å løse en sak»
, skriv Teigen. Bra! Eg kjenner skuggen krympa. Litt til av slikt, Teigen, så blir han borte: «PS. Med et postnummer som mitt skulle en kanskje tro jeg hadde nyheter fra Skyggeriket, Helene, men jeg bor ikke i Hel- bare i Oslo. Lev vel.» Slik kvad Steinar Teigen, 0666 Oslo.

Og syrinskuggen kravlar attende til Hel, eller kor han no kom frå. Dermed summar eg meg, og helsar til kloke Kristin Fuglø, Kjellfrid Alme, Gudlaug Nedrelid, Karen Brørvik, Ingrid Lomholt (som har tuska seg til nettilgang i Paris), Gyro, Knut og Lisbeth ved frukostbordet i Valle, Karl Johan Grønning (som elskar sommaren), Astrid Dahslveen (som las vidare i Edda), Maj Voss (som sende det finaste kortet) – og mange fleire med dykk! Her kjem neste oppgåve, som er omtrent tusen år vanskelegare:

Klok på bok 670

Har du i dine levedager møt noe så morosamt som han Johan Møllerstugun? Det er det såmmå å kjedt det er på lordagsfesten, når’n Johan kjem, så blir det leik og leven med en gong. Han finn på det eine etter det andre. Og når ingen tør å angasjere og vara fysst på golvet, så tek’n Johan med seg a Lovise Kaffekoker og brasa i vegen!

Kven skreiv dette, og når stod teksten første gong på trykk i kva for ei avis? Svar meg, morosame gutar og galne jenter! Skriv til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, til klok@dagogtid.no eller send faks til 22 41 42 10. Eg vil dansa med dykk.
Helene Myrbråten

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |