Dag og Tid nr. 22, laurdag 29. mai 2004
Film:
USA utan eggekartong
Den kontroversielle Robert McNamara kritiserer si eiga tid, men kva hjelper det når den amerikanske politiske mentaliteten er sementert, spør Walid al-Kubaisi.
The Fog of War: Eleven Lessons Of Robert S. McNamara
Regi: Errol Morris
«Dyr kjemper, men de fører ikke krig. Mennesket er det eneste vesen blant primatene som planmessig, i større målestokk og entusiastisk begår drap på sine artsfeller. Krig hører til menneskets viktigste oppfinnelser.» Sitert frå Hans Magnus Enzensberger i essayet Borgerkrig. Dette kom eg på då eg såg dokumentarfilmen om krigane til USA under den tidlegare forsvarsminister Robert S. McNamara. For krigsinstinkt har vorte ein av dei hevdvunne prosedyrane til den amerikanske leiinga sidan slutten av den andre verdskrigen. I The Fog of War vitnar McNamara om krigsvala til USA og meiner det er ein feil ved den amerikanske mentaliteten som fører imperiet på vondskapens ville vegar.
Dokumentarfilmskapar Errol Morris har intervjua McNamara, og presenterer McNamara si livserfaring i 11 leksjonar. Leksjonane er titlar på delane av filmen. Filmen fortel om USA si politiske historie sett frå innsida, ein angrande, sjølvkritisk, aldrande politikar som åtvarar og analyserer utan å leggja fingrane imellom.
Ærendet hans er at største feilen til den amerikanske politiske leiinga ligg i tenkjemåten leiarane gjer bruk av. USA burde difor endra tenkjemåten. Korleis? Han fortel ein metafor som viser skilnaden mellom den europeiske og den amerikanske tenkjemåten. McNamara var tidlegare sjef for bilfabrikken Ford. Fabrikken laga prangande bilar som fascinerte med utsjånad og storleik. Han samanliknar Ford med bilar laga av små fabrikkar i Europa. Ein liten fabrikk med ein liten bil kan aldri konkurrera med den store fabrikken til Ford. Men i praksis førte Fordbilen til ulykker og tap av mange tusen liv.
Pakningsmetaforen
McNamara spør venen sin: Kva er årsaka til dette? Bilane våre ser fantastiske ut, men i praksis er dei utrygge. Venen fortel han: «Løyndomen ligg i eggekartongen. Om emballasjen er god, knuser ikkje egga om dei dett ned.»
McNamara lærer av dette. Han endrar innpakkinga til Ford. Skadane frå bilulykker i USA vert reduserte. Å visa omsyn til menneskeliv, å verna om livet, vart teke omsyn til i Ford. Men ikkje i den amerikanske politikken. Derfor treng tenkjemåten ei endring, meiner McNamara: Å visa omsyn til menneskeliv, som første prioritet, som mål, må verta viktigare enn ein pynta fasade.
Han fortel korleis USA med vilje og utan god grunn brukte atomvåpen mot Hiroshima og Nagasaki. Etter at flyvåpenet bomba Tokyo, brende dei byen som var bygd av tre og drap 100.000 menneske. Etter at 67 japanske byar hadde vorte bomba, var det ikkje naudsynt å bruka atombomba. Japan var alt knust og overmanna med tradisjonelle våpen.
Krig framfor fred
Kva vondskap ligg i mentaliteten som fører til at Det kvite huset vel krig framfor fred? Her kviler eit instinkt som trugar sivilisasjonen vår.
Cuba-krisa er eit anna døme: McNamara fortel at USA fekk to meldingar frå Krustsjov då krisa kulminerte: Den eine meldinga var mild og opna for forhandlingar og løysingar på krisa. Den andre agiterte for konfrontasjon som om ho var send frå ein full mann. Her stoppar McNamara og seier: «Vi valde den meldinga som agiterte til krig.» Vi fann ingen annan utveg enn krigen. Kvifor? Her ligg feilen i den amerikanske mentaliteten. Verda var på randa av atomkrig. På få sekund kunne heile den globale sivilisasjonen vår vorte utrydda. Det som redda situasjonen, var den amerikanske ambassadøren i Moskva, som rådde til å velja den milde meldinga som var meir typisk for Krustsjov.
Vietnamkrigen er nok eit døme: Radaren til det amerikanske marineskipet tok inn urovekkjande signal i Tonkin-bukta ved Vietnam. Analysen gav rom for to tolkingar: Den eine var at eit åtak kunne vera på gang, og den andre at det var falsk alarm. USA-leiinga valde å gå til åtak på Vietnam, men det viste seg å vera falsk alarm frå Tonkin-bukta. Altså var òg den direkte årsaka til krigen falsk.
Dei døde menneska
McNamara fortel korleis det alt var bestemt å gå til krig då han spurde: «Kva skal eg seia til folket? Kva er grunnen til at vi vil føra krigen?» President Johnson svara: «Å redda folk i Vietnam frå kommunismen!» Krigsretorikken og legitimeringa av krigen vart produsert etter at vedtaket om å gå til krig alt var gjort.
Korkje filmen eller McNamaras leksjonar kan stoppa krigsmølla frå å rotera. Irak-krigen er eit døme frå vår tid som McNamara ikkje tek opp. Her viser også retorikken om masseøydeleggingsvåpen seg å vera falsk alarm.
Kva er vitsen med ein aldrande McNamara som i dag sit og snakkar om feila til USA? USA har som oftast føretrekt å øydeleggja heller enn å byggja, deformera framfor å informera og forstå. Å kritisera eigen maktposisjon for å fortelja historia, høyrer heime i historiebøkene om dei døde menneska, så lenge visdommen ikkje blir praktisert for å prega samtida og framtida vår. Det er tvilsamt om den amerikanske maktarrogansen blir kultivert av McNamaras 11 leksjonar.
|