Dag og Tid nr. 23, laurdag 5. juni 2004
Roald Helgheim:
Bjøllesauen New York Times
Ingen får Pulitzerprisen for å støtte presidenten, sa Lyndon B. Johnson bittert i eit intervju etter Vietnamkrigen. «Du vinn ved å grave opp motstridande informasjon, med å lage sensasjonar», sa han til Atlantic Monthly-journalisten Doris Kearns. «Washingtonpressa er som ein ulveflokk når det gjeld å gå til åtak på offentlege tenestemenn, men dei er som ein saueflokk i sin eigen profesjon, og dei følgjer alltid bjøllesauene, leiarane for profesjonen, Lippman og Reston. Så lenge dei var med meg, hadde eg det bra. Men så snart dei forlet meg for å få dei fancy prisane sine, gjekk alle dei andre frå meg også. Men di meir dei hylte og skreik, di fastare bestemt var eg på å halde fram med mitt.»

Johnson snakkar om Walter Lippman (1889-1974) og James Reston (1909-95), politiske kommentatorar som prega amerikansk politikk i ei årrekkje. Lippman skreiv i 1947 ein kritisk artikkelserie han kalla The Cold War, der han gjekk til åtak på «oppdemmingspolitikken» til president Truman. Han var sidan ei permanent kritisk røyst når det gjaldt amerikansk utanrikspolitikk. James Reston var i New York Times som journalist, kommentator og redaktør. Namnet hans dukka gjerne opp i den kritiske Vietnam-litteraturen, men ettermælet er ikkje så lysande. Han stod på god fot med Det kvite huset, som heilt sikkert las kommentarane hans før morgonmøtet. Han støtta den offisielle grunngjevinga for at USA var i Vietnam, inkludert opptrappinga i 1965, då han skreiv at problemet når det gjaldt å skape fred låg ikkje i Washington, men i Hanoi. Underleg nok var det under Golfkrigen i 1991 at den pensjonerte kommentatoren vakna til liv, og skulda Bush senior for å ha «lurt oss inn i krigen».
Det er ein blodig ironi når The New York Times i desse dagar har gjort sjølvkritikken for dekkinga av oppkøyringa til USAs krig mot Irak, til eit stort nummer. Kvifor lærer dei aldri? Journalistikken under Vietnamkrigen er mellom anna dokumentert i det store tobindsverket Reporting Vietnam, utgitt av forlaget Library of America i 1998. Peter Arnett, Walter Kronkite, David Halberstam, Mary McCarthy, Norman Mailer, Harrison Salisbury, Tom Wolfe, Gloria Emerson, Seymor Hersh, James A. Michener og Hunter S. Thompson er blant legendene i verket, ein antologi som ikkje stiller nokon endeleg diagnose over journalistikken. Her er også det minnerike intervjuet Doris Kearns hadde med LBJ. Det er avsløringa av The Pentagon Papers som meir enn noko har blitt ståande som eit landemerke i Vietnam-journalistikken, då både Washington Post og New York Times prenta den hemmelegstempla rapporten Robert McNamara fekk utarbeidd om den amerikanske politikken i Indokina frå 1945 til 1968. Daniel Ellsberg, som var rådgivaren til McNamara, lak rapporten til avisene. Og som McNamara stadfestar i den fantastiske nye dokumentarfilmen The Fog of War, var den viktigaste opptrappinga i Vietnam tufta på falsk informasjon.

I den historiske sjølvkritikken 26. mai skriv redaktørane i The New York Times med at det er på tide å rette det same kritiske søkjelyset mot seg sjølve som dei i ettertid har gjort når det gjeld det sviktande grunnlaget for den amerikanske invasjonen i Irak. Ingen reportarar er spesielt nemnde, men etter det som blir vist til av artiklar om kjemiske våpen og dei vidgjetne aluminiumsrøyra til atombombebruk, peikar flasketuten mot Judith Miller. Ho var stjernereporteren som bygde sine informasjonar ukritisk på eksil-irakarar som den no skandaliserte CIA-informanten og potensielle spionen for Iran, Ahmad Chalabi. Den viktigaste artikkelen ho skreiv 8. september 2002, om Saddams førebuingar til å lage atomvåpen, vart brukt for alt han var verd av både Dick Cheney, Colin Powell, Donald Rumsfeld og Condoleezza Rice, som alle refererte til artikkelen i ulike fjernsynsprogram same dag.
Etter sjølvkritikken har The New York Times laga eit oversyn over relevante artiklar. Syndene er mange, men dei kulminerer med den samla amerikanske mediehyllinga av Colin Powells no pulveriserte FN-«dokumentasjon» 5. februar i fjor, på framsida av New York Times oppglødd omtalt som ein «nesten apokalyptisk katalog som femna vidare enn mange hadde venta». Sjølvransakinga blir 30. mai utdjupa av Daniel Okrent, som med tittelen «public editor» er lesarane sin representant blant redaktørane. Men kor djupt stikk sjølvkritikken?

Indirekte går det fram at han mellom anna er utløyst av forfattaren og journalisten Michael Massing, som i New York Review of Books i februar skreiv den store artikkelen Now They Tell Us. Dette er også tittelen på ei bok om amerikansk presse i Irak som kjem ut i juli. Han har intervjua ei rad aktørar, inkludert Judith Miller, og viser at undertrykkinga av dei kritiske røystene også i New York Times var systematiske. I den grad dei vart refererte, var det langt bak i avisa. Det var nok av kritisk kjeldemateriale å ta av, men Massing konkluderer med at samanlikna med andre store aviser, gav New York Times «større truverde til avhopparar, uttrykte mindre tiltru til våpeninspektørar og var mindre merksame på dissentarar».
Som førande avis svikta New York Times når det gjaldt. I ettertid, når alt held på å rakne, er det ikkje måte på kritisk journalistikk frå alle kantar. Det illustrerer det djupast forankra og skremmande i journalistikken, flokkmentaliteten, skriv Massing. Bjøllesauen har gjort sjølvkritikk, men kva har han og flokken lært?   

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |