Dag og Tid nr. 22, laurdag 29. mai 2004
Klok på bok 665:
Berre på gjennomreise
Slik var det: Eg hengde opp ei leiestjerne på himmelen over den kalde sanden (for ja, det blir kaldt i ørkenen om natta, så skrekkeleg kaldt, like kaldt som dagen er heit, det minnest eg frå den tida da eg sjølv kryssa Sahara i lag med dei lite pratsame beduinane og den dess meir pratsame gamle norsklæraren min, alle bøkene hans og ein gammal bunke med uretta stilar hang og dingla frå kamelryggen, og han skravla natta lang under den vide himmelen, men det er ei anna soge).
I alle fall: Mange var de som følgde leiestjerna fram til svaret: Axel Jensen og Ikaros. Andre av dykk gjekk dykk ville, men kanskje fann de andre ting som var vel så interessante hemmelege, gløymde oasar av ord! Først to av dykk villfarne, modige sjeler som fann sin eigen veg:
«Då eg las denne oppgåva, tenkte eg med ein gong på Antoine de Saint-Exupery og Den lille prinsen. Eg henta boka i bokhylla, men fann ikkje dette sitatet. Eg tippar difor på at det er denne forfattaren, men Sand, vind og stjerner som er ein annan ørkenroman», skriv Brita Lundeland. Og Claude Rouget har tenkt i same banar: «Enten kan jeg ingenting om skjønnlitteratur (det kan godt være!) eller så er det Saint-Exupéry. Det er bare han jeg kjenner som har beskrevet ørkenen på en så poetisk og levende måte. Men jeg finner ikke ut hvilken bok det skulle være. En rask gjennomgang av Oeuvres (Samlede verker), en bok utgitt på fransk i Sovjet i 1972, som jeg fikk som gave av en russisk fransklærerinne i Sibir i 1997 (!) utelukker både Vol de nuit, Terre des Hommes og Pilote de guerre. Den
lille prinsen kan jeg utenat, så det er ikke den heller. Det er bare Courrier-Sud igjen, den første av hans romaner. Er jeg fullstendig på vidda, eller?«
Ja, gode Claude, du er det, eller på steppa, eller i feil ørken, og det er aldeles greitt. Og eg trur ingenting på at du ikkje kan noko om skjønnlitteratur. Og vi er alle nyfikne på denne fransklærarinna, og på livet ditt, men eg skal ikkje spørja. Eg er grei slik.
Så til dei rette svara, som var aldeles overveldande mange. Men om de er mange, så er de alle unike individ, eg veit det nok, og eg kunne ønskt eg kunne gje svar til dykk alle, og gje dykk kvar dykkar individuelle, gode klemmar. Men slik er ikkje denne verda. Alt eg kan gje, er eit par sitat:
«For nesten eit halvt hundreår sidan, nærare bestemt rundt 1957, var nok Axel Jensen ein av dei som vart betrakta som den nye vin blant norske forfattarar. Han hadde gått rundt på gatene i Oslo og prøvd å selje romanen sin, Dyretemmerens kors, som han hadde gitt ut på eige forlag. Noko særleg suksess vart nok ikkje det, og han drog seinare boka tilbake, og øydela restopplaget.
Til gjengjeld vekte den eigentlege debuten hans, romanen Ikaros frå 1957, stor oppsikt, og Jensen vart utropt til ein av dei store fornyarane i norsk prosa. Romantiske bilete av den unge dandyen frå Oslo, iført sandalar og kvit skjorte, sitjande ved ei steinhelle i den nordafrikanske øydemarka med penn og papir, gjorde nok sitt til å auke populariteten hans. For ikkje å snakke om då han kom heim med eksotisk indisk kone, iført kvit dress og langt hår, og la seg føre i seglbåt ved kai i Oslo.
Dei to neste bøkene til Jensen, Line og Joachim, vert neppe noko anna enn parentesar i norsk boksoge. Men då han prøvde seg som framtidsforfattar med Epp i 1965, viste Jensen heilt nye sider. Etter mi meining står denne vesle boka fullt på høgd med Huxleys Vidunderlige nye verden, Karin Boyes Kallocain og George Orwells 1984 når det gjeld å setje vår eiga samtid i relieff mot ei mogleg framtidig utvikling. Og elles anbefaler eg Jensens bok om Salman Rushdie: Gud leser ikke romaner.«
Men det gjer altså Gunder Runde. Og det gjer Torill J. Strøm:
«Med god hjelp av Monika på Myre bibliotek fant jeg fram til Ikaros Ung mann i Sahara fra 1957 av Axel Jensen. Boka var forvist til kjelleren og etter hva jeg kan se har den aldri vært utlånt før. Axel Jensen har tydeligvis ikke vært ettertraktet her ute. Men for sikkerhets skyld tok jeg den med heim for å bla litt, det er alltid noe spennende som dukker fram når en er på leit etter klokpåbokoppgavene. Sist da jeg var på sporet av Magris dukket en tynn liten roman av Andrej Makine opp Et livs musikk som kom på norsk i år ei nydelig bok og en dyktig forfatter som óg har gitt ut andre bøker på norsk. Kan kanskje brukes i Klok på bok.»
Kanskje det, Torill. Men ikkje før eg er viss på at alle har gløymt det du skreiv her.
«Først tenkte jeg på Behn, men det virket for lett, så tenkte jeg på Axel Jensen, og da stikkordet høitflyvende kom ble jeg sikker i min sak. Det må være fra hans selvbiografiske roman Ikaros; ung mann i Sahara som kom ut i 1957», skriv Øystein Omar Aas, og han har vunne premien denne veka!
Til alle dykk andre: Gå i kjellaren om de må, lyg, stel eller lån, heilt til de kjenner att dette, frå ein roman frå 2000, med fleire reiser, litt meir sand og mykje meir kjønnsliv. Få jordbruksingeniørar har støytt så mange menneske som denne forfattaren. Somme reknar han som noko av ein gris. Og ikkje som lekraste del av grisen heller.
Klok på bok 665
Alle reisehåndbøker er enige om at Surat Thani en by med 816 000 innbyggere utmerker seg som totalt uinteressant. Alt man kan si om den er at den utgjør et obligatorisk gjennomfartssted hvis man skal ta fergen til Koh Samui.
Send svar. Med ein gong! Til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, til faks 22414210, eller til klok@dagogtid.no. Ikkje noko tull no. Eg følgjer med dykk.
Helene Myrbråten
|