Dag og Tid nr. 23, laurdag 5. juni 2004

Midtausten:
Dei mange andleta til Hizbollah
BEIRUT: I nyhenda får Hizbollah stort sett snakke gjennom rakettåtaka sine. Eg er på veg for å få ein meir artikulert versjon, frå Hizbollah-veteranen Sheik Khodor Noureddine.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

Det er litt av ei klassereise, dette: Eg gjekk inn i drosjen i det fasjonable shoppingstrøket Hamra i Vest-Beirut, der velståande libanesarar studerer produkta til Armani, Gucci og Versace med kjennarmine. Men etter kvart som bilen stampar seg sørover i det kaotiske trafikkhavet, blir bylandskapet raskt meir herja og fattigsleg. Og når eg går av i det sørlege Beirut tjue minutt seinare, er eg allereie i Hizbollah-land. I denne slitne delen av byen er meir eller mindre fattige shiamuslimar i fleirtal, og bilete av Hizbollah-leiaren Hassan Nasrallah heng i annakvart butikkvindauge. Som turist ville eg neppe reist hit ned, men eg har ein avtale her.

Kontorbygningen eg skal til, er sliten utanpå, men interiøret ved informasjonsavdelinga til Hizbollah kunne tilhøyrt eit vellukka reklamebyrå. Etter ein tryggingssjekk får eg vente med ein kaffikopp på møterommet, der det harde blikket til ayatollah Khomeini på veggen bryt noko med reklamebyråstemninga.

Verda til Hizbollah
Etter ti minutt kjem Sheik Khodor Noureddine. Han er medlem av det politiske rådet i Hizbollah, og ein av dei øvste leiarane til organisasjonen i Sør-Libanon. Ein noko streng framtoning, denne Noureddine, med eit litt skeptisk blikk bak brillene, eit velstelt skjegg, kvit turban, og han er innhylla i ei stor kappe som får figuren hans til å ruve.

Eg har oppsøkt Noureddine av fleire grunnar, først og fremst denne: At Hizbollah sitt perspektiv på verda omtrent aldri kjem til uttrykk i vestlege medium. Så får Dag og Tid vere eit unnatak. Og slik ser oppgåva til Hizbollah ut, i Noureddine sine auge:
– Vi vil hjelpe folket vårt på alle vis vi kan, anten det er med militær motstand mot Israel eller med sjukehus og skular. Utdanning og sosiale tenester er òg ein måte å forsvare folk på, og hjelpe dei til å bli i landet sitt. Vi vil byggje eit godt Libanon, men i Vesten kallar folk oss terroristar, seier Noureddine.

Da Israel invaderte Libanon i 1982, studerte han arkitektur på universitetet. Alt tidleg i okkupasjonen gjekk han inn i Hizbollah for å slåst mot invasjonshæren. Og der vart han verande. Men livet til Noureddine har endra seg i takt med Hizbollah: Den unge krigaren har blitt stadig meir av ein politikar.
– Hizbollah vart meir og meir eit politisk parti. Sidan 1992 har vi vore representerte i parlamentet. Det syner at vi ikkje er ei terroristgruppe.

– Terrorismespørsmålet kjem vi attende til. Men kvifor søkjer Hizbollah politisk makt?
– Mykje er gale i det politiske systemet i Libanon. Kring 70 prosent av folket er fattige. På same tid lever parlamentsmedlemmer og regjeringa i velstand. Dei mektige vernar privilega sine og nyttar dei til å bli enda rikare, dei bryr seg ikkje om folket. Men det gjer Hizbollah, seier Noureddine.

Brått kimar det dempa i ein mobiltelefon, med ein svært polyfon lyd. Noureddine grev rundt inne i kappa, finn telefonen og tek ein kort samtale. Så tek han opp tråden.
– Vi kan hjelpe folk med utdanning og helsestell, men det er ikkje nok. Vi prøver òg å presse regjeringa til å vere god mot folket, og halde prisane nede på bensin, straum, vatn og telefon.
Men det er òg grenser for kor mykje vi kan opponere mot regjeringa. Om regjeringa fell, blir staten kanskje øydelagd. Vi ønskjer å bevare Libanon. Og regjeringa ser oss som ei lovleg rørsle, med rett til å kjempe mot okkupantane frå Israel.

Rett til å slåst
Etter at israelarane trekte seg ut av Sør-Libanon, har Hizbollah konsentrert mykje av kampen sin mot Israel til Shebaa-gardane, eit lite, okkupert område i grenselandet mellom Libanon, Syria og Israel.
– Vi har rett til å drive israelarane frå Shebaa. Det er libanesisk grunn, seier Noureddine.
– Men dei fleste internasjonale observatørar meiner dette eigentleg er syrisk land?
– Syria seier det er libanesisk land, seier Noureddine, og eg anar eit lite smil i skjegget, eit glimt i auget.
– Dette er uansett ei arabisk sak, og som arabarar vil vi ordne det. På våre kart er Shebaa libanesisk.

– Mange hevdar at Syria berre brukar dykk til å halde press på Israel?
– Syria har ein del sams interesser med oss. Men Hizbollah blir ikkje styrt av Syria.
Sjølv om Hizbollah nok ikkje kan kallast ei fjernstyrt rørsle, er det ei kjent sak at Syria og særleg Iran har støtta rørsla tungt med både pengar og våpen i mange år. Men dette nektar Noureddine hardnakka for.
– Vi får berre politisk støtte. Som shiamuslimar gjev vi ein femdel av inntekta vår til dei religiøse leiarane. Og slik blir Hizbollah finansiert.

– Men de kunne ikkje skaffa avanserte våpen utan hjelp utanfrå?
Noureddine nærmast blæs av spørsmålet.
– Libanon var ein skog av våpen etter borgarkrigen. Om ei gruppe vil slåst mot okkupasjonen, kjem ho alltid til å finne støtte og våpen. Vi får støtte frå mange kjelder. Og vi trur at Gud vil hjelpe folket vårt. Hizbollah vann krigen mot Israel på grunn av trua vår.
– Kor viktig er trua for Hizbollah?
– Trua er fundamentet vårt. Vi trur at Gud gjev oss styrke til å leve, han styrer lagnaden vår.

Noureddine grev rundt inne i kappa si att, og kjem ut med ein røykpakke. Gitanes. Hizbollah-leiarar røykjer nok ikkje Marlboro, nei.
– Sigarett?
Eg takkar ja. Og vi røykjer fransk røyk under det strenge blikket til ayatollah Khomeini, og samtalen held fram.
– Om Hizbollah hadde all makt i Libanon, ville de da innføre sharia-lover?
– Hizbollah vil ikkje presse det libanesiske folket til å ha eit islamsk styresett. Vi har gode relasjonar med alle politiske grupper i landet, ikkje minst dei kristne partia. Folk i Libanon er ikkje redde for Hizbollah.

– Fridom i Iran
Og der har nok Noureddine i stor grad rett, ikkje minst fordi fundamentalistane i Hizbollah har dempa den religiøse gløden sin noko i seinare år. Like fullt er det eit faktum at det prestestyrte Iran er den viktigaste inspirasjonskjelda for rørsla.

– Vil du seie at Iran i dag er eit godt samfunn?
Noureddine dreg litt på svaret.
– Under sjahen var det ikkje noko demokrati i Iran. Situasjonen i Iran i dag er generelt god. Det er meir demokrati og fridom der enn i dei arabiske landa.
– Kva med kvinnene i Iran? Er dei frie?
– Dei har større fridom der enn i mange andre land, som Saudi-Arabia, der dei ikkje eingong får køyre bil.

– Organisasjonar som Amnesty International seier at folk i Iran blir fengsla og torturerte for meiningane sine.
– Situasjonen i Iran er mykje betre enn han var før. Etter revolusjonen prøvde mange land å boikotte og isolere Iran, difor vart situasjonen i landet kompleks. Om det er problem i Iran, er det på grunn av USA, seier Noureddine.
– Om styresmaktene i Iran bryt menneskerettane, er vel det deira ansvar, ikkje USA sitt?
– Styresmaktene har ansvaret for landet. Men Iran har ein vanskeleg situasjon på grunn av økonomisk og politisk press frå utsida. Skal ein snakke om eit land, må ein sjå på dei globale omgjevnadene til landet. Om USA ikkje omringa Iran, ville det vere betre å leve der, hevdar Noureddine.

Terroristar?
Så til spørsmålet om Hizbollah og terrorismen. Sjølv om det i dag er temmeleg tvilsamt å kalle dette ei terroristrørsle, er det liten tvil om at Hizbollah tidlegare har drive med kidnapping, bombeaksjonar og flykapring. Men dette nektar Noureddine å vedgå.
– Det var mange grupper i Libanon under borgarkrigen, og somme av dei dreiv med terror. Men Hizbollah sa mange gonger at vi ikkje var ansvarlege for slikt. Vi aksepterer ikkje at nokon skader vestlege gjester. Alle menneske er av Guds familie, seier Noureddine høgtideleg.

– Men Hizbollah støttar palestinske sjølvmordsbombarar som drep sivile israelarar?
– Høyr, dette er komplisert, seier Noureddine.
– Ein ung palestinsk mann som ser landet sitt stole, ser ikkje skilnad på sivile og militære israelarar. Han ser folket sitt jaga frå Palestina, utan rettar. Livet hans er utan framtid, og han vil drepe seg. For han er israelarar fiendar, sjølv om dei er sivile. Og ansvaret for dei sivile drepne har dei som fører jødane inn på okkupert land.

– Korleis har invasjonen i Irak endra situasjonen i Midtausten, slik du ser det?
– President Bush sa at dette var ein krig mot terrorismen. Eg spør meg: Er verda betre enn før? Heile regionen er verre enn før, det er no meir terrorisme. Vestlege regjeringar snakkar om demokrati, fridom og menneskerettar, men dei er sjølve terroristar og okkupantar, seier Noureddine.
– Hizbollah vil gjerne ha dialog med alle som vil snakke med oss. Men når USA snakkar om dialog, tyder det at dei vil snakke med regjeringar dei sjølve har i lomma. Dei vil ha ein samtale med seg sjølve!

Før tida vår er ute, forsikrar Noureddine meg om at han eigentleg er mot krig.
– Krigen i Midtausten gjer oss alle til taparar. Eg har familie, barn, og vil vere med dei. Men på grunn av kampen med Israel er eg borte frå dei 80 prosent av tida. Vi må slåst til kampen er vunnen, seier Sheik Khodor Noureddine.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |