Dag og Tid nr. 25, laurdag 19. juni 2004
Politikk:
Sidemålet står seg
Kristin Clemet har svekt den gamle «sidemålsstilen, men òg fått folk til å tenkje etter kva morsmålsundervisninga vår skal vere for, skriv Bjørn Kvalsvik Nicolaysen.
Sidemålet er styrka. Sidemålet er svekka. Nynorsken er i fare. Nynorsken har sikra posisjonen. Så ulike er oppfatningane om kva som har hendt i Stortinget under handsaminga av Stortingsmelding 30 (2003-2004), Kultur for læring. Sanninga er at lite er avgjort med fråsegna frå stortingsfleirtalet. Det står att eit stort arbeid for å sikre sidemålet i skulen, og for å utvikle norskfaget.
Fleirtalet i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og fleirtalet er alle parti unnateke Fremskrittspartiet og Simonsen, altså er alle regjeringspartia med har sett statsråd Clemet på plass. Nemleg ved å gå inn for at dei nasjonale prøvene skal innehalde oppgåver både i hovudmål og sidemål, og at dei nye fagplanane dermed må ta med kompetansemål for kvart trinn i skulen, dermed også sidemålet i dei klassestega det høyrer heime. Ved fleire høve i vår har statsråden sagt frå om at ho ikkje ville ha sidemålet med i dei nasjonale prøvene, så her har Stortinget gjort jobben sin med å setje rammer for det politiske arbeidet.
Samstundes er det høgst uklårt kva denne same Kuf-komiteen meiner med fylgjande fråsegn: «Omfanget av lesing og skriving i de to målformene i de nasjonale prøvene fastsettes etter nærmere vurdering og i samråd med de aktuelle fagmiljøene». Er det her Departementet som skal gjere vurderingar og fastsetje eit omfang? Og kven er dei aktuelle fagmiljøa? Universitet og høgskular? Det nye nasjonale senteret for lese- og skriveopplæring i Stavanger? Det komande kompetansesenteret for nynorsk i Volda? Skulane? Finn Erik Vinje? Dette må vi finne ut av.
Også eit anna punkt verkar litt mystisk: Fleirtalet «deler departementets syn på at elevenes opplæring i hovedmål er den mest omfattende del av norskfaget. Derfor må elevenes hovedmål utgjøre den største delen av den skriftlige norskeksamen i grunnskolen». Korleis ein vil gå fram for å lage prosentdelar for prøving av språkleg dugleik i våre to offisielle skriftmål, står att å sjå. Likevel, ut frå eit liknande resonnement er det gamle æressymbolet «sidemålsstilen», altså avgangseksamen i vidaregåande, no blitt trekkfag.
Eksamen i grunnskulen er berga, seier no mange. Som om det har noko som helst å seie. I heile vår har mange, særleg akademikarar og eldre karar av det slaget som kom seg fram her i verda ved å vere gode til å ta eksamenar ein gong, øst seg voldsomt opp over at Clemet ville fjerne grunnskuleeksamen i sidemålet. Stortingsfleirtalet stadfestar no at det som er att av eksamenar i grunnskulen der alt er trekk-eksamenar no for tida snart vil bli erstatta av dei nasjonale prøvene. Desse var ikkje inne i diskusjonen i det heile før på tampen av handsaminga i Stortinget.
Stortingsfleirtalet ser no ut til å ville føye Clemet i å lage nasjonale prøver for fire klassesteg fjerde, sjuande, tiande og ellevte klasse i den nye trettenårige grunnutdanninga. Å lage obligatoriske eksamenar for heile elevpopulasjonar på fire nivå i alle basisfag kvart år, blir forskrekkeleg dyrt. Kalkylane for slike kostnader har visst ingen tenkt på å skaffe fram. Og her må vel desse omtala «fagmiljøene» kome inn i biletet, får ein tru dersom der framleis finst fagmiljø med interesse for den pedagogiske utviklinga av norskfaget, då. I vår har dei fleste fagmiljøa med eit par-tre verkeleg heiderlege unnatak mest merka seg ut med sine standhaftige forsvar av eksamenar, og ein total mangel på interesse for det omveltande framlegget om å gjere skriving til ei grunnleggjande verksemd i skulen, med arbeidsmåtar som normalt skulle
gjere norskfaget til det alt krinsar om.
Det skal Clemet ha, at sjølv om ho no har makta å svekke den gamle «sidemålsstilen» til avgangseksamen i vidaregåande ved å få Stortinget til å gjere han til trekkfag, så har ho for fyrste gong på lenge makta å skræme opp folk til å tenkje etter kva morsmålsundervisninga vår skal vere god for. No må vi ta til å tenkje meir, vi må finne ut av kva norskfaget gjer og skal gjere for norsk kultur. Om sidemålet er umisseleg for at vi skal kunne ha respekt for kvarandre og for at vi skal ha ein sams kultur her landet, så lyt vi no få heilt andre diskusjonar frå «fagmiljøene» enn nokre hjelpelause skrik om dei gode gamle eksamenane ein minnest så vel, men som knappast finst lenger.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
|