Dag og Tid nr. 25, laurdag 19. juni 2004

Utanriks:
Verda er stadig splitta om Kyoto-avtalen
Dei menneskeskapte klimaendringane er kanskje det største trugsmålet verda står overfor. Men stormaktene i verda har høgst ulike perspektiv på kva som bør gjerast.

Kina vil fornye seg

Eit Kina i økonomisk framgang har store miljøutfordringar. 66 prosent av energiforsyninga er basert på kol, 23 prosent på olje, og det mest folkerike landet i verda er også eit av dei landa som ureinar mest.
Det er all grunn til å tru at kolet blir den viktigaste energikjelda i lang tid framover, og den raskt veksande bilparken i Kina får forbruket av olje til å stige dramatisk. Landet er under sterkt press frå resten av verda, og kinesiske forskarar arbeider med å finne ut korleis ein kan redusere skadeverknadene.

Alternative energikjelder er ei av dei løysingane som den kinesiske regjeringa satsar mest på. I dag står slike energikjelder for berre ein prosent av den totale energiforsyninga i verda. Kina ligg etter, ikkje berre i høve til dei rike i-landa, men også i høve til land som Brasil og India.
Men no har den kinesiske regjeringa teke tak i problemet og har sett seg som mål å skaffe 12 prosent av energien frå alternative kjelder. Vindkraft peikar seg ut, og Greenpeace har rekna ut at vinden kan gje meir energi enn all den elektrisiteten Kina produserer i dag. Vindkrafta kan neppe løyse kraftkrisa i dei store industribyane i Kina. Men ho kan få mykje å seie i dei meir isolerte provinsane, som til dels ligg utanfor det elektriske forsyningsnettet.

Russland sel seg dyrt

Russarane nøler med å ratifisere Kyoto-protokollen som landet slutta seg til for sju år sidan. Målet for protokollen er å redde planeten frå global oppvarming, og Russland speler ei nøkkelrolle for å gjere avtala gjeldande. Kyoto-protokollen vil først bli bindande når land som står for 55 prosent av klimagassane, har ratifisert han. I dag har ein nådd 44 prosent, og med 17 prosent av gassutsleppa i verda kan Russland sørgje for at innhaldet i protokollen blir sett i verk.

På toppmøtet mellom EU og Russland i Moskva 21. mai i år kom president Putin med følgjande erklæring:
– Russland støttar Kyoto-prosessen, men vi kjenner ei viss uro over kva slag plikter vi tek på oss.

Kva er det som ligg bak ei slik uro? Eit av svara har å gjere med vekst: BNP i Russland har auka med svimlande 40 prosent sidan 1999, målet er 100 prosent innan 2010, og dersom protokollen blir sett i kraft, kan veksten stoppe opp.
– Protokollen er ein byråkratisk institusjon, ein religion som er like skadeleg som marxismen og som vil føre til lågare levestandard, seier Putins ønomiske rådgjevar Illariov.

På den andre sida: etter nedbygginga av den sovjetiske tungindustrien ligg utsleppa av klimagassar frå Russland i dag under nivået frå 1990. Det kan gje inntekter gjennom sal av «ureingskvotar». I tillegg vil russarane krevje «rabattar» for det oksygenet som blir produsert av dei store skogane i Sibir.
Utanrikspolitisk sett vil det vere nyttig for president Putin å ratifisere Tokyo-protokollen av di det gjev diplomatisk vinst i høve til EU. Men han vil selje seg dyrt og skaffe størst mogleg inntekt for å nå dei høge måla han har sett seg i sitt eige land.

USA: Stemningsskifte

Det er eit merkeleg samantreff: På same tid som bensinprisane når nye rekordar i USA, kjem ein ny katastrofefilm på kino der trugsmålet ikkje er terroristar eller skapningar frå verdsrommet – men global oppvarming.

Alt før filmen The Day After Tomorrow hadde nådd kinoane, var debatten i gang mellom dei som vil framstille filmen som ei grov overdriving, og dei som vonar at filmen kan skape større merksemd for miljøproblema i verda. Produksjonen har kosta 125 millionar dollar, og filmen inneheld skremmande scener av tornadoar over Los Angeles, hagl så store som grapefrukter over Tokyo og flodbølgjer i New York. Miljøvernorganisasjonen MoveOn.org og den tidlegare demokratiske presidentkandidaten Al Gore oppmodar folk til å sjå «den filmen som Det kvite huset ikkje vil at de skal sjå», og den amerikanske visepresidenten i filmen liknar påfallande på visepresident Dick Cheney.

Sjølv om ingen trur at miljøpolitikk skal bli avgjerande i den amerikanske presidentvalkampen, kan temaet bli viktig i statar som Oregon, Florida, Wisconsin og New Mexico. Bush-regjeringa blir skulda for å ha ei negativ haldning til ratifiseringa av Kyoto-protokollen, for å gje industrien fritt spelerom til å skade miljøet og for den einsidige argumentasjonen om at meir miljøvern vil føre til arbeidsløyse. Miljøvernorganisasjonar set store ressursar inn på å få vald demokraten John Kerry til ny president.

– Det finst ti millionar veljarar som er medlemmer av miljøvernorganisasjonar her i landet, og vi kan mobilisere mange røyster, seier nestleiar Mark Longabaugh i organisasjonen The League of Conservative Voters.     
Det har vore vanskeleg for amerikanske politikarar å gå til åtak på den amerikanske livsstilen, der billeg energi og låg pris på transport er ein grunnleggjande føresetnad. Men stemninga kan vere i ferd med å snu. I ei fersk meiningsmåling utførd av Yale-universitetet sa 84 prosent av dei spurde at miljøvern er eit tema dei vil leggje vekt på når dei skal røyste ved valet til hausten. 35 prosent sa at dei vil leggje stor vekt på det. Berre 20 prosent av dei spurde meinte at global oppvarming ikkje var eit alvorleg problem. Det er klare skilje mellom dei to politiske leirane: 66 prosent av demokratane meinte at noko måtte gjerast for å løyse problemet, medan berre 39 prosent av republikanarane meinte det same.

EU krev resultat

EU-kommisjonen speler rolla som pådrivar. Kommisjonen speler ei aktiv rolle for å sjå til at dei reglane for utslepp som står i Kyoto-protokollen, blir følgde av medlemslanda. Dei 25 medlemslanda har gått inn i eit tett samarbeid for å formulere eit nytt direktiv. Frå 2005 skal det kome nye reglar der det blir sett faste kvotar for utslepp av klimagassar innanfor kvar einskild industrigrein. EU-landa skal seg imellom kunne handle med desse kvotane i tråd med eit nytt regelverk.

Prosessen går ikkje heilt smertefritt. EU-kommissæren for miljø, Margot Wallstrøm, har truga med straffetiltak mot land som Frankrike, Italia og Spania av di dei ikkje har levert inn planar for nasjonale kvotar i tide. Wallstrøm hevdar også at dei planane ho har fått, ikkje er omfattande nok til å nå målet i Tokyo-protokollen: Åtte prosent nedgang i utsleppa av klimagassar innan 2012 i høve til nivået frå 1990. Dessutan har planane til EU utløyst debatt internt i fleire land, men med unntak av Silvio Berlusconi i Italia har alle regjeringssjefane i EU slutta seg til planane slik dei ligg føre. Det underliggjande problemet ligg truleg i at industrien finn det vanskeleg å godta offentlege pålegg som konkurrentane i Asia og USA slepp unna.
Einerett Le Monde/Dag og Tid
Omsett og korta ned av Thor Vardøen og Kirsten Aasheim



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |