Dag og Tid nr. 24, laurdag 12. juni 2004

Kommentar:
Kva er gale i psykiatrien?
Psykiatrien er ein merkeleg del av norsk helsevesen. I lange tider har psykiatrien levd sitt eige liv, og på mange måtar vore ei lukka verd. Lukka for innsyn, lukka for utsyn og lukka for nytenking.
Medan resten av helsevesenet fekk stadig meir ressursar, vart psykiatrien stadig fattigare. Dei psykisk sjuke fekk minst tilbod og behandling av alle, og hadde dei dårlegaste levekåra. Mange utval og rapportar slo dette fast utan at noko skjedde. Ingen greip tak i det etter kvart enorme problemet det var at ein sat med ein heil helsesektor som ikkje fungerte i forhold til oppgåva den skulle løyse.

«Svikt i alle ledd», var diagnosen for psykiatrien og psykisk helsevern i Stortingsmelding 25 (1996-1997), som førte til at det vart sett i gang ein opptrappingsplan for psykisk helsevern. I denne meldinga vart det ettertrykkeleg slått fast at det var behov for ei storstilt omstrukturering av psykiatrien og tilboda til menneske med psykisk sjukdom. Særleg ille var det for dei mest alvorleg sjuke, dei som treng samanhengande og tilrettelagde tilbod over tid, både for behandling, bustad, dagtilbod og sosiale nettverk.

Omstruktureringa skulle sørgje for eit betre tilbod på alle nivå. Dei gamle asyla og store institusjonane skulle nedbyggast, folk skulle ikkje lenger leve i årevis, eller jamvel heile livet, på institusjon. Nye lokale tilbod skulle opprettast der folk bur. Ein skulle få behandling og hjelp til å meistre livet og kvardagen heime i sitt eige miljø. Nedbygginga av sengeplassar vart sett i gang, men den tilsvarande oppbygginga i kommunane skjedde ikkje. Dermed oppstod eit stort vakuum, og pasientane vart ofte skrivne ut til ingenting.

 I løpet av dei fire åra som opptrappingsplanen har eksistert, er tilbodet blitt betre mange stader og for mange menneske. Men ein er langt unna måla. Det viser fleire ferske rapportar.

Statens helsetilsyn kom i vår med ein alarmerande rapport om stoda i spesialisthelsetenesta sine tilbod for vaksne psykisk sjuke. Helsetilsynet undersøkte i fjor 39 tilbod (akuttavdelingar og distriktspsykiatriske senter), og fann grove feil og manglar ved 34 av dei. Rapporten påviser brot på lover, reglar og rutinar i eit påfallande omfang. Helsetilsynet går faktisk så langt som til å skrive at tenestetilbodet i liten grad er tilpassa dei pasientane det er til for. Ofte får ikkje pasientane nødvendig behandling eller rett behandling. I halvparten av verksemdene har tilsynet avdekt at pasientane ikkje blir sikra oppfølgjing frå spesialisthelsetenesta etter at dei er utskrivne frå akuttavdeling. Rapporten viser òg svikt på andre område: Pasientane får ikkje individuell plan, dei får ikkje fagleg vurdering, dei er utan pasientrettar, ein av tre pasientar blir behandla på feil nivå (1999-tal) og pasientane blir ikkje prioriterte.  

Ein annan fersk rapport som Legeforeininga står bak, viser at utgreiing og diagnostisering av psykisk sjuke er svært tilfeldig. For den same psykiske sjukdomen kan ein risikere ulike utgreiingar gjorde av ulike fagfolk som kjem fram til heilt ulike diagnosar. No vil Legeforeininga at utgreiing og diagnostikk av psykiske sjukdomar skal følgje vanlege medisinske standardar, og krev ein felles nasjonal standard for prosedyrer for utgreiing og diagnostisering av psykisk sjukdom. Alle som blir viste til spesialisthelsetenesta, skal ha krav på utgreiing, diagnostisk vurdering og ein skriftleg behandlingsplan.

At mange ulike praksisar kan leve side om side, kan vere eit gode, men innanfor psykisk helse er det mange stader slik at behandlingsmetodar som har gode resultat å vise til, ikkje nødvendigvis blir følgde og sette ut i livet. Difor bør ein vere nøye med kvar ein vel å bu, om ein har tenkt å bli så psykisk sjuk at ein treng behandling. Ny forsking og kunnskap blir ikkje i tilstrekkeleg grad integrert i tenkinga kring og utforminga av tilboda.

Nyleg kom Rådet for psykisk helse sin rapport, «Verdig liv – velferd, medvirkning og helhet ved psykiske lidelser», som peikar på at tilboda innanfor psykisk helse ikkje har auka i takt med løyvingane. Rapporten viser at det skjer lekkasjar frå psykiatri til somatikk, og at løyvingane ikkje alltid blir brukte til formålet, verken i helseføretaka eller i kommunane. Rådet for psykisk helse krev at Stortinget må granske kvar lekkasjane er.

Psykiatrien har vore prega av autoritære tradisjonar. Desse skal no brytast ned. Pasientane – brukarane – skal delta i utforming av behandling og andre tilbod som gjeld dei sjølve. Den sjuke er seg sjølv nærast, og skal ikkje lenger få fortalt kva som er best for han eller henne. Alle med alvorleg psykisk sjukdom har ein lovfesta rett til ein individuell plan, der behandling og andre behov for tilrettelegging og samarbeid skal nedfellast og følgjast. Men dette blir i svært liten grad gjort. Dei færraste har ein slik plan, og dei som skulle samarbeide rundt personen, gjer det ikkje. Det går sakte med opptrappinga også her.

Det sit mykje i veggene i norsk psykiatri, både når det gjeld behandling og menneskesyn. Sjølv om dei siste åra med openheit har utfordra haldningar og fordommar hjå nokon og kvar, er ikkje psykisk sjukdom likestilt med fysisk sjukdom. Det er framleis fleire tabu knytte til psykisk sjukdom, noko som gjer det endå vanskelegare for den som blir sjuk. Mange slit med skam, skuld og dårleg sjølvbilde. Det seier seg då sjølv at psykisk sjuke ikkje er den tøffaste pressgruppa helseministeren møter. Men det er kanskje dei som mest treng å bli høyrde og tatt på alvor.    
Bente Riise

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |