Dag og Tid nr. 23, laurdag 5. juni 2004
Leiar:
Lagnadstime for sidemålet
Sidemålsdebatten går no inn i siste fase før endeleg avgjersle i Stortinget 17. juni. Senterpartiet og SV vil halda fast ved sidemålseksamen. Om Kristin Clemet og Høgre skal få det som dei vil, kjem kampen til å stå om Arbeidarpartiet og KrF.
Clemet vil nedprioritera sidemålet ved å ta bort sidemålseksamen i grunnskulen og ved å gjera sidemålet til trekkfag i vidaregåande skule. Deretter vil ho gjennom dei nye nasjonale prøvane svekkja nynorsken endå meir. Meininga med dei nye nasjonale prøvane er å testa nivået i norsk, matte og engelsk i 4., 7., 10. og 11. klasse (første året i vidaregåande). I Stortingsmeldinga står det ingenting om at desse nasjonale prøvane skal ta omsyn til at vi har to språk i Noreg. På konkret spørsmål om prøvane i norsk berre skal vera på hovudmålet, har departementet sagt ja.
Får Clemet det som ho vil, kjem vi på sikt ikkje lenger til å få ei reell skriveopplæring i sidemålet. Kvar elev veit at fag som ikkje er eksamenstyrde, vert nedprioriterte av elevane (og kanskje også av lærarane?). I realiteten kan bokmålselevane i framtida berre koma til å lesa dikt og romanar på nynorsk og førebu seg til ein eventuell trekkeksamen i sidemål. Resultatet vert uteksaminerte elevar frå den vidaregåande skulen med minimale kunnskapar om nynorsk.
Dette synest Clemet er OK. Vi kan ikkje kasta bort tid på sidemålet, for vi er så dårlege i hovudmålet vårt, seier ho, og kjem med påstandar om at 20 prosent av elevane har lese- og skrivevanskar. Til slutt kan mållova endeleg fjernast fordi ho ikkje kan etterlevast og nynorsken som likestilt språk i dette landet syng på siste verset. Då hjelper det lite å lokka med nokre millionar til eit nynorsk opplæringssenter ved Ivar Aasen-instituttet i Volda.
Rykte frå Stortinget i desse dagar seier at Arbeidarpartiet, KrF og Venstre, saman med Sp og SV, kan koma til å gjera sidemålet til del av grunnlaget for dei nasjonale prøvane. Det er bra, men skal vi tryggja gode kunnskapar i sidemålet, må elevane også ha eksamen siste året.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|