Dag og Tid nr. 27, laurdag 3. juli 2004
Politikk:
Håpar KrF tek til vitet
Senterparti-leiar Åslaug Haga snakkar med Ap og SV om regjeringssamarbeid. Men i grunnen kjenner ho framleis sterkare slektskap med KrF.
Kjetil A. Brottveit
Senterpartiet må ha eit valresultat på over 5,6 prosent, og Arbeidarpartiet må liggje unna EU-saka. Dette er to av vilkåra for at Sp kan regjere saman med Ap og SV etter valet. Åslaug Haga forklårar valet av nye allierte med endringar i det politiske landskapet.
Kvifor er eit samarbeid med Ap og SV tenleg for Senterpartiet?
Eit samarbeid fordrar at veljarane gjev dei tre partia fleirtal på Stortinget og at Ap legg EU-saka til side. For vår del må vi ha noko større oppslutnad enn vi fekk førre gong. Dersom vi skal forhandle om ei regjeringsplattform, er det viktig at vi kan få eit visst gjennomslag.
Men kva saker er viktigast for dykk?
Ein offensiv distriktspolitikk, ei anna tilnærming til landbruks- og fiskeripolitikken og ein heilt annan fordelingspolitikk. Vi vil dessutan flytte makt frå marknaden til folkevalde organ, til dømes innanfor sjukehussektoren. Dersom vi hamnar på vippen, ein situasjon vi fort kan kome i, må vi vurdere korleis vi best kan få gjennom synet vårt.
Vil det seie at du heller vil ha eit Sp på vippen enn å delta i regjering?
Nei, av erfaring veit vi at det er ønskjeleg å vere i regjeringsposisjon. Då kan ein setje dagsorden på ein heilt annan måte. Men eg vil understreke at det må verte ei fleirtalsregjering, både fordi ein då kan føre ein langsiktig politikk, og fordi det vert lettare for veljarane å sjå kven som sit med ansvaret. I dag vert altfor mykje ansvar flytta frå regjeringa til Stortinget, og det vert uklårt kven som styrer politikken. Dette fører til apati.
Det er forståeleg at Sp ynskjer å vere i medgang for å gå inn i ei regjering, men å krevje ein talfesta oppslutnad er eit grep som har slått uheldig ut for andre før?
Eg har aldri talfesta noko, det er det Nationen som har gjort. Eg sa at vi burde vere større enn sist, og dermed har dei rekna seg fram til denne magiske grensa.
Deltakinga dykkar i ei slik regjering kjem an på om Ap legg EU-saka til side. Det er ikkje mykje som tyder på det?
Dette er det opp til Ap å finne ut av. Eg ser at dei prøver å ha båe alternativ opne fram til neste år. Dersom dei går inn for å sende inn ein EU-søknad i løpet av neste stortingsperiode, vert ikkje vi med på eit sentrum-venstre-samarbeid.
EU er eit sprengstoff som har ført til at Senterpartiet har gått ut av regjeringar før. Er det ikkje fåfengt å samarbeide med eit ja-parti?
Dersom landsmøtet i Ap neste vår finn ut at dei vil søkje medlemskap i perioden, har eit samarbeid med oss ikkje noko føre seg.
Men sjølv om dei let saka liggje, er de grunnleggjande usamde i spørsmålet?
Vi kan ikkje seie frå oss eit høve til å drive fornuftig politikk, sjølv om vi er usamde med dei vi samarbeider med. Så lenge medlemskap ikkje er på dagsordenen, er det til å leve med.
Ordet sosialisme er truleg ein raud klut for mange i det som er att av grunnfjellet i Sp. Er eit samarbeid med SV og Ap lurt med omsyn til dette?
Sp er eit sentrumsparti, og det vil vi alltid vere. Vi tek konsekvensen av korleis det politiske landskapet er no. Høgre har vorte svært marknadsliberalistisk og fjernt frå bunads-Høgre som mange kjenner frå bygda. Eit parti som fører ein politikk som er totalt på tvers av det vi står for, blant anna med tanke på kysten, landbruket og miljøet, er ingen samarbeidspartnar for Sp.
Men mange vil seie at KrF står nærare Sp enn Ap og SV gjer?
Ja, og vi håpar KrF tek til fornuft og vert med på eit samarbeid fram mot stortingsvalet. I 2001 gjekk vi til val saman på ei sentrumsregjering. KrF og Venstre braut ut og valde Høgre, og dette har ført til ei historisk høgredreiing i norsk politikk. Eg trur mange KrF-veljarar trivst dårleg i dette landskapet.
Gro Harlem Brundtland omtala det nye regjeringsalternativet som sosialistisk. Kva tykkjer du om dette ordvalet?
Eg liker sjølvsagt ikkje det. Men ordet sosialisme er det nok mange i Ap som ikkje liker heller.
|