Dag og Tid nr. 23, laurdag 5. juni 2004
Kommentar:
Mor Noregs barn i mål
Det likaste er å vera likande, og lik alle dei andre. Slik er det i det egalitært autoritære Noreg. På det jamne, på det jamne, aldri i det himmelblå, nynnar vi, for det middelmåtige er vårt høge mål. I alt unnateke i konkurranseidrett. Ord som form, stil og prestasjon har berre meining for oss når vi kan knyta dei til idrett. Ordet danning tyder for oss fysisk fostring. Elite vil vi ikkje ha noko av, unnateke i konkurranseidretten.
Det var derfor ei glede å lesa det store litteraturvedlegget til Morgenbladet førre helg, der redaksjonen som jo (det veit jo alle) er ihopsett av elitistiske, folkeforaktande kulturnerdar med manglande allmennutdanning høveleg har gått i seg sjølv, teke ansvar for den norske litteraturen i det utanlandske utstillingsvindauget og omsider forstått at om litteraturen skal få halda fram med å vera ein del av det utvida idrettsomgrepet, så må vårt noverande litterære landslag ut av matchen. Innbytarane må inn på banen.
Det noverande landslaget skuffar. Spelarane kan heita Jostein Gaarder, Linn Ullmann, Erik Fosnes Hansen, Herbjørg Wassmo, Erlend Loe og Lars Saabye Christensen så mykje dei vil. Dei idrettsnyfrelste framsynte i Morgenbladet ser jo tydeleg at karane i dette laget liknar kvarandre altfor mykje. Loe og Wassmo: Same greie, liksom. Landslaget speglar ikkje breidda i landet sin samtidslitteratur, meiner overkikadorane (John Erik Riley og Bendik Wold), som derfor har sett seg nøydde til å utpeika ein heil junta av spåkjerringar sett saman av «fem av Norges dyktigste og mest engasjerte lesere», som fekk i oppgåve å finna eit nytt topplag. Og kvifor har dei gjort det? For å gje «ei beskjeden påminning». Så flinke Riley og Wold var som klarte å finna desse fem! Og den beskjedne påminninga, som har fått form som eit stort litteraturvedlegg som blei ført fram med paukar og basunar under
litteraturfestivalen på Lillehammer førre veke, har sanneleg fått skala til å falla frå augo våre.
Dei fem av dei dyktigaste og mest engasjerte lesarane i Noreg har no sett saman eit nytt norsk topplag, samansett av dei ti beste forfattarane i Noreg under 35 år. Denne nye «ti i skotet-lista», som dei kallar henne, er «forfatta for framtida»: Dei ti er forfattarar som blir spådde ein plass i framtidas norske litteraturlandslag.
Ein av dei er Mathias Faldbakken, ein kar som ifølgje den dyktige juryen kanskje ikkje driv med «litterariserte tekstar» (stilig ord, kva?), men han driv med installasjonar, prosjekt og manualar, og driblar elegant med trynefaktoren sin og eit psevdonym som vi likar å la rulla på tunga, fordi det minner om rasshòl. Spåkjerringane likar nemleg kraftord, og særleg seksuelle kraftord, og derfor har dei også teke Lars Ramslie med på laget, han med romanen Fatso, der einsemda som tema fekk ei lett overflatebehandling. Pytt med det. Men han har eit tryne, og det må vi ta alvorleg: Vi kjenner han igjen når vi ser han. Og Tore Renberg kjenner vi også igjen; han er så vedunderleg begeistra, den guten, han berre elskar litteratur! I eit topplag er det viktig å halda motet oppe, og Renberg representerer entusiasmen i norsk samtidslitteratur. Det er gull verdt, berre det. Det kan tyda gull til
Noreg.
Dei største prestasjonane i det nye topplaget sine matchar vil vi nok møta i Åsne Seierstads oppvisningar. Ho er den mest spennande. Ho toler slit, ho toler sludd, ho toler frost og varme, og det er ikkje godt å vita kva ho kan finna på: Ho er eit sant multitalent når det gjeld dribledugleikar; sakprosa, skjønnlitteratur, dikt og røyndom med henne skjer det så kjapt at ein knapt rekk å oppfatta kva som er kva, og steppar du inn i konfliktsona og spør henne, tek ho gjerne ein ideologisk fight. Spennande er også Carl Frode Tiller; ja, det er beint fram spåkjerringane si uvisse om kva grep han kan finna på å ty til som gjer han til ein av dei viktigaste forfattarane i Noreg i dag. For ikkje å snakka om Gunnar Wærness (Aldri høyrt om han? Du er teit, du!), han er med fordi han er uberekneleg. Best som vi trudde at rim, klang og grafikk var ute av poesien for godt, kjem
Wærness på banen med lydar og mellomrom. «I den eine augneblinken tømmer [han] språket for meining i neste sekund er setningane stappfulle av noko som verkar viktig.»
Ja, dei kan få sagt det, desse spåkjerringane: Noko som verkar viktig.
Espen Stueland har juryen valt ut fordi han har «en særlig evne til refleksjon, en tankekraft som ikke kan løsrives fra skrivemåten». Vanlege folk middelmåtige som nøyer seg med ein skrivemåte som ikkje kan lausrivast frå refleksjonen skjønar jo at Stueland si evne til å halda ut smerte (den same som hos trollet som har fått nasen sin fastklemd i ei trerot) kan bli avgjerande for å få Noreg inn i eliteserien i litteratur.
Det grufulle, det hjarteskjerande, kort sagt: ubehaget, blir av spåkjerringane rekna å bli det største framdriftsmiddelet når den norske boka skal setjast i mål; særleg vil Trude Marsteins romanar «tvinge den språkleg finkjensla teksten forbi den behagelege gjenkjenninga og opne for ubehaget ved tilværet». Supplert med Olaug Nilssens dristige og morosame litterære eksperiment «de kan minne om små lappetepper, skisseblokker» kan det nye topplaget bli direkte banebrytande for Noregs status i den nye verdslitteraturen.
Og for enkle scoringar, vil vi tru. Kultur er jo generelt noko ubehageleg noko, men med denne gjengen av uføreseielege, men kjende tryne (med unnatak av Wærness sitt, då, men berre vent!), så kan det ikkje bli mindre enn ein verdsrekord.
Yesssss: Dei ti beste samtidsforfattarane i Noreg under 35 år! Den nye vinen. Best til å vera spennande. Best til å vera uberekneleg. Best til å vera lovande. Best til å vera eksperimenterande. Best til å prøva kanskje ein gong å skriva riktig godt, kven veit, uføreseielege som dei er. Eliten! Ja, for vi toler å høyra det ordet no, når litteraturen er blitt konkurransesport.
Hæ? Høyrde vi namnet Bjarte Breiteig? At han burde ha vore med på det nye topplaget? Kvifor det? Har han meir enn mot i brystet og vett i panna; har han stål i bein og armar, ryggen rak og blikket fritt? Jaså, du veit ikkje, fordi du ikkje har sett han? Er det ingen som har sett trynet hans? Er det berre det at han kan skriva?! Verkeleg kan skriva, formidabel litteratur, kvar gong? Ikkje anna? HA!!! gå ta banen!
Nøste Kendzior |