Dag og Tid nr. 25, laurdag 19. juni 2004

Roald Helgheim:
Mulla Krekar
blir lenge i landet


Det første oppslaget i VG etter at riksadvokaten hadde kunngjort at han legg bort saka mot Mulla Krekar, var: «Krekar kan bli lenge i Norge». Krekar har budd i Noreg sidan 1991. Han kom hit som politisk flyktning, han har formelt oppfylt det styresmaktene har pålagt han, og har som borgar i Noreg ikkje lege staten til last. 18. mars opplyste Økokrim til Dagsavisen at politietterforskinga mot han har kosta dei 1,7 millionar kroner. «Mange forventer at vi har brukt atskillige millioner kroner på denne saken. Beregningene viser et helt annet beløp», seier etterforskingsleiaren. Då Mulla Krekar truga med rettssak etter det herostratiske løftet på skjenkestova Smuget, var det kommentatorar som skreiv at norske skattebetalarar ikkje ville finne seg i at det vart brukt meir pengar på ei ny Krekar-sak. Den fornærma hadde vit nok til sjølv å trekkje henne attende. Det er altså ikkje Krekar som har kosta skattebetalarane pengar, men den norske staten, som sjølv bestemde seg for å starte rettskverna mot han.

Denne veka la riksadvokaten bort saka med ei klar grunngjeving, som konkluderte med at Krekar «har krav på – i en strafferettslig sammenheng – å bli bedømt som uskyldig i de anklager som har vært reist». På sekundet var kommunalministeren på pletten og sa at utvisinga av Krekar står ved lag. Og: «Statsminister Kjell Magne Bondevik bekrefter at Krekar skal utvises så snart okkupasjonen av Irak formelt er over» (NRK). Dette er Bondevik sin første kommentar etter avgjerda til riksadvokaten. Carl I. Hagen ville utvise Krekar på flekken. Erna Solberg sa at utvisingsvedtaket er gjort «på et annet grunnlag og lovverk enn straffesaken som nå er henlagt». Grunnlaget er «hensynet til rikets sikkerhet». Korleis går det an å hevde at dette omsynet gjeld like sterkt etter avgjerda til riksadvokaten? Frå statsministeren sitt kontor og nedover er dette altså styresmaktene sin einaste reaksjon på det Aftenposten kalla ein siger for rettstryggleiken. Vi gir oss ikkje for det, Mulla Krekar skal ut!

Berre landet Jordan overgjekk denne reaksjonen. Der dømde dei like godt Krekar til 15 års fengsel same dag, saman med åtte andre. Det var denne staten som i si tid endra grunnlaget for å krevje utlevering av Krekar frå Nederland til «brot på narkotikalovgjevinga», då dei ikkje greidde å underbyggje påstandane om terrorisme. Nederland avslo. Seinare nekta Noreg å utlevere han til Jordan på same grunnlag.  

Det meste er snudd på hovudet i denne saka. Det vanlege er at ein har eit lovbrot og skal finne forbrytaren. I denne saka hadde påtalemakta ein mogleg kriminell, men fann ikkje brotsverket. Elles hende det fleire ting av symbolverdi desse dagane. Måndag stod visepresident Cheney framleis fast på påstandane om at Saddam Hussein hadde nære band til al-Qaida. Tysdag konkluderte kommisjonen som har granska terroråtaka mot USA, med at det ikkje finst bevis for påstanden. Han konkluderte også med at det «ikke er noen overbevisende bevis for at noen regjering støttet al-Qaida økonomisk før 11. september». Dette vedkjem ikkje Krekar-saka direkte. Men det inngår i ei større internasjonal såpe, der Balladen om Mulla Krekar har vore ein liten norsk co-produksjon.

Eit siste halmstrå for Erna Solberg er at Krekar har vore i Irak etter at han rømde. Reiste han til Bagdad og tok bussen vidare? Den gamle geriljaleiaren tok seg sikkert illegalt over grensa nord i Saddam Husseins rike. Og for å gjere det heilt klart: Ærendet mitt er ikkje å evaluere Krekars moralske og politiske habitus, men å evaluere den såpa vi har sett utspele seg sidan nyhendemedia for snart to år sidan melde at «Mulla Najumuddin Faraj Ajhmad Krekar, som er jaget av alle de store vestlige etterretningsorganisasjonene, har oppholdstillatelse i Norge» (NRK 22. august 2002).

Då hovudpersonen i vår lanserte boka Med egne ord, opplevde eg eit oppmøtt mediekorps som i uvanleg grad visste på førehand kva dei meinte. Krekar og advokaten hans har til fulle spela rollene sine i denne såpa, men di lengre tid som har gått, di betre kort har dei hatt på handa. I grunngjevinga for å leggje bort saka, viser riksadvokaten til at vitnefråsegner framskaffa under tortur gjorde vidare etterforsking umogleg.

Men riksadvokat Tor-Aksel Busch har sidan starten hevda at den paragraf 104a som Krekar vart sikta etter, for deltaking og oppretting av private organisasjonar av militær type, ikkje kan brukast utanom Noregs grenser. «Det ville gjøre de fleste frigjøringsbevegelser ulovlige etter norsk rett», skreiv han i ein lovuttale (Dagsavisen 27.02.03). Han meinte paragraf 147a, som omhandlar planlegging av terroraksjonar, var betre. Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) såg ingen grunn til å endre siktinga. Sidan tok Økokrim over stafetten, og som riksadvokaten konstaterer:
«I løpet av etterforskingsperioden har dessuten Økokrim selv henlagt siktelser mot Krekar for overtredelse av forbudet i straffeloven paragraf 104a mot å danne eller delta i en privat organisasjon av militær karakter, og for overtredelse av terrorisme-bestemmelsen i straffeloven paragraf 147a annet ledd. Riksadvokaten er enig med Økokrim i at også disse forhold måtte henlegges.»

S
lik sluttar riksadvokaten sjølv ringen i ei sak han tydeleg aldri har hatt tru på, og skjer gjennom i ein prosess som både påtalemakt og styresmakt har gjort sitt beste for å tåkeleggje grunnlaget for. Difor har det vore fritt fram for folk med andre agendaer enn rettstryggleik og rikstilstand. Balladen om Mulla Krekar er ei dårleg eksportvare for ein kulturnasjon.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |