Dag og Tid nr. 23, laurdag 5. juni 2004

Bøker:
Svart russisk forteljing
Andrew Meier gjev glitrande skildringar frå ruinane av det russiske imperiet.

Andrew Meier
Black Earth. Russia after the Fall
Harper Collins Publishers

Andrew Meier kom fyrste gong til Moskva i 1983 då avvikarar var dissentarar, kollegaer var kameratar, utanlands tydde Bulgaria, Budapest – i beste fall Cuba – og forfattarane peika på taket og snakka lågt. Sidan den tid har han tileigna seg svært god kunnskap om Russland.
Boka til Meier er bygd opp rundt reisene han har gjort i den gamle supermakta, som i dag har mange av dei karakteristiske trekka til land i den tredje verda.

Meier reiser til Moskva og St. Petersburg, men først og fremst tek han oss med til ytterkantane av dette enorme landet for å finna ut korleis russarane strevar med å overleva i ruinane av det store imperiet. Meier oppsøkjer det ekstreme der russarane har «sett lite av framgangen under den nye tida, men kjent mykja av smerta».

Han reiser til Norilsk i Sibir, bygd opp under GULag-perioden – ulikt Hitler sette Stalin fangane i arbeid. Kapitla om Norilsk og GULag bør vera pensum for alle i eit land med eit nasjonalleksikon – Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon – som ikkje har med oppslagsordet Kolyma, slaveleiren som er sjølve symbolet på sivilisasjonssamanbrotet under kommunismen.

Vladivostok
Og Meier dreg aust til Vladivostok, Sovjets gamle base for stillehavsflòten. På 1990-talet drøymde byen om å verta Russlands Hong Kong. Det vil nok ikkje skje, snarare er byen vorten eit sentrum for korrupsjon – der han ligg mellom folkemassane i Kina og rikdommen i Japan. Redsla for den «gule fare» er på nytt sterk, ikkje minst mellom titusenvis av militærfolk som er utan arbeid, ære og prestisje. «Vi veit at dagane våre er talde. Spørsmålet er berre kven vi skal overgje oss til», seier ei grensevakt lakonisk.       

Meier skildrar tilhøva i Tsjetsjenia – der eit folk blir gravlagd levande – og som lever i nesten total einsemd utan at verdsopinionen bryr seg. Blodtappa til skrekk og åtvaring for heile Russland, for å sitera den franske filosofen André Glucksmann. Eit av resultata er at mange unge muslimske tsjetsjenarar vert rekrutterte av unge menn frå Saudi-Arabia til militante fundamentalistiske rørsler. På nytt får russarane bygd opp biletet av tsjetsjenarane som hjartelause tjuvar som halshøgg mødrene sine dersom ein jordfeide krev det, og som held russiske fangar i små jordholer. Mytane er levande, ikkje minst takka vere russiske forfattarar og poetar som opp gjennom tidene har kome med svært så fantasifulle skildringar av dette fjellfolket.

Stalin framleis stor
Russland har aldri hatt noka «Vergangenheitsbevältigung» der ein har freista å læra, skjøna og vedgå brotsverka under kommunismen. «Kva er det å læra», spør ein gammal KGB-sjef på eit møte i Moskva. «Vi har ingenting å angra på. Vi prøvde berre å berga Sovjetsamveldet. Det er dei som skapte kaoset, som bør tenkja på anger.»

Lenin og Stalin vert enno i Russland sedde på som dei største gjennom tidene – saman med folk som Peter den store, Aleksander Pusjkin og Iurii Gagarin. På spørsmål kvifor Stalin fortener slik respekt, svarar folk «fordi han skapte landet». Mykje av sovjetnostalgien er knytt til saknet av internasjonal makt og prestisje. Meiningsmålingar viser at så mange som 74 prosent er leie seg for at Sovjetunionen er historie. I siste nummeret av Foreign Affairs drøftar den meritterte sovjeteksperten Richard Pipes (Harvard-universitetet) den konservative og antidemokratiske haldninga til russarane. Pipes konkluderer med at president Putin sakte, men sikkert, er i ferd med å skapa ein ny eittpartistat  og – ikkje minst viktig – han gjer det med støtte frå majoriteten av folket. Folket vil ha einevelde, og det vil ikkje ha politisk ansvar.   

Svart jord
Meier klarer å gje eit godt innsyn i historia, kulturen og dei politiske utfordringane Russland står overfor meir enn ti år etter Sovjetunionens fall. Det er ikkje eit vakkert bilete Andrew Meier teiknar av landet han har slik godhug for.
Møtet med alle einskildmenneska gjer boka svært leseverdig. Meier gjev ingen svar, men inspirerer til å studera russisk historie og samtid. Universiteta burde vera fulle av nordmenn som studerer russisk i desse dagar.
Det kjem ikkje ut mange bøker om Russland i Noreg. Dag og Tid skriv ikkje så mykje om Russland heller. Begge deler er vanskeleg å forsvara etter å ha lese Andrew Meirers bok.

Tittelen «Black Earth» viser til den grøderike russiske jorda og diktet med same namn av Osip Mandelstam frå 1935:

Kor plogskjer takksamt tek i mot den rike jorda
Kor roleg steppene ligg i vårløysing
Vel, eg ynskjer deg alt godt, svarte jord, vær stø, klårsynt
Ei svartrøysta stille er i gang

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |