Dag og Tid nr. 25, laurdag 19. juni 2004
Klok på bok 668:
Tidend frå Hel
Det var slik det gjekk til her for eit par veker sidan: Eg slo opp augo, slo opp vindauga, slo opp i telefonkatalogen, slo eit nummer og slo opp med ein kjærast av meg, men snubla i orda og slo opp eit gammalt sår i sjela. Så gjorde eg som eg så ofte gjer, slo opp i ei bok, nei, slo opp i Boka. Og kva fann eg? Ikkje trøyst.
«Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.»
Så slik gjekk det til at oppgåva for to veker sidan, i Klok på bok 666, vart henta frå Menneske og maktene av Olav Duun. Og mange, svært mange av dykk der ute, langt fleire enn eg kan nemna, hadde visdom og vit.
«Olav Duun las eg mykje for tretti-førti år sidan, og denne katastrofeskildringa frå Menneske og maktene (1938) sit framleis i meg. Eg las ho som ein profeti om nazismen, fascismen, verdskrigen og annan develskap som skulle velte inn over oss i dei kommande fem-seks åra», skriv Gunnar Bæra.
Kari Nord er ei av fleire som vart glad for å finna ei «klar ein klassikar»-oppgåve. Og ei av dei som vende attende til Duun i hylla si, og det er ikkje den verste vegen ein kan ta:
«Eg fann fram boka, og nå har eg tatt til med å lese ho om att. Det er mange år sidan sist. Takk for at eg blei påmint! Og så opplever eg at romanen kjem klart fram i minnet berre etter dei fyrste sidene. Særleg hovudpersonen Helmer, eit menneske å sjå opp til og bli glad i. Da det stod på som verst slik som Dag og Tid-utsnittet viser: Helmer retta seg opp og såg på dei andre han og. Han tok tungt etter vere. Så snakka han med dem, sa venner til dem og bad dem halde fast. Om dei tar bort jorda under oss, og himmelen over oss, sa han, vi er da menneske lel. Vi frys oss igjennom det. Vi veit ikkje sjøl kor mykje vi tåler. Til slutt sa han at ei lidingsnatt skulde menneske ha, det hadde aldri vore ansles.»
Nei, aldri har det vore annleis, og annleis blir det aldri. Men det finst òg anna enn lidingsnetter. Det finst òg klok på bok-premiar, og denne veka går han til Kari Nord!
«Huff då er ikkje dette dyrets tal (666), spør Gunder Runde, som eg elles ikkje kjenner som ein lettskremd mann.
«Men kanskje ville Olav Duun ikkje hatt noko imot å verte samanlikna med dette beistet i bibelsoga, han hadde i alle fall eit nokså blanda tilhøve til kristendomen. Eg kjem på replikken frå Tale i Medmenneske: Eg vart så redd at eg var på kristendomens rand (sitert etter minnet).«
Tom Knappskog set Duun og Øyvære inn i ein internasjonal målestokk: «For meg er dette Duuns mest fortetta og gripande bok. Ingen stader i norsk litteratur er tilhøvet mellom menneska og havet så sterkt skildra og internasjonalt er det, av det eg har lese, berre Charles Baudelaires dikt Lhomme et la mer som kan måle seg med dette.»
Trass i alt dette med 666, den ihuga nordiskstudenten Ingvild Kleiveland Vevle kjende denne veka simpelthen eit kall til å svara i Klok på bok: «Det nyss avslutta vårsemesteret har eg nemleg ved Universitetet i Bergen fylgt eit forfattarskapskurs om Olav Duun. Kompositorisk merkjer Menneske og maktene seg ut: Boka er bygd opp av to rammekapittel kring fem mindre, mest novellistiske forteljingar..»
Kristin Mahle i Verdalen kjenner eit anna slag kall, på vegner av heimfylket sitt, og kva gjer ho? Ho gjer det rette.
«No må eg berre hive meg på utan nokon fallskjerm. Dette må da vere ein forfattar frå vårt fylke nærare bestemt Olav Duun, og det er vel frå slutten av Menneske og maktene, der Øyvære held på å gå under. Når eg les spalta di, ser eg at eg har mange hol i litteraturkunnskapen min, men når løysinga kjem, hender det absolutt at eg får lyst til å finne ut kva du eigentleg snakkar om», skriv Kristin Mahle.
Det er den rette innstillinga, Kristin!
Og no skal du få meir å bryna deg på!
Klok på bok 668
«Vegtam eg heiter,
er son åt Valtam.
Sei meg tidend frå Hel;
frå heimen tel eg.
Åt kven er her benkjer
med haugar prydde,
og pallen fagert
flolagd med gull?»
Som de kanskje skjøner, er ikkje dette skrive av nokon samlagsdebutant frå 2002. Eg vil vita mangt og mykje om denne teksten: Eg vil ikkje berre vita kven som har skrive han, eg vil òg vita når, og eg vil kven denne Vegtam er som kved, og kven som har omsett teksten, og har de tidend frå Hel, er ikkje eg så skuggeredd at eg ikkje tek imot.
Hint? Vel, somme likar mora, og somme likar dottera, og somme likar den eldre og somme likar den yngre. Og somme likar meg, kan eg føya til. Sjølv om eg ikkje alltid skjøner kvifor.
Send svar og kjærleikserklæringar til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, til klok@dagogtid.no, eller til faks nummer 22 41 42 10. Det er ikkje noko å venta med.
Helene Myrbråten
|