Dag og Tid nr. 24, laurdag 12. juni 2004
Leiar:
Privatiseringsiveren til Høgre
Staten har hundrevis av milliardar på bok, plasserte i aksjar og fond verda over. Oljeprisen når nye høgder og ingenting tyder på at prisen vil gå ned med det første. Staten har med andre ord nok pengar å rutta med, det trengst ingen ekstraordinære tiltak. Vi treng ikkje ta opp utanlandslån for å klara naudsynte oppgåver. Snarare har vi eit stort problem med å forvalta dei pengane vi har på ein forsvarleg måte. Kvifor skal då staten driva og selja ut eigedommar og næringsverksemd for å få inn nokre skarve millionar?
No har vi fått eit nytt døme på staten som ivrig salskonsulent. Dei fleste har fått med seg at Forsvaret vil selja det populære fjordområdet Østre Bolærne ved Tjøme. Miljøverndepartementet fekk først tilbod om å kjøpa Bolærne for 14 millionar kroner. Det synte seg å ikkje vera aktuelt. Departementet var interessert, men salsselskapet som forsvaret nyttar, ville selja eigedommen under eitt og då trekte Miljøverndepartementet seg. Som om eit salsselskap skal kunna avgjera dette. Ein annan ting er at det er vanskeleg å forstå at eit departement må kjøpa ein statleg eigedom frå eit anna departement for at det ikkje skal hamna på private hender. Den slags internfakturering burde vel ha vore unødvendig?
I dag har vi trass i oljeformuen større og større offentleg fattigdom og meir og meir privat rikdom. Samstundes som det private forbruket når nye høgder, vert stat og kommunar pålagde innsparingar. NSB, forsvaret, sporvegane osb. engasjerer godt betalte eigedomsselskap til å selja unna det som kan seljast av attraktive tomter for å få inn kortsiktige pengar til drifta. Sala av alle dei kommunale kraftselskapa er eit anna døme.
Høgre er styrt av ein grunnleggjande ideologisk motstand mot statleg drift og eigedom. Staten skal eiga minst mogleg og mest mogleg skal overlatast til marknaden, også på område der marknaden står i motstrid til ålmenta sine interesser. Diverre ser det ikkje ut til at KrF og Venstre klarer å redusera privatiseringsiveren til Høgre.
Svein Gjerdåker
|