Dag og Tid nr. 22, laurdag 29. mai 2004

Kommentar:
Sjølvmord er ei synd
Professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen tok opp St.meld. 30, Kultur for læring, i denne spalta i førre veke. Eg bed ikkje om orsaking for å ta ho opp igjen denne veka av den heilt enkle grunnen at vi no er inne i ein lagnadstime for nynorsken.
Lagnadstime? Ja. Noreg er eit toskriftspråkleg samfunn. Det finst berre ein måte å oppretthalde eit tospråkleg eller toskriftspråkleg samfunn på, og dét er at store delar av fleirtalet lærer mindretalet sitt språk. Dersom fleirtalet ikkje gjer det, går anten samfunnet i oppløysing, eller mindretalsspråket. I det norske tilfellet er det helst nynorsken som vil gå i oppløysing dersom Stortinget den 17. juni vedtek St.meld. 30 i si noverande form.

Som mange no er tolleg klare over, går hovudtanken i meldinga ut på å avskaffe skriftleg eksamen i sidemålet (nynorsk for 85 prosent av elevane) i ungdomsskulen, og å trekkje ut ein del elevar til eksamen i sidemålet på det ellevte klassesteget, altså grunnkurset på vidaregåande. Det heiter i meldinga at sidemålet framleis skal vere både obligatorisk og skriftleg. Det skal altså korkje vere valfritt eller eit munnleg fag, og det er underforstått at vi skal bukke og takke for dét. Men no skal unge menneske etter det framlegget som ligg føre altså ikkje prøvast i denne delen av norskfaget. Det vert heller ikkje sagt noko om kva som skal liggje i at sidemålet skal vere obligatorisk. Det er til dømes slik i dag at kjennskap til dei nordiske grannemåla er ein obligatorisk del av norskfaget, men korleis denne plikta vert ivareteken av lærarane, kan trygt seiast å variere sterkt ut frå kunnskap og personleg hug. Slik er det nøydd til å vere med ein del av eit fag som er obligatorisk, men uprøvd.

Det trengst ikkje noko radarblikk for å gjennomskode at den nye ordninga inneber ei klar degradering av statusen til sidemålet i høve til dagens situasjon. I ein skulekvardag som i ikkje liten grad er eksamensstyrt, finst den ein soleklar statusskilnad mellom slike fag og emne ein kan verte prøvd i, og slike ein ikkje kjem til å verte prøvd i. Eg har enno til gode å treffe eit barn som ikkje forstår dette. I Høgres konkurransesamfunn vert ikkje denne sanninga mindre sann, og hugs i tillegg på at skulane no kjem til å tevle meir og meir om dei gode elevane ut frå offentleg tilgjengelege data frå eksamenar og nasjonale testar.

Utdanningsstatsråden er ein svært dyktig politikar. Det skulle ikkje forundre meg om ho ikkje har sett visse taktiske moglegheiter i at opposisjonen mot sidemålsframlegget hennar er splitta i ei anna sak, nemleg i kor stor grad det skal vere eksamen i ungdomsskulen. Da er det om å gjere at alle held hovudet kaldt, og hugsar på at spørsmålet eksamen ev. ikkje-eksamen er ei heilt anna sak enn korleis ein skal gi ungdom sjansen til å vise dugleik i begge målformer. Og ein kan leggje eit enkelt prinsipp til grunn, nemleg at ein ikkje endrar status i ein del av eitt fag, sidemålet, samtidig som ein ikkje endrar eksamensordninga i andre fag, eller i andre delar av norskfaget.

På litt sikt kan det godt tenkjast at eksamen i ungdomsskulen vil bli avvikla, og erstatta med normerte prøver. Same korleis løysinga der blir, er det eitt prinsipp som Stortinget bør knesetje no i samband med handsaminga av St.meld. 30, nemleg at dei nye prøvene, same kva status dei får og kva tid dei kjem, må prøve kunnskap i begge målformer. Alt anna er å slå beina unna det etter måten velfungerande toskriftspråklege samfunnet vi lever i, der ein har teke vare på samfunnsfreden m.a. ved å målkløyve mannen, som det heiter, og ikkje landet. Med andre ord får alle ta del i den kulturelle vinninga det er å få begge norske målformer inni seg.

Ein høyrer stundom ein argumentasjon om at det for nittisju år sidan, då sidemålsstilen vart innført, var berre eit lite mindretal som tok artium. Det store fleirtalet vart ikkje forstyrra av sidemålet. No må store grupper slite med det, også slike som ikkje har gode føresetnader for det. Mot dette kan ein innvende at det generelle formelle kompetansenivået i samfunnet har auka enormt på denne tida. Føresetnadene veks så å seie med utfordringane. Eit anna poeng er at arbeidslivet i det heile er blitt skriftleggjort. Mange fleire møter krav om passiv og aktiv bruk av skrifta i fleire situasjonar enn dei gjorde før, dels som resultat av datarevolusjonen. Når begge målformer er i bruk i samfunnet, og på mange område står nynorsken sterkare enn nokon gong, er behovet for aktiv kjennskap til begge målformer større no enn før, slett ikkje mindre.

St.meld. 30 nemner eitt konkret tiltak for å styrkje nynorsken, noko som elles er eit uttala siktemål med meldinga, og dét er å opprette eit kompetansesenter for nynorsk i opplæringa ved Ivar Aasen-instituttet i Volda, tilfeldigvis min arbeidsplass. Meldinga gir kompetansesenteret seks klart definerte og fornuftige arbeidsoppgåver. Det kan ikkje vere tvil om at det trengst eit slikt senter. Volda er den rette plassen for det, og Volda-miljøet vil gjerne ha det. Men to bitar må falle på plass.

For det første har St.meld. 30 som heilt korrekt utgangspunkt at vi veit for lite om sidemålsundervisninga i praksis. Det er forska for lite på ho, og det har vore altfor få kreative forsøk på å gjere ho betre av den typen som har starta opp dei siste par åra på Holmlia i Oslo, i Bærum og på Åndalsnes. I St.meld. 30 legg ein altså opp til eit handlingsforløp der ein på sviktande kunnskapsgrunnlag vil vedta å degradere faget i skulen, for så å opprette eit forskings- og formidlingssenter som skal kartleggje stoda og finne fram til nye og betre undervisningsmetodar. Ein vil med andre ord gi kompetansesenteret det verste tenkjelege utgangspunktet for arbeidet sitt. Dette er bakvendt.

Det andre momentet gjeld finansieringa. Ein ser for seg at kompetansesenteret skal finansierast med dei midlane som vert sparte inn ved at ein sløyfer skriftleg eksamen i ungdomsskulen og ved å gjere sidemålet til trekkfag i vidaregåande. Det står ingen plass kor store summar dette er. Det er uansett svært vanskeleg å sjå føre seg at ein på denne måten vil kome opp i slike beløp som skal til for å rekkje over dei seks arbeidsområda som vert blinka ut for senteret. Finansieringsopplegget heng altså ikkje på greip, og er ikkje greitt ut på ein seriøs måte.

Løysinga er enkel. Stortinget bør for det første sikre eksistensen for sidemålet i overgangen frå den noverande eksamensordninga til eit nytt regime med nasjonale prøver. Her trengst det eit prinsippvedtak. I mellomtida, og helst så snart som råd, bør ein få oppretta kompetansesenteret, som snarast må kome i gang med kartlegging og informasjonsinnsamling. På grunnlag av den faglege kompetansen senteret skaffar seg, må det etter nokre år få føreslå konkrete endringar i sidemålsopplæringa, og tiltak for å styrkje nynorsk som hovudmål, som departementet og Stortinget så tek stilling til. Først da vil ein vere i stand til verkeleg å styrkje nynorsken, slik St.meld. 30 seier at ein vil.
Eg er ingen teolog. Men eg har i alle fall fått med meg at sjølvmord i den kristne trua vert rekna for ei synd. Sjølvmordarane vart gjerne gravlagde utanfor kyrkjemurane, evig utstøytte som straff for ugjerninga si.
Kristeleg folkeparti er eit parti som i alle år har hatt ein god målpolitikk. Kulturministerens kulturmelding St.meld. 48 (2002-2003) inneheld noko av den sterkaste og mest gjennomtenkte argumentasjonen for nynorsken og for den norske språksituasjonen som kulturell ressurs på lenge.

Vi finn få spor av KrFs partiprogram og kulturministerens tankegods i St.meld. 30. Tvert imot. Dei er overkøyrde. Meldinga inneheld ei oppskrift for avviklinga av den offisielle tospråklegheita i Noreg.  
KrF sitt kjerneområde fell no i stor grad saman med nynorskens på Vestlandet. Der er KrF sterkt utfordra av Framstegspartiet og Høgre. KrF sine representantar særleg frå denne landsdelen har ingenting å tene på å støtte ei avvikling av sidemålet på Høgre og Frp sine premissar, slik St.meld. 30 legg opp til. Dette er deira symbolsak, ikkje KrF si.
Da håper eg berre at KrF sine stortingsrepresentantar ikkje frivillig går inn i rolla som sjølvmordskandidatar for ei svært dårleg sak.
Stephen Walton

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |