Dag og Tid nr. 24, laurdag 12. juni 2004

Klok på bok 667:
V for Victoria       

Vanskeleg, seier de?
Ja, seier eg. Visst var det vanskeleg. Slik er det av og til. Vanskeleg som berre det, som i den ville naturen, som i den ville byen, i inn- og utland, vanskeleg som det i det heile ofte kan vera i livet utanfor Klok på bok. I den grad det finst.

Eg stramma skruen i Klok på bok 665. Hardt, hardt stramma eg han. Og sidan skruen var kjøpt hos Clas Ohlson, rauk gjengane nett det skruen forsvann inn i treverket, og da var det ikkje lenger nokon sjanse til å slakke på krava. Og slik gjekk det da: Berre tre (eller fire, alt ettersom) av dykk makta å svara. Berre to (eller tre, alt ettersom) makta å svara rett.

Den standhaftige og kloke Olav Molven i Bergen nekta å gje opp ved første, andre eller femte forsøket. Han såg over bokhyllene sine og såg så utover dei, han nekta å gje seg før sanninga var funnen. Slik skriv Molven:
«Dette er boka ‘Plattform’ av Michel Houllebecq, som kom på fransk i 2000 – på norsk i 2002. Sitatet er frå innleiinga til del 9», slår Olav fast. Men sjølv om han har funne svaret, som ein av dei to (eller tre, alt ettersom), har han innvendingar, som til slutt glir over i glede:
«Det kan vere slik at den ‘skumle’ Helene er frankofil. Visse oppgåveval kan tyde på det. Men min viktige merknad er: For oss som ikkje går internettvegen vert stikkordvegen lett noko kryptisk og ein god del krevjande. Etter ein skikkeleg hylleinnsats måtte eg ty til maskintenesta, og vips var forfattaren på plass! To stikkord var nok for mi hjelpande hand, ei av dei blide, tenande tausene i informasjonen ved biblioteket eg nyttar, har som hovudbase. Hjarteleg takk til kvinna. Var då alt tankearbeidet til fånyttes? Nei, slett ikkje. Mangt og mykje vart oppdaga før ‘Le Grand Michele’ steig fram og gjorde meg forviten. Takk igjen til H.M og ‘Vive la France’!», skriv den høviske herr Molven. Og han har vunne premien for den fine faksframferda si.

Den neste innsendaren (eller dei neste innsendarane, alt ettersom) med rett svar, er dei dyktige (og ærlege) Norlitausene. «Her har vi ikke peiling, men vi tror vi har funnet løsningen. Den fant vi ved å søke opp termen ‘jordbruks-ingeniør’ på Internett. Dette må da være Michele Houellebecq, og romanen heter ‘Plattform’.«
Sant nok. Og skulle eg liksom ikkje godta svar som er funne over den fortrylla verdsveven, eg som har oppmoda dykk til å låne, lyge og stele for å finne sanninga?
Hå nei. Her er alt lov.

Og somme meiner alt er lov for den godaste (eller verstaste) Houellebecq òg. Med både De grunnleggende bestanddeler og Plattform klarte han noko så uvanleg som å gjere frykteleg mange folk skikkeleg forbanna. Men somme vart ikkje sinte, dei vart blide. Kanskje fordi dei likte å sjå at andre vart sinte.
«Vil du lese ei bok med høg temperatur og med provoserande tematikk, er Plattform årets roman», meinte Halvor Fosli i Dag og Tid. Men kan vi lite på denne Fosli lenger? Eg let svaret vera opp til dykk, klokpåbokarar, som ei lita ekstraoppgåve.

Det tredje svaret denne veka var frå Ingrid Lomholt. Det var ikkje rett, men det var ikkje dårleg tippa: Ho prøvde seg med Stranden av Alex Garland, og der finn ein saktens òg hedonisme og fortvilt jakt på livsmeining i Thailand. Eg tek elles til meg noko anna Lomholt skriv: «Du har eit fint namn, akkurat som mor mi.» Ord å leggja seg på hjartet!
Og no – noko heilt anna.


Klok på bok 667

For mange år siden, den gangen da det fremdeles gikk tog på så mange små lokale jernbanespor, kom en kvinne til stasjonen og ville sende noen møbler med toget. Pannen hennes var høy og fregnete, og hun hadde rødlig, krusete hår.

Slik opnar ei opningsnovelle i ei novellesamling. Tittelen på novella – og samlinga – er ei liste på fem substantiv, som til saman dekkjer ein heil del av det som tel her i livet. Forfattaren er fødd i 1931, og boka er nesten flunkande ny – i Noreg, i alle fall. I 1963 opna denne dama ein bokhandel i lag med mannen sin, i byen Victoria. Men kor det er, seier eg ikkje. Eg seier slett ikkje meir. Berre kor de finn meg: Klok på bok, Dag og Tid, Pile-stredet 8, 0180 Oslo, på faks 22 41 42 10, eller på e-post klok@dagogtid.no
Helene Myrbråten

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |