Dag og Tid nr. 22, laurdag 29. mai 2004
Roald Helgheim:
Vi er alle fotografar
MALLORCA: Orsak, kan de ta eit bilete av oss? Det eldre ekteparet har med seg eit eingongskamera og vil forevige sydenturen sin. Of course, seier vi. Det er berre å trykke på knappen, og dokumentasjonen er sikra. Middelet til å dokumentere livet sitt er no allemannseige, ulikt den tida då eit fotoapparat var sjeldan, og bileta dukkar opp femti år seinare som gulna minne på «nært og kjært»-sidene i lokalavisa. Måtane mennesket kan forevige livet sitt på har auka dramatisk berre sidan Andy Warhol snakka om å filme det verkelege livet i verkeleg tid. Livet let seg ikkje redigere, men bileta gjer. Men no kan dei takast på hundre og ein måtar. Dei fyller fotoalbuma, dei fyller websidene, mobiltelefonen er det nye fotoapparatet, og aviser og media av alle slag viftar med pengesetlane for å gjere amatørkunsten til underhaldning.
Susan Sontag har skrive bøker om fotografiet, om dokumentarbiletet si rolle i historia. Og som sterk samfunnsdebattant var ho tidleg ute med å kommentere den offisielle retorikken om det grufulle terroråtaket på USA. Før støvet hadde lagt seg over ruinane eter Twin Towers skreiv ho at same kva ein kan seie om mennene som flaug to store fly inn i World Trade Center kujonar var dei ikkje. Å kalle dei det, slik Bush & Co var snøgge med ville ikkje hjelpe verda eit steg vidare i kampen mot vondet, skreiv Sontag, i ein artikkel så uhøyrd at ho vart sett på indeks i førande medium lenge etterpå. Men når media no er fulle av dei grufulle bileta frå Abu Ghraib-fengselet i Irak, kven kan fortolke dei betre for oss enn Susan Sontag? «What have we done?» spør ho i denne vekas store essay, her i Syden publisert i The Guardian, i eit essay som ikkje fekk stå ein dag ukommentert.
Sontag kjøper ikkje den politiske bortforklaringa frå Washington. Ei sak er at Rumsfeld snøgt var ute og slo fast at det bileta viste, ikkje var tortur, men overgrep, trakassering, «abuse», og at hendingane difor ikkje kjem til å bli forfølgde vidare som torturhandlingar. Det Sontag vil til livs, er Bushs påstand om at dei er einstaka handlingar som ikkje representerer «the true nature and heart of America».
«Det bileta fortel oss, er ikkje berre at desse handlingane vart utførte, men at dei som gjorde det ikkje hadde noka kjensle for at det var noko gale i det bileta viste oss. Verre enn det, bileta var tenkt sirkulert og sett av mange fordi det var moro alt saman. Og denne ideen om kva som er moro, er, diverre meir og meir og motsett det Bush fortel verda ein del av den sanne naturen og hjartet til Amerika».
Gjerningane vart utførte av einskildpersonar, javisst. Alle ugjerningar blir utførte av einskildpersonar. Spørsmålet er om ugjerningane, utførte av einskildpersonar, var del av eit system, at det var autorisert, og om det vart prøvd dekt over etterpå. Spørsmålet er ikkje om eit fleirtal eller mindretal av US-borgarar kan utføre slike handlingar, men om politikken til styresmaktene gjer slike handlingar sannsynlege. Det viktigaste er heller ikkje kva slags tortur som blir vist. Det grufulle i bileta kan ikkje skiljast frå det verkeleg grufulle at gjerningsmennene poserer smilande og forhånande saman med offera sine. Tyske soldatar i andre verdskrig tok gjerne bilete av ugjerningar dei gjorde i Russland
eller Polen, men bilete der eksekutørane stiller seg opp mellom offera, er faktisk sjeldne, skriv Sontag. Om det er noko bileta frå det irakiske fengselet kan samanliknast med, er det ein del av fotografia tekne på tidlegare 1900-tal av svarte amerikanske lynsjeoffer, hengande frå eit tre, mens ein heil flokk elles kyrkjegånde og respektable borgarar poserer smilande framfor lynsjeofferet som var det eit jakttrofé. Lynsjebileta var suvenir frå ei kollektiv handling der deltakarane kjende seg utan skuld for det dei hadde gjort. Slik er bileta frå Abu Ghraib.
Sontag stiller det skarpt, og ein av The Guardians faste kommentatorar, David Aaranovitch, kritiserer artikkelen hennar for å vere ein intellektuell versjon av Michael Moores «Bowling for Columbine». Eitt er sikkert, vi lyt alle stille spørsmål ved kva «vi» står for. USA har blitt eit land der fantasiar om og utføring av vald i aukande grad blir sett på som moro. Men gjeld det berre USA? Det USA har gjort, er å lyse verda i konstant unntakstilstand og setje gjeldande konvensjonar til side for titusenvis av menneske på grunn av ein «endelaus» krig mot terror. «Bileta er oss», skriv Sontag. Bileta viser ein kultur for grenselaus skamløyse. I ei verd der menneskeverdet framleis er på børs, ein «Animal Farm» der nokre framleis er meir like enn andre, vil den kulturen bestå.
Og vi er alle fotografar.
|