Dag og Tid nr. 24, laurdag 12. juni 2004

Retorikk:
Opplæringa av
den gode talaren

Den gode talaren må også vere eit godt menneske, meinte Quintilian, som levde i det første hundreåret av vår tidsrekning. Hermund Slaattelid har omsett tre av dei 12 bøkene i hovudverket hans om talekunsten.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
Institutio Oratoria (Opplæring av talaren) er den beste oppsummeringa av den klassiske retorikken, seier Slaattelid, tidlegare lektor ved Voss Gymnas som har skrive eller omsett fleire bøker både om filosofi og retorikk. Han har undervist i latin, og fekk først augo opp for retorikken gjennom å lese det dansken Jan Lindhardt skreiv om retorikk på 60-talet. Først på åttitalet kom Georg Johannesens Rhethorica Norvegica, og Slaattelid omsette sjølv fleire latinske tekstar til norsk på nittitalet. Johannesen har skrive forord til den nye omsetjinga av Quintilians klassiske verk. Retorikk var det viktigaste allmenne danningsfaget for dei som ville opp og fram i Romarriket, og Slaattelid meiner det moderne mediesamfunnet meir enn noko treng å lære kunnskap om retorikk. Men kva er retorikk i den klassiske tydinga?

I den ferskaste ordboka er retorikk både «talekunst» og «frasemakeri». Eit «retorisk spørsmål» er eit villeiande spørsmål brukt til å avspore debatten. Den klassiske retorikken var noko anna enn berre «å ha ordet i si makt». «Eg vil ikkje nekte for at dei fleste meiner at folk utan opplæring talar djervast», skriv Quintilian ein stad i det andre bindet. Men retorikk var trening av intellektet og tileigning av kunnskap: «Opplæringa vår gjeld den fullkomne talaren, som ikkje kan finnast utan at han óg er ein god mann, og difor krev vi ikkje berre framifrå talegivnad av han, men óg alle mannsdygder».

Quintilian slo fast at «ingenting er talekunsten uvedkomande». Det gjaldt til dømes også musikken, som «oppstod fyrst av alle vitskaplege syslar». Musikken heng saman med kunnskap om guddommelege ting, difor er han òg naudsynt for talaren. Til og med Sokrates «skamma seg for ikkje å ta timar i lyrespel då han var ein gammal mann», skriv Quintilian.

Frå Spania til Roma
Quintillian vart fødd i Spania rundt 35 år e. Kr., og døydde rundt seksti år seinare. Kunnskapen om retorikk tileigna han seg mens han studerte i Roma, og han vart seinare statstilsett lærar i retorikk under tre keisarar. Retorikken gjekk ikkje under med Romarrikets fall, men vart seinare teken opp av kristne kyrkjefedrar som Augustin og andre. Den første trykte utgåva av Quintilians verk kom i 1470, og vart ivrig studert av renessansehumanistar og reformteologar som Luther og Melanchton. Quintilian var ein ofte sitert autoritet i lærebøker om pedagogikk, språkopplæring og talekunst heilt fram til 1800-talet. Den tyske pietistrørsla herrnhutane på 1700-talet fekk avleggjarar som gjorde at den retoriske tradisjonen også nådde lågkyrkjelege norske forkynnarar som Hans Nilsen Hauge. Men sidan byrjinga av 1800-talet har retorikken som disiplin ligge nede.

– Eg underviste i latin på skulen. Eg sette stor pris på Cicero, som også Quintilian sette svært høgt, og eg tykte tidleg at retorikken var lågt vurdert, seier Slaattelid.
– I Noreg kom det ein snunad då Georg Johannesen gav ut Rhetorica Norvegica i 1987. Då eg las dansken Jan Lindhardt sine bøker, byrja eg å forstå kor viktig retorikken var. På Oslo Katedralskole vart det undervist i retorikk så seint som i 1814, og der las dei utdrag frå Quintilian. Men det verkar som om retorikken ikkje høver inn verken i romantikken eller i realismens tid, då talekunst ikkje er noko ein lærer, men berre er eit bilete av den ytre røyndommen.

Kritikken
– Klassisk retorikk er altså meir enn det vi i daglegtalen legg i ordet. Er det rettare å snakke om danning meir enn om talekunst?
– Ja, du skal både tale godt og reflektere over kva det er å tale godt. Det vil seie at retorikken har både ein praktisk og ein teoretisk funksjon. Kant var ein av filosofane som nedvurderte talekunsten. Han sa at retorikken var «keiner Achtung würdig». Han meinte som Descartes at all slags språkleg sminke var noko mistenkjeleg. Det Kant ikkje går inn på, er at all tale er både innhald og form. Hans Skjervheim hadde også lite til overs for retorikken, og viste gjerne til Platon og dialogen Gorgias. Men det Platon og Sokrates kritiserer i denne dialogen, er først og fremst den dårlege retorikken. Den sofistiske retorikken Gorgias står for, seier at har du lært deg talekunsten, kan du tale om alt, uavhengig av kunnskap. Til det slaget høyrer den politiske retorikken Sokrates såg praktisert i samtida si. Men i klassisk retorikk er talekunst uløyseleg knytt til det talaren kan. Også Quintilian tek opp kritikken i Gorgias, og meiner at det Gorgias seier, ikkje er Platons syn. Eg meiner Platon hadde same syn som Quintilian – at den gode talaren ikkje berre er ein med ordet i si makt, han er også forplikta på sanninga. Det er det som ligg i at den gode talaren må vere eit godt menneske som er dugande til å tale.

– Kva er då retorikken si oppgåve?
– Retorikaren si oppgåve er både å lære lesaren eller tilhøyraren noko, og å gjere det på ein gripande måte. På latin heiter det docere og movere, å seie det slik at det går til hjartet.
– Når hadde retorikken si glanstid?
– Nietzsche skreiv at retorikken høyrer til det republikanske samfunnet, der avgjerdene vert tekne ved diskusjon og røysting. I ein stat der ein keisar eller eineherskar rår, forfell retorikken. Det vil seie at retorikken si glanstid var i dei frie statane i Hellas og i den romerske republikken. På Cicero si tid ville adelen i Roma hindre at retorikken vart framførd på latin. Adelen ville ikkje at middelklassen skulle lære retorikk, men dei lukkast ikkje i å hindre det, seier Slaattelid.

– I den romerske skulen byrja elevane å lære retorikk frå dei var 14-15 år gamle, men også før det las ein klassiske verk som Illiaden. Frå dei unge var 15 til dei var 20, var retorikk hovudfaget for det som var eliten på den tida, ein slags vidaregåande skule. Det var det viktigaste danningsfaget for dei som ville opp og fram. Også embetsmenn og advokatar må kunne snakke slik at folk skjønar det dei seier. Quintilian var sjølv statsløna retorikar under Titus, Vespasian og Domitian.

– Levde han på deira nåde?
– Han var ein mann av mellomklassen. Tacitus høyrde til den gamle overklassen. Quintilian gjorde karriere under keisarane, ja. På den måten var han ein opportunist. Keisaren såg at riket hadde bruk for skular som utdanna kompetente og lojale tenarar, som ikkje hadde planar om å fornye republikken.
Som pedagog vektla Quintilian ei streng styring av skulane, god disiplin, moralsk oppseding og hardt arbeid. Samstundes var han mot fysisk avstraffing i skulen.

Retorikk og filosofi
Det var mange som skreiv om talekunst. Quintilian prøve å oppsummere heile den gresk-romerske opplæringskunsten, både pedagogikk og retorikk.
– Han byrjar med oppsedinga og seier at foreldra skal ha store tankar om ungane sine evner, dei skal tenkje at dei får ein ny Alexander den store i fanget. Når det gjeld opplæringa, er det viktig å bruke dei beste lærarane på dei yngste elevane. Når dei blir eldre, let dei seg ikkje øydeleggje av dårlege lærarar. I vår tid er skulen altfor ofte full av matematikklærar som har hata matematikken, og lærarar som hatar nynorsk, blir sette til å undervise i norsk. Då blir faget deretter, seier Slaattelid.



– Quintilian skriv at sjølv om han nyttar ein del tankar som ein finn i bøkene til filosofane, så meiner han at «dei eigentleg høyrer inn under talekunsten». Kva meiner han med det?
– Quintilian meiner at emnet for retorikken er alle ting som kan gjerast til tema for ein tale. Det gjeld også filosofien, men filosofane la ikkje slik vekt på framføringa. I dag er moderne filosofi også oppteken av kva språk eigentleg er. Det synet Kant hadde på retorikken, er med andre ord gammaldags og på veg ut, seier Slaattelid.

Om dette skriv Quintilian at «talekunst og visdom var samanknytte frå naturens side, slik Cicero overtydande viser, og på liknande måte vart dei sameina i det praktiske livet slik at dei same folka vart rekna for vise og ordhage».
– Forfallet i retorikken kom då han berre vart oppteken av fine formuleringar. Då såg talekunsten bort frå innhaldet. Men kva er visdom og kva er eit godt liv? I den klassiske retorikken er det framleis innhaldet som er viktigast.

Aktuell
– Kva har retorikken å lære oss i dag?
– Han har aldri vore så aktuell som i det moderne mediesamfunnet. Der blir det snakka heile tida, men innhaldet blir meir og meir borte. Det å lære elevane retorikk i skulen, fører til dei blir meir frimodige. Eg har sjølv sett korleis lærarstanden har vorte maktlaus og har fått lite å tilføre. Det gjev også lita røynsle når det gjeld retoriske evner. Elevane tenderer mot togn. Alle middel som kan gjere dei frimodige både i å snakke og å skrive, er av det gode. Men no som då er det viktig å tenkje over kva som er skulens kanon, kva som er viktig å lese. Retorikk er eit fag skulen treng meir enn nokosinne, seier Hermund Slaattelid.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |