Dag og Tid nr. 24, laurdag 12. juni 2004

Songtekstar:
Songlitterær kartlegging av dialekt-Noreg
Jan Inge Reilstad har gjort eit stort arbeid med songtekstantologien samtidslyrikkEN. Men det er grunn til å setje spørjeteikn ved innretninga antologien har fått, skriv Ole Karlsen.

Jan Inge Reilstad (red):
samtidslyrikkEN
Damm

Etter initativ av mellom anna Ivar Havnevik (han skal ha ros for det) har Jan Inge Reilstad sett saman antologien samtidslyrikkEN. Samtidslyrikk nr.1 er sjølvsagt songlyrikken; han når fram til alle krikar og krokar både der vi vil ha han og der han berre blir muzak og bakgrunnsstøy. Men tittelen signaliserer òg noko anna: Det er eit særdrag ved songlyrikken, når ein skreller vekk det kaudervelske og det altfor banale, at han går «inn i si tid» på ein annan måte og med ei anna verknadshistorie enn leselyrikken.

Prøysen og rap
Rørsla i undertittelen – fra Almuens Opera til Gatas Parlament – seier noko om dette. Fyrsteleddet er prøysensk i opphav og knyter den prøysenske viseestetikken til skillingsvisetradisjonen; skillingstrykket er for hopen, ikkje for dei få skriftlærde. Gatas Parlament i andreleddet er rapgruppa, kjend for sine eksplisitt politiske tekstar som ofte hengjer bjølla på katten utan omsveip. Samstundes avgrensar tittelen kva Reilstad legg i omgrepet samtid. Alf Cranners album Almuens Opera kom i 1970, medan Gatas Parlament gir ut platene sine no.

No innleier Reilstad kvar av dei 14 avdelingane med ein Prøysen-tekst (og ein gong ein Sandbeck-tekst) som ofte skriv seg frå 50- og 60-talet, og minner oss om at også songlyrikken frå dei tre siste tiåra har sine sterke forløparar som både sette høge standardar og rydda vegen for nye generasjonar med dialektinspirerte songpoetar. Av antologien kan ein tydeleg sjå korleis nye tekstforfattarar gjer som dei to gamle meistrane og integrerer det framande i det norske, nye former i det kjende. Ja, antologien framstår, litt utilsikta kan hende, som ei songlitterær, dialektmessig kartlegging av Noreg i dei tre siste tiåra som dokumentasjon på kor avgjerande dialektbølgja på 70-talet faktisk var.

Tvitydig prosjekt
Ein stad i samtidslyrikkEN åtvarar redaktør Jan Inge Reilstad mot oppheng når det gjeld tekstutvalet. Det er rett og rimeleg, for når det gjeld ein antologi med moderne songlyrikk, vil vi nok ha langt fleire oppheng enn når det gjeld ein antologi med leselyrikk. Dels kjem dette av bruksmåtane: Songar opplever vi både i kollektiv og i einsemd, ofte knytt til spesielle situasjonar i livet. Dels kjem det av samvirket mellom ord og musikk: Vi kan bli forførte av musikken og gløyme orda og kva dei inneber. Alle har vi vel opplevd sjokket med å få ein song for auga – som lesetekst – og sett korleis han fell gjennom når han er lausriven frå musikken. Eller sagt på ein annan måte: Opplevinga blir ei anna når songteksten ikkje (berre) er øyre- og tidkunst lenger, men blir overført til skrift som er auge- og romkunstens medium, der orda blir ståande på papiret framfor oss – motsett songorda som forsvinn for oss i den augneblinken vi høyrer dei.

Det er såleis eit tvetydig prosjekt Reilstad har gitt seg ut på. Visst er det fint og ofte naudsynt å ha nokre av dei beste songane frå ein tidsbolk samla mellom to permar, som (annan) skriftlyrikk. Men det er òg slik at den «naturlege» antologiforma for songtekstar ikkje er boka, men samleskivene. For å setje det på spissen: Antologisering av songtekstar i bok er eit varsel om at songane ligg på sotteseng – som songtekstar. Men dei kan få eit noko evigare liv som skriftlyrikk på museum der færre ferdast. 1800-talslyrikken er i mangt eigentleg ein songlyrikk som mange no (berre) kjenner som skrift som dei tileignar seg gjennom auget. Poesihistorisk er slik «trafficking» mellom det munnlege og det skriftlege ikkje uvanleg, og det er litt påfallande at Reilstad i så liten grad rører ved denne problematikken i sine for- og/eller etterord. Enda meir påfallande er det at songlyrikken frå 1800-talet ikkje blir nemnd i den 14 punkts opplistinga (i etterordet) over kor populærmusikken har sine skriftformer frå. Visst var skillingsviser viktige for Prøysen til dømes, men han var sikkert ikkje ukjend med korkje «Millom bakkar og berg», «Den fyrste song» eller «En villand svømmer stille» etter sju års folkeskole.

No tilhøyrer Reilstad sikkert ein generasjon som ikkje hadde song som eige fag (og viktig støttefag i norskundervisninga) på skolen, men mange av dei antologiserte poetane, Erik Bye, Alf Cranner, Ole Paus, Hans Rotmo, osb. hadde det. Den norske poesiens samvirke med samtidig nordisk og internasjonal (pop) poesi burde òg ha sine eigne punkt i Reilstads skjematiske framstilling. Konkret døme: Føresetnadene for Joachim Nielsens store, rus- og dødsridne rockepoesi er knapt i Paasche-Aasens «De nære ting», men kanskje hos Wergeland og hos internasjonale rockelegender.

God teft
Det står respekt av Reilstads innsats. Kvantitet framfor kvalitet kjenneteiknar mykje av songlyrikken, jamvel dei tekstane som er skrivne på det språket skrivarane faktisk kan, dvs. nynorsk, bokmål eller sjølve morsmålet: dialekt. Reilstad har god teft når det gjeld å plukke fram dei gode songane innanfor dei tematiske gruppene han opererer med og innanfor den tidsbolken han har valt seg. Nokre av dei kjende namna i perioden er alt nemnde, og at Reilstad ser ut til å ha ein spesiell kjærleik for rapmusikk, gjer ikkje noko. Dei valde tekstane forsvarer ofte sin plass i ein songlyrisk poesikanon. Det er såleis eit stort arbeid Reilstad har gjort med å lytte seg gjennom album etter album, song etter song.

Likevel synest eg han har gjort det vanskeleg for seg, og eg synest det er god grunn til å setje spørjeteikn ved sjølve den innretninga antologien har fått, ved tidsavgrensing og ved inndeling av songane. Kvifor ikkje utvide tidshorisonten til heile etterkrigstida? 50-talet var radioens stordomstiår med song og musikk som viktige og formande programelement. På 50-talet vart ungdomsomgrepet så å seie funne opp, mot slutten av 50-talet fekk vi jazz & lyrikkoppføringar, store songarar/songskrivarar som Prøysen og Sandbeck tematiserte samfunns- og samtidsfenomen på ein måte som vart ført vidare på 70-talet, ja, revyviser kunne òg nemnast i ein slik samanheng. Mellom mangt anna.

Med litt lange liner bakover – utover det å bruke Prøysen som prisme – kunne ein få auge på både kontinuitet og brot i denne lyrikken, ein ville kunne sjå at det «e itjnå som kjem tå sæ sjøl». Og med eit kronologisk ordna utval kunne ein kome ein «rett» songlyrikk-kanon nærare, der sjølve dei estetiske kvalitetane til songen, ikkje kva han tematiserer, er det avgjerande. Reilstad har til dømes med heile 14 «bakvendtviser». Er dei verkeleg så representative og er dei alle så gode sett i høve til andre typar songar? Eg saknar sjølv fleire lyriske viser. Å beskrive rommet for kjærleiksdiskursar i eit samfunn er òg ein måte å «gå inn i si tid» på, motsett det eksplisitt politiske som Reilstad legg særleg vekt på.

Meir problematisk er det at Reilstad med sine mellomtitlar og grupperingar legg føringar for teksttolkinga. Jan Erik Vold har nyleg lese «Så seile vi på Mjøsa» som Prøysens dødsmesse. Viss det er ei rimeleg fortolking, korleis høver da som prisme for Halvdan Sivertsens «Kjærlighetsvisa» eller for Åge Aleksandersens song om kjærleik ein far kjenner til barnet sitt (i «nasjonalsongen» «Lys og varme») under tematittelen «Frihetssanger og kjærlighetsdikt»?

Slike prinsipielle innvendingar tyder likevel ikkje at Reilstad har levert ein dårleg jobb frå utgangspunktet sitt. Snarare tvert imot: Med samtidslyrikkEN har han levert ein sterk søknad om å få redigere ein stor antologi i fleire band med songlyrikk frå førre hundreåret. Det burde ein kulturnasjon koste på seg!
Ole Karlsen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |