Dag og Tid nr. 25, laurdag 19. juni 2004

Leiar:
Farvel til folkestyret

Gladnytt? Oppslutnaden om valet til EU-parlament var latterleg låg. Berre 44,6 av EU-borgarane gadd å røysta, og mange av dei som tok bryet, gav røsyra si til lokale løgnasar. Men leiar for Europeisk ungdom i Noreg, Ingrid Langerud, ler ikkje. Ho trøystar seg med at den nye EU-grunnlova kjem til å vera eit viktig steg «på vegen vidare for å auke interessa». Ho om det. USA har lenge hatt ei sams grunnlov, men den politiske interessa let venta på seg i Amerikas sameinte statar òg.

Leiaren i Nei til EU, Sigbjørn Gjelsvik, meiner på si side at han med dette har fått mange gode kort på handa i kampen mot norsk medlemskap. I teorien kan han vel ha rett i det, men i praksis er utanforlandet vårt alt EU-tilpassa på dette området òg. Den politiske avmaktskjensla hjå veljarane kan snautt vera større i EU enn ho er her. Der driv dei i det minste med politikk i stor målestokk, byråkratane, medan politikarane her heime gnukkar på eit oljefond, og kva er så mykje betre med det?

Det lokale folkestyret i Noreg er ikkje reelt så lenge kommunane korkje har råd eller lov til å driva slik innbyggjarane skulle ønskja. Og på riksplanet bryr ikkje dei folkevalde seg om kva folk flest måtte meina om norske soldatar i Irak, sjukehusa, jernbanen og posten. For andre omsyn veg tyngre, omsyn som politikarane vil ha oss til å tru er tvinga fram av økonomiske naturlover og direktiv frå makter større enn den me har.

Dette er det heimesitjarane både i Noreg og i EU-landa tek den logiske konsekvensen av. EU-borgarane har noko som me nordmenn kan misunna dei – eit tredje politisk nivå å protestera mot. Men me har framleis det som dei har mista, det eine gode kortet på handa, røystesetelen, trumfen til eit norsk bondebrigde etter Stortingsvalet 2005, eit brigde av ikkje berre regjeringa og stortingsfleirtalet, men òg av politikken. Kort er lite verde i handa, om ein ikkje spelar dei ut.
Johan Brox

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |