Dag og Tid nr. 22, laurdag 29. mai 2004

Bøker:
Wardenær og det gamle språket
Kritikarfavoritten Torild Wardenær er ute med ei ny samling dikt, der ho går endå lenger enn tidlegare i forsøket på å få dikta til å reisa seg frå eit lyrisk språk som ligg i ruinar.

Torild Wardenær:
Paradiseffekten
Aschehoug

Eg har sett videoopptak av ein dansk lyrikkdebatt frå 1981. Det er dei intellektuelle 80-talslyrikarane som møter dei ikkje-intellektuelle 70-talslyrikarane. Og det er rått parti. Michael Strunge, Søren Ulrik Thomsen og Pia Tafdrup stel showet totalt. Mot desse kanonane har ikkje knekkprosaen som ein gjerne kalla 70-talslyrikken, fordi han hadde preg av å vera vanlege prosasetningar som var delte opp slik at dei såg ut som lyrikk, ein sjanse. Ein av 70-talslyrikarane las opp eit dikt som, sitert etter minnet, går slik som dette: «Om jeg kunne/ville jeg rive mit hjærte ud/ta det i hånden/og give det til dig.»

Korfor kjem eg til å tenka på dette nå?
Fordi Toril Wardenær er ute med ei ny diktsamling. Dette er allereie den sjette samlinga hennar sidan debuten for ti år sidan. Og med den kresne prosalyrikk-lyrikken sin har ho for lengst etablert seg som finsmakarane sitt val blant dei yngre, kvinnelege lyrikarane her til lands. Ho høyrer til der oppe, saman med Lunden, Bramness, Bøe og Hødnebø. Det er, kort sagt, ein poetisk triumf ein ventar seg når ein byrjar å lesa Paradiseffekten.
Men kva er det ein får?

Påfuglfjører
Eit av dikta sluttar med denne lina: «Kom, sier jeg til deg, bare kom og hent hjertet rett ut av kroppen min.» Og dette er ikkje den einaste belasta formuleringa ein finn her. Språklege påfuglfjører som «spiritus sanctus» og «in memoriam». Slappe formuleringar som «dette beryktede ingenting», «stotrende forsøk», «jeg tar vel munnen for full» og «det suser rundt oss». Dette er vrakgods frå ein annan lyrikk, frå ein patetisk høgstemd og samstundes heilt idélaus litteratur som er det motsette av poetisk triumf.

Likevel er det nok eit poeng med dette. For det har vore tendensar til ei vending mot bruk av patetiske verkemiddel i lyrikken dei siste par åra. Som om ein del forfattarar ønskjer å gje lyrikken tilbake det meir openberre kjenslemessige trykket han ein gong hadde. Men når dette blir gjort i dag, skjer det ikkje ved at dikta sluttar å vera tenkte. I staden er det som om dei belasta vendingane, dei som peikar mot dei store kjenslene, kolliderer med det intellektuelle og utpønska i dikta. Og på den måten kan ein nok oppfatta dei store orda som nett peikingar, som ei gestisk framvising av kva det er me har mista kontakten med.

Men dette er ikkje heile sanninga. For sjølv om Wardenær heile tida har gjort bruk av desse framande elementa, og kanskje til og med var den som introduserte dette i Noreg, så har ho i dei to siste bøkene sine gått lenger enn som så. For nå oppstår det noko som ikkje lenger bare er peiking, som ikkje lenger bare er kollisjon, i dikta hennar. Sjå bare her:

Det er hit jeg er kommet, og jeg venter meg ingenting
ikke lykke, ikke å forstå evigheten.
Vil bare sette ut stedets og tidens søkker
puste så lenge det er nødvendig
holde ett og ett formular opp mot lyset.
For kroppen har slitt seg igjen
er lastet med hjernemasse, kalk og galle
den flyter til lands og til vanns mot verdens utkanter og
sult tvinger meg til slutt til å spise stjerner.
Jeg eter dem rå.
Det er den sjuende dagen, på firmamentet står ennå noen urørt tilbake
et stykke av Virgo og heldigvis hele Corona Borealis.
Konsonantene står i sine bokser, tallene i sine rekker,
men alt dette er usikkert, elektrisitet gnistrer langs
kobberveiene, i magnesiumbrikkene og sølvnodene og
vi er blindpassasjerer.

Jeg klarer å stotre frem: jeg elsker deg.
De fordøyde stjernene lyser opp magesekken og deler av bekkenbeinet.
Jeg tar deg i hånden, holder om hodet ditt.
Er du blind, spør jeg, har døden slått deg blind.
Selv er jeg nesten stum av å reise slik.


Om du orsakar den lektorale tonen, så kan me konstatera at dette er ei skildring av vegen fram mot denne nye lyrikken: Hit har ho kome, konstaterer ho i opninga. Og me merkar oss at det ho held opp mot lyset, altså dikta, blir omtalt som «formular», som formel- eller skjemaprega tekst. Derfor er det ikkje så rart at det er det velbrukte, det vil seia formelprega, biletet å eta stjerner som står som kompensasjon for tomleiken. Og når ho så vender tilbake, er det med eit dikt som er på same måte som å stotra fram «jeg elsker deg». Men i denne situasjonen er «du», lesaren, blind for det som blir presentert. Og «jeg», den som fører ordet, er «nesten stum». For den som les, kan ikkje sjå at det er noko nytt bilete her. Og den som skriv, har ikkje noko nytt å seia. I staden for nye ord og nye bilete blir ein servert gamle ord og gamle bilete.

Modig
Dette er eit «risikoprosjekt». Å gå inn i ein skrivemåte som den Wardenær har valt seg, krev stort mot, fordi det er så mykje som kan gå gale. Og i somme av dikta får ho det til å svinga skikkeleg, på ein måte som faktisk minner litt om Edith Sødergran sin bruk av tradisjonstunge bilete og det litt grovt tilhogde for å formidla sitt eige indre. Men samstundes blir eg veldig i stuss når eg les denne boka. For sjølv om dikta heilt tydeleg oppfyller det «prosjektet» dei legg opp til, så er eg likevel litt skuffa over resultatet. Det er bra, men det er ikkje bra.

For det er vel bare å sjå i auga: å laga gode dikt av «dårlege» element er veldig krevjande. Men der Wardenær i dei tidlegare bøkene sine evna å skapa ei sterk spenning mellom det reflekterte og det patetiske, er det i dag som om denne spenninga er avløyst av ei meir einsidig interesse for den eine av desse to sidene. Og det er kanskje mogleg å skriva gode dikt frå ein slik posisjon òg. Men for at det skal lukkast, må nok det handverksmessige og/eller formidlinga av det kjenslemessige sitja så overordentleg godt at det oppstår ei kjensle av «trass i alt» hos lesaren, altså ei oppleving av at diktet reiser seg som Fønix or oska. For det er vel det denne boka handlar om: å få dikta til å reisa seg frå eit lyrisk språk som ligg i ruinar. Og slik eg ser det, er det bare i eit fåtal av tekstane at forfattaren lykkast med dette.

Så la oss heller seia det slik: Torild Wardenær er ein framståande lyrikar. Og den som ikkje har følgt forfattarskapen hennar, bør absolutt unna seg sjølv å leita fram dei fire diktsamlingane hennar frå 90-talet, dei som gav henne den heilt fortente posisjonen ho har i dag. Men utifrå den høge standarden ho sjølv har sett, representerer Paradiseffekten, og Titanporten som kom for tre år sidan, etter mitt syn ein nedtur og ei blindgate.
Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |