Dag og Tid nr. 23, laurdag 5. juni 2004

Kronikk:
Miljørørsla – ei krusing på overflata?

Har turismen, nyliberalismen, den nye kapitalistiske ånda og miljørørsla vakse ut av same kulturelle rota, spør Atle Møen.
Dei fleste menneske i dagens samfunn har utvikla ei eller anna form for miljømedvit, og dei aller fleste politiske program har eit grønt preg. Men likevel kan det sjå ut til at miljørørsla har vore ei krusing på overflata, og når rørsla har gått ned i djupet til dei kulturelle verdiane, har ho vore i slekt med ei ny kapitalistisk ånd.

Den eldste delen av rørsla, og på mange måtar den mest overflatiske, er naturelskarane og naturvernarane, dei som vil verna om villmarka. Den mest omseggripande delen av rørsla har vore djupøkologien som har kome med eit framlegg til ein omfattande motkultur, noko som inneber ei grunnleggjande omskaping av levemåtar og produksjonsmåtar, slik at naturen kjem først. «Greenpeace» har vore den globale, nettverksorganiserte og prosjektorienterte delen av rørsla, med vekt på militante aksjonar i einskildsaker, heller enn langdryge filosofiske drøftingar og omfattande endringar av livsformene. Og endeleg har det tyske partiet «Dei grøne» gjennomført ei omsetjing frå ei brei sosial, grasrotrørsle til politiske program og parlamentarisk arbeid.

Ny opplysningstid
For nokre år sidan var det stor optimisme med omsyn til kva miljørørsla kunne utretta, og det var eit løfte om ei ny opplysningstid, rett nok med eit slags omvendt føreteikn. I den første Opplysningstida representerte framtida lysande utvegar, på den måten at menneska vart modne og kunnskapsrike, og dei kunne difor frigjera seg frå kyrkja, tradisjonen og standssamfunnet.

I det postmoderne synet på framtida, mellom anna representert av miljørørsla, er ikkje framtida knytt til framsteg og nye utvegar, men framtida er svanger med den store faren for ein øydeleggjande miljøkatastrofe. Dette negative synet på framtida førte gradvis til at miljørørsla fekk eit defensivt program. Det vart eit fokus på å unngå faren, heller enn å skapa eit levedyktig prosjekt for ei ny samfunnsorganisering. Det var framleis slik at ein ny kunnskap om miljøet var nødvendig for å frigjera oss som menneskeslekt frå den store faren, men i den nye opplysningstida vart den kritiske krafta til vitskapen nytta i eit opprør mot vitskapen og teknologien.

Urealistisk kritikk
Det synest som om at side ved side med framveksten av miljørørsla, har det vore ei radikal forverring av miljøet og ei opptrapping av ressursbruken. Har kritikken mot miljøfarane vore for idealistisk og verdsfjern, slik at han i grunnen berre har prella av mot dei harde realitetane som vatn på den vidkjende gåsa? Det er ofte slik at ein urealistisk kritikk gir nytt liv og styrkje til det fenomenet som vert kritisert. Økofilosofien og andre liknande tankeretningar kan ha vore utopiske i negativ forstand. Dei har postulert ein samfunnstype og eit tilhøve til naturen utan å ta omsyn til dei innebygde potensial som ligg i faktisk eksisterande institusjonar, og det urealistiske i kritikken har fremja kapitalismen og det teknologiske overgrepet mot naturen.

Dette må forståast i samanheng med ei anna dominerande rørsle frå 80-talet som har omdanna grunnstrukturane i samfunnet gjennom å ekspandera marknaden, pengeverdien og vareforma. På den eine sida har det vore ei grandios omdanning av offentlege eigedomar, slik som energiforsyning, telekommunikasjon og kommunikasjon, til private eigedomar og varer på marknadsplassen. I Noreg er denne prosessen enno ikkje fullført, noko som slaget om Hafslund minner om, men det er forbausande kor liten motstand det har vore mot denne oreigninga av allmenningen til det norske folket.

Mobilitet
På den andre sida er grensene for kva som kan få ein pengeverdi flytta innover både i det reint menneskelege landskapet og innover i naturen og kroppane til folk. Når det gjeld kommersialisering og varefiseringa av den menneskelege erfaring og opplevingar kjem dette i tydeleg grad til syne i reiseverksemd, mobilitet og turisme. Det er fire millionar flypassasjerar på reise kvar dag, og til kvar tid er det 300.000 flypassasjerar over USA. Om lag 12 prosent av verdas samla brutto nasjonalprodukt vert skapt innanfor reise og turisme, og 8 prosent av all sysselsetjing er innanfor turismen og reisenæringa. Dette er ikkje i seg sjølv ei formasteleg utvikling, men i høve til miljøet er det neppe bra – til dømes er det slik at om lag 1/3 av CO2-utsleppa kjem frå denne mobilitetsindustrien.

Det er grunn til å stilla eit formasteleg spørsmål: Har den listige Historia igjen slått til og realisert det siste potensialet i kapitalismen gjennom ei ånd som i utgangspunktet var kritisk til kapitalismen – ei ånd som også finst i miljørørsla? Er det rett og slett slik at turistlivet, nyliberalismen, den nye kapitalistiske ånda og miljørørsla veks ut av den same kulturelle og samfunnsmessige rota?

Kunstnarleg kritikk
Fram til ein gong i 70-åra vart den dominerande motstanden mot industrikapitalismen ført av fagforeiningane og arbeidarrørsla. Det var ein sosial kritikk som hevda at kapitalismen medførte utbyting, ulikskap og oppløysing av solidariteten. Denne kritikken vart avløyst av ein «kunstnarleg kritikk» som hevda at masseproduksjonen i industrisamfunnet førte til standardiserte, lite kreative og usjølvstendige menneske, mellom anna fordi dei var innlemma i hierarkiske kommandostrukturar. Og i tillegg vart det klart for dei fleste at industrisamfunnet ureina naturen, forbrukte ressursane og skapte omfattande miljøproblem.

Dette var ein kritikk av kapitalismen, industrisamfunnet, byråkratiet og masseproduksjonen som var i slektskap med romantikken (og miljørørsla) sine førestellingar om autentisitet, kreativitet, oppleving og eit nytt tilhøve til naturen, der naturens eigenverdi vart framheva føre teknisk kontroll over naturen. Kapitalismen lever av sine fiendar, og det var nettopp denne kritikken og desse nye verdiane som var innhaldet i ei ny kapitalistisk ånd, og eit nytt historisk framstøyt for å omdanna naturen og dei menneskelege erfaringar til varer og byteverdiar.

Den nye kapitalistiske ånda har, iallfall i vesten, brote ned mange av dei hierarkisk organiserte industriverksemdene med masseproduksjon og streng kontroll over arbeidarar og leiarar. Det er no meir vanleg med nettverksverksemder og prosjektorganisering, der både vanlege arbeidarar og leiarane jobbar i relativt sjølvstendige arbeidsgrupper, som oppmodar til autonomi, eigenkontroll og kreativitet. Menneska sluttar no totalt opp om kapitalismen, gjennom å realisera verdiar om eigenadministrering og kreativitet, ein slags romantisk kapitalisme.

Romantisk konsum
Det nye konsum- og turistsamfunnet er også skapt gjennom eit slag av desse romantiske naturideala. Det er berre stupide puritanarar som vil leggja under seg naturen for å produsera fargelause masseprodukt. Ein naturelskar vil oppleva nyansane i naturen, vera på reise for å erfara nye kulturar og kjøpa produkt for å smykka ut eit erfaringsrikt liv. Dette nye verdisystemet opnar opp for omfattande marknadsføring og varefisering av alle sider ved livet.

Det kan altså vera slik at det ikkje berre er ein tilfeldig samanheng mellom miljørørsla og den formidable fornyinga av kapitalismen, det kan også vera ein slags indre samanheng mellom miljørørsla og den nye ånda, som er slik at kapitalismen har gjort eit nytt framstøyt på grunnlag av nye kulturelle verdiar, som mellom anna er skapt gjennom miljørørsla si naturoppfatning.
Atle Møen,
sosiolog ved Universitetet i Bergen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |