Dag og Tid nr. 25, laurdag 19. juni 2004

Politikk:
Petersens tvilsame vener
Kva gjer den norske utanriksministeren i same organisasjonsstyre som latinamerikanske partieigarar med særs tvilsam fortid?
Johan Brox
johan@dagogtid.no

Det var ikkje store nyhendet, berre ein notis frå NTB sommaren for to år sidan: Jan Petersen hadde blitt vald til viseformann i International Democratic Union (IDU), som meir enn 80 konservative og kristelegdemokratiske parti over heile verda tek del i. Det skjedde på partileiarmøtet i Washington DC i juni 2002. Møta i IDU blir haldne kvart tredje år. Petersen har med andre ord minst eitt år att som viseformann.

IDU
International Democrat Union blei stifta i 1983 som eit konservativt svar på Sosialistinternasjonalen. I dag er organisasjonen leidd av den australske statsministeren John Howard. Organisasjonen har to «assisterande presidentar» på nivået mellom Howard og alle dei 19 viseformennene. Den eine, Michael Trend, er elles kjend for i februar 2003 å ha svindla til seg 90.000 pund frå det britiske Underhuset – pengar som representanten rett nok betalte attende med lovnad om bot og betring. Den andre assisterande presidenten er Göran Lennmarker frå Moderatarna i Sverige.

Mellom viseformennene er, attåt Jan Petersen, Jose Maria Aznar, den nyleg avgåtte statsministeren i Spania, Judy Kirk frå New Zealand, Wong Kyu Cho frå Sør-Korea, Peter Hintze frå dei tyske kristendemokratane, Ville Itala frå Finland, og Edmund Stoiber, den tyske kanslarkandidaten. Men i styret for IDU sit det òg ein del folk med eit meir tvilsamt demokratisk rulleblad.

Dårleg selskap
Kva kan det vera Jan Petersen konverserer med somme av dei andre konservative viseformennene om på styremøta, til dømes Francisco Flores frå El Salvador; Carlos Holguín Sardi frå Colombia; Ricardo Maduro frå Honduras; Keith Mitchell frå Grenada og Jorge Quiroga frå Bolivia? Mer igjen for pengene?
Ein rask presentasjon av desse sistnemnde i det konservative kollegiet ymtar om at det truleg ikkje er skatt og skole:

Francisco Flores gjekk nyleg av som president i El Salvador. Han representerer partiet ARENA som har hatt regjeringsmakta i landet heilt sidan 1989, og Flores har vore med i alle desse åra, fyrst som purung planleggingsminister under president Alfredo Cristiani. Utdrag frå ein rapport om denne regjeringa frå Human Rights Watch fortel meir om bakteppet for den politiske karrieren hans: «1989 var eit vasskilje i El Salvador, som elles i verda. I juni blei Alfredo Cristiani president, og gav såleis ARENA-partiet, som lenge har vore knytt til paramilitære dødsskvadronar, kontroll over alle maktinstrumenta til regjeringa. Bush-administrasjonen (den førre, min merkn.) har valt å forsvara det ‘sivile’ regimet til Alfredo Cristiani. Det er ei umogleg oppgåve av di president Cristiani anten har kontroll over hæren og såleis må bera ansvaret for dei unemnelege overgrepa som styrkane gjer seg skuldige i, eller så har han ikkje kontroll. Og dersom han er utan makt til å kontrollera desse styrkane, blir Bush-fiksjonen om at han støttar ei legitim regjering i røynda berre eit tynt slør over det faktumet at han støttar eit lovlaust og blodig militærdiktatur».

Carlos Holguín Sardi er leiar for eitt av mange konservative parti i Colombia, partiet til tidlegare president Andrés Pastrana – og korleis er no menneskerettsrullebladet til den regjeringa, spurde Human Rights Watch – retorisk – før eit møte mellom Pastrana og George W. Bush i Washington: «Generelt har president Andrés Pastrana og ministrane forsømt å ta kontroll over militæret og ikkje brote dei sterke banda til paramilitære grupper eller sytt for at menneskerettane blir respekterte. Sjølv om president Pastrana offentleg har fordømt dei gjentekne illgjerningane, har ikkje offiserskorpset gjort noko for effektivt å hindra at soldatar som blir sparka for overgrep, sluttar seg til dødsskvadronane. Det blir heller ikkje sytt for at brotsverka deira blir granska og dømde i sivile domstolar».
Av Carlos Holguín Sardi sine heilt eigne politiske prosjekt kan nemnast at han strevar for å få innført dødsstraffa i Colombia, og at han – truleg til forferding for sin ven og våpenbror heime og ute, George W. Bush – vil legalisera narkotikahandelen i Colombia.

Ricardo Maduro har sidan 2001 vore president i Honduras, ein retteleg bananrepublikk der menneskerettsstoda i fjor, om ein skal tru Amnesty International, kunne oppsummerast slik: «Born og unge, også i arrest, blei drepne av politifolk, fengselspersonell eller uidentifiserte. Somme let til å ha vore offer for reine avrettingar. Menneskerettsaktivistar blei truga, plaga og drepne. Medlemer av etniske minoritetar var offer for tortur, trugsmål og mishandling. Politifolk skal ha vore innblanda i menneskerettsbrot».
Valdsauken kan truleg sjåast i samanheng med «nulltoleransen» som president Maduro har kringkasta når det gjeld kriminalitet.

Keith Michell er inne i sin tredje periode som statsminister på den vesle karibiske øya Grenada, som president Reagan invaderte i 1983. Det var såleis naturleg at òg han fann sin plass ved sida av Jan Petersen ved likvaka til presidenten førre veke. Amnesty International og Human Rights Watch har lite å melda om presidenten og den generelle demokratiutviklinga på Grenada.

Men i dei siste dagane har det kome ei rekkje urovekkjande notisar frå den vesle øya. Her via den franske organisasjonen Reporters sans frontièrs (Journalistar utan grenser): «TV-nyhendesjef seier opp i protest mot press frå regjeringa. Odette Campbell, ankerkvinne og nyhendesjef i Granada Broadcasting Network (GBN) kunngjorde 1. juni at ho seier opp i protest mot at ho blei permittert i ei veke for å ha teke til motmæle då regjeringa truga med å arrestera alle som rapporterer at statsminister Keith Mitchell er korrupt».
Meldingane byggjer på artikkelen til ein canadisk frilansjournalist, Leroy Noel, som i mars kunne fortelja at statsministeren hadde fått 500.000 dollar for å gje ein tyskar, Erik Resteiner, jobb som diplomat for Granada. Hjå International Press Service og i Miami Herald finst fleire detaljar.

Jorge Quiroga Ramírez tok over som president i Bolivia etter Hugo Banzer. Banzer døydde av kreft i 2002 før den lange lovarmen nådde han frå Argentina. Ein føderal dommar der ville stilla han til ansvar for rolla Banzer hadde i «Operasjon Condor», eit prosjekt for å kvela venstreopposisjonen på det søramerikanske kontinentet med bortføringar og drap.

Quiroga tok over som president i august 2001, frå jobben som visepresident under Banzer, og Amnesty oppsummerer dette året slik: «I begge administrasjonane førte den økonomiske omstruktureringspolitikken og auka militarisering av El Chapare-regionen til valdelege samanstøytar mellom tryggingsstyrkane og demonstrantar. (...) Mishandling av fangar blei stadig rapportert, til liks med overdriven valdsbruk og drap som tryggingsstyrkane stod bak, og under tvilsame omstende og i samband med demonstrasjonar mot regjeringa. Menneskerettsaktivistar blei òg utsette for åtak og plaga på ymse vis, mellom anna med drapstrugsmål».

I USA
Dag og Tid undra på om den norske utanriksministeren kjenner seg heime og komfortabel i ei slik forsamling. Det veit vi enno ikkje.
– Jan Petersen er på veg til USA og har ikkje høve til å svara sjølv, seier pressetalsmann i UD, Karsten Klepsvik. Han viser til partikontoret til Høgre, ettersom det ikkje er regjeringa Petersen representerer i IDU, men partiet.

– Leiarane møtest kvart tredje år. Som visepresident skal Jan Petersen vera med på å driva organisasjonen. Men som utanriksminister har Petersen hatt lite høve til å ta del i IDU-arbeidet, seier rådgjevar Christian Angell på Høgre-kontoret.
– Kva saker har Petersen engasjert seg i gjennom IDU?
 – Internasjonal politikk, Nato, Afghanistan og Irak.
– Ønskjer Petersen attval på årsmøtet i 2005?
– Det har han ikkje teke stilling til ennå.
– Har andre norske Høgre-politikarar hatt styreverv i organisasjonen?
– Kåre Willoch var president i IDU frå 1987-89.
– Kan Francisco Flores, Carlos Holguín Sardi, Ricardo Maduro, Keith Mitchell og Jorge Quiroga vera folk som Petersen kjenner seg heime mellom?
Angell viser til at dei nemnde leiarane står for marknadsøkonomi og demokrati.
– Høgre har ikkje noko bilateralt samarbeid med partia deira, legg han til.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |