Dag og Tid nr. 24, laurdag 12. juni 2004
Lyrikk:
Midré gjer ein Solstad
I tillegg til å vera «interessant» inneheld Formular òg gode dikt, meiner Hadle Oftedal Andersen.
Markus Midré:
Formular
Oktober
Markus Midré er ute med si fjerde diktsamling. Den førre, Kom alle mennesker frå 2000, var skriven som ein slags asiatisk inspirert minimalisme. Men i Formular er han over i noko meir ekspansivt, noko meir prosessuelt. I alle fall i det ytre. I staden for å vera små og kresne ord oppe i hjørnet på kvar side, er det nå ein slags utskriven prosess ein blir vitne til. Dikta følgjer fortløpande etter kvarandre, med asterisk imellom, i staden for å byrja på ny side. Om eg har talt rett, er det heile 103 stykke av dei. Og formuleringar som «det regner, nei det er ikke sant/det regner ikke» svarer til det preget av forsøksvise utkast dei gjev. Som om dikta var skrivne ned fort. Som om forfattaren i staden for å retta dei til slik at dei avset det tydelege biletet og den avklarte forma, i staden blir førde inn i boka som råe utkast før forfattaren går vidare til å skriva
eit nytt.
Somme stader er denne synleggjorde prøvinga og feilinga tatt så langt ut at diktet er overstroke, som om forfattaren hadde angra seg. Men likevel er det altså inkludert i boka, slik at nett angeren eller blindgata kjem med som ein del av det framstilte. Og då, altså, som eit poeng ved det framstilte.
Med eige namn
Apropos den nylege debatten om romanen, der ein har stilt spørsmål ved om ein kan nytta denne sjangernemninga på ei bok som Dag Solstads 16.07.41, der forfattaren figurerer under eige namn:
jeg har glemt hva jeg heter
det skrev jeg, det skriver jeg
men det er ikke sant
jeg heter markus midré
jeg er syv-og-tyve år gammel
jeg er født på ettermiddagen
på regionsykehuset i tromsø
jeg bor i oslo
jeg har ikke sertifikat
jeg har ikke avtjent verneplikten
jeg har aldri arbeidet i hele mitt liv
tenk på disse setningene jeg skriver
i nattetimene, når alle sover
som du likevel ikke leser
hendene beveger seg hurtig, lydløst over bordflaten
underarmene skinner
som to lamper
Dei første tre linene er så vidt eg kan forstå litt typisk høgmodernistisk vrakgods frå avantgarden si tid. Så følgjer åtte liner som ligg tett på det Solstad poengterer i romanen sin: kva ein heiter, når ein er fødd, og ikkje minst: kva ein ikkje gjer, og kva ein ikkje kan. Det moglege sambandet mellom dei to er òg markert i måten tala er stilte opp på. Solstads romantittel er ein dato stilt opp på den måten ein stiller opp datoar på i dag, med punktum imellom, og ikkje slik ein stilte dei opp i 1941, med skråstrek og bindestrek. Og Midrés alder er altså ikkje tjuesju, som er den offisielle skrivemåten i dag, men derimot den opphavleg danske syv-og-tyve.
Så rundar diktet seg av, i to etappar. Først med ei ny paradoksal nekting av den modernistiske typen: Heilt bokstavleg er det ikkje sant at alle søv når forfattaren sit og skriv, og det er heller ikkje sant at eg ikkje les det han skriv. Og så i skildringa av armane som skriv diktet, og som skin som om den inspirerte gløden hadde sett seg i dei.
Frå dette, frå dei skinande armane som skriv diktet og som ikkje blir korrigerte av ettertankens endå klarare lys, faldar Formular ut ei løpande skildring av ein skriveprosess der det verkar som om mykje av poenget ligg i at den som fører ordet, strekkjer seg utover mot der han ikkje er, mot det som ikkje er han: hans eigen barndom, dei nå døde foreldra, kjærasten som har gått, flyktningane som forsøker å ta seg inn i England via tunnelen under kanalen. Dei sistnemnde er overstrokne, som for å markera at dei journalistisk orienterte skildringane av personar han ikkje har møtt, ligg så i utkanten av det poetiske at dei ikkje kan inkluderast. Men likevel står dei altså der, som overstrykingar, og er såleis med, som markering av ei grense for kor langt Midrés prosjekt strekkjer seg. (Og det passar jo godt at det handlar om å kryssa grenser, det desse personane forsøker
på.)
Ei øy med relasjonar
Poenget ligg nok i at så vel menneske som litteratur mykje godt handlar om å eksistera opp mot det me ikkje er. At me tenker frå oss sjølve, som eit nullpunkt, som noko me ikkje merker oss, og opp mot det som ikkje er oss. For i Midré sin versjon er det som om både menneske og tekst går frå anten å vera ei øy eller noko relasjonelt, til å bli ei relasjonell øy. Og sjølv om boka naturleg nok får eit springande preg av denne utspreidde tematikken, og av det forsøksvise ved framstillinga, så er det likevel mykje å la tanken og kjenslene arbeida med og gleda seg over i denne boka. Først og fremst gjeld dette altså det uklare feltet mellom dikta, og mellom boka og meg. Ei slik
flytting vekk frå den reine litteraturen er etter kva eg kan forstå noko nytt, noko som er på gang nå. Men her er òg dikt som står seg godt på eiga hand, om ein stoppar opp ved dei i staden for å hasta vidare. Og dét er sjølvsagt eit stort, stort pluss. At boka i tillegg til å vera «interessant» òg inneheld gode dikt.
Alt i alt er dette ei spennande bok, og ei utfordring for den som trur at dikt er noko ein alt har eit Formular for å forstå. Ikkje fordi eg forstår alt. Men der går det vel òg ei grense.
Hadle Oftedal Andersen
|