Dag og Tid nr. 24, laurdag 12. juni 2004
Roald Helgheim:
Lat dei fattige røykje
Overskrifta er den forkorta versjonen av: «Let poor smoke, says health secretary». Avisa er The Guardian, og det var helseminister John Reid som denne veka hissa på seg alle helseaktivistar og antirøykjarar med å hevde at røyking er ei av dei få gledene for dei fattige i gråbeingardane og der arbeidsfolk møtest. Ministeren sa at middelklassen er besett av å gje formaningar til folk med lågare sosio-økonomisk bakgrunn, men røyking er ikkje mellom dei største problema for dei fattige. «Kva glede er det ei 21 år gammal einsleg mor til tre som bur i ein dårleg kommunal bustad kan få? Den einaste gleda er ein sigarett.»
Meininga er ikkje å blåse nytt liv i vår eigen røykjedebatt, død og gravlagd som han er etter at helseministeren har rodd i land ei lov som er den einaste vinnarsaka i eit land der politisk forfall er kjenneteiknet i tida. I England har Tony Blair distansert seg hårfint frå helseprofeten sin, som på si side slutta for halvanna år sidan etter 60 sigarettar om dagen. Vi som har røykt ei stund, blir altså ikkje fanatikarar av å slutte. Ministeren kallar seg ein talsmann for «informerte val for vaksne» heller enn for bannlysingar. Men røykjedebatten kjem i eit Storbritannia der helsetilstanden har vorte dramatisk annleis enn i det velfødde Norge. Det spektakulære sjokket var eit tre år gammalt barn som døydde av di det ikkje berre var overvektig, men feitt. I rike land der klasseskiljet aukar er det feite som har eksplodert som den nye fattigsjukdommen, med USA på topp.
Underhusrapporten som skaka britane kom rett før månadsskiftet, fortalde at nasjonen har fått den første generasjonen der barn kjem til å døy før foreldra. Om dei verste scenaria knytt til ordet som på engelske heiter obesity slår til, «vil synet av folk med amputerte bein bli vanlege i gatene. Det vil bli mange fleire blinde. Det vil bli eit enorm behov for dialysemaskiner for nyrer.»
Talet på feite har auka med nesten 400 prosent på 25 år, og tre firedelar av dei vaksne er enten overvektige eller feite. Dei feite åleine utgjer 22 prosent, og mengda av feite barn er tredobla på 20 år. Rapporten konkluderer med at sjuka vil koste nasjonen over sju milliardar pund i året. Den aukande mengda av usunn snøggmat har ein stor del av skulda, og samstundes med rapporten kunne The Guardian avsløre korleis produsentane av både feit, søt og usunn snøggmat skamlaust og meir og meir systematisk rettar marknadsføringar inn på ungar. Søtsak-kampanjen for «Kelloggs Real Fruit Winder» er eit skuledøme der promotørane utan å raudne skryt av at dei nådde 60 prosent av alle barn gjennom reklame og internett, før dei starta den store fjernsynskampanjen som skulle fange opp mødrene. Ironisk nok har avisa same dag eit stort oppslag om korleis Kina lærer verda
ei «lekse i korleis putte mat i munnen til millionar», illustrert med ein blid unggut som røykjer som ein skorstein.
Perspektiva er skremmande. Om ikkje nasjonen med den snøggaste auken av feite i Europa greier å snu, er halvparten av borna i kategorien feite innan 2020. Det passerer tobakken som årsak til for tidleg død. For første gong er landet truga av nedgang i levealderen, og sju departement får strykkarakter. Eitt av dei er det for utdanning, som har gitt matprodusentar løyve til å knyte fritt sportsutstyr til reklame for potetgull og sjokolade. Men kva stikk problemet i?
Ulikskap er feitande. Det skriv Polly Toynbee, journalisten som lik den amerikanske Barbara Ehrenreich levde blant «dei arbeidande fattige» i landet sitt. «Folk vil bli slankare berre når dei har noko verdt å bli slank for sjølvrespekt, sosial status og arbeid». Feitedebatten er full av humbug og forenklingar. «Fat is a class issue» det er eit klassespørsmål, men det er få som likar å vedgå at dei fleste som er alvorleg feite også er fattige, skriv Toynbee. Det er ei gammal historie. Middelklassen likar å uroe seg over moralen. Mange av oss i middelklassen er også feite, men dei fleste av dei lever under usle kår. Kvifor blir dei feite? Maten er trass i alt billegare. Folk er ikkje uvitande. Kvinner flest brukar livet til å uroe seg over kroppen sin, overfløymde av diettmagasin og matfjernsyn. Aldri har vi visst meir om kva vi blir feite av. «Folk flest som eg
kjenner, lever i ein Bridget Jones-syklus i evig kamp med vekta», skriv Toynbee.
Men folk som kjenner at dei ikkje har kontroll over livet, gir opp. Ingen jobb, ingen utsikter, ingen vits! Røyking, drikking og usunn eting blir fattigmannstrøyst i klassesamfunnet. Fattige ungar i skulen veit frå første dag kva status dei har. Toynbee opplevde sjølv måten å livnære seg på som fattig, som «ein livsfornektande måte å ete på». Det er likevel ikkje hovudpoenget. Sjølv med meir pengar kjem den fattige truleg til å ete seg til ei tidleg grav, om han ikkje har anna å leve for. Det er ulikskap og mangel på respekt som gjer folk feite, med ein auke på 400 prosent i dei åra ulikskapane i England har eksplodert. Visst treng vi lover, forbod, tiltak i skulen. «Men lat oss ikkje lure oss sjølve: berre ei genuin utvikling mot eit samfunn som ikkje set ein fjerdedel utanfor, vil få tala frå badevektene til å tippe rett veg».
Samstundes, i den større verda, trugar ein av våre største hungerkatastrofar. Tiggarbrevet eg fekk i posten denne veka inneheld «90-øres posen som kan redde et barns liv». Der ute døyr dei i titusenvis kvar dag, barn i millionvis kvart år. Dei er ikkje ein gong fattige. Dei har ingen ting.
|