Dag og Tid nr. 21, laurdag 22. mai 2004


Politikk:
Rift om utflytta tilsynsjobbar
«Øydelagde og handlingslamma tilsyn», varsla kritikarane då Stortinget vedtok å flytte åtte statlege tilsyn og direktorat ut av Oslo. Men mengda av kvalifiserte søkjarar i blant anna Haugesund, Bergen og Lillesand fortel ei anna soge.  
Bente Kalsnes
bente@dagogtid.no

«Å trekkje på kompetansen i heile landet» var eit av slagorda som Victor D. Norman gjentok til det trøyttsame då flyttedebatten rasa som verst i Stortinget. På motsett side blei det sagt at flyttinga ville gå på tryggleiken laus, både til sjøs og i lufta. At regionane mangla kompetanse til å vere vertskap for dei åtte tilsyna og direktorata. Det store talet på kvalifiserte søkjarar til dei nye tilsynsjobbane kan tyde på at Norman trekte det lengste strået.

No viser det seg at sjøfartsbyen Haugesund er den mest attraktive av dei nye tilsynsbyane. 850 personar søkte på 20 stillingar i Sjøfartsdirektoratet. I desse dagar har 25 av søkjarane fått tilbod om jobb i Haugesund. I Bergen konkurrerte 530 søkjarar om sju jobbar i Konkurransetilsynet. Frå 4. mai var dei utvalde sju på plass i Telegrafbygget. 430 søkte på 10 trainee-stillingar i Post- og teletilsynet som skal til Lillesand. Dei ti heldige skal starte opplæringa 1. september i år.  

– Vi har vore meir opptekne av å rekruttere ny kompetanse enn å plage den eksisterande med stadige undersøkjingar om kva den enkelte ønskjer å gjere når vi flyttar. Vi veit at det blir eit stort fråfall, så det er viktig å overføre kompetanse frå dei som er på veg ut til dei som er på veg inn, seier fungerande informasjonssjef i Sjøfartsdirektoratet, Vidar Rekve.

Dei 25 skal få opplæring i Haugesund i åtte månader før dei går ut i jobb i hovudadministrasjonen i Oslo eller på ein av direktoratets 19 stasjonar langs kysten. Hausten 2006 er dei på plass i Haugesund saman med resten av staben.  Ei tilsvarande stor gruppe vil bli tilsett neste år.

Fiskemat frå Haugesund

Berre fem av dei tilsette i Sjøfartsdirektoratet sa at dei var viljuge til å flytte like etter flyttevedtaket blei gjort kjent. Seinast i 2006 skal direktoratet ha ei ny kartlegging, og Rekve reknar med talet blir nærare 25 enn 5 denne gongen. Inspirasjonsturen til Haugesund i april, sponsa av Haugesund kommune og det lokale næringslivet, er ei av forklaringane.

Fiskemat, omvisingar på grendeskular, Ivo Caprino-film om den lokale naturen og kulturen og konsert med Christina Bjordal Band skulle lokke Oslobuarane til å hive seg med på flyttelasset.

– Tilbakemeldingane frå dei tilsette var klart positive. Kommunen gjennomførte dette på ein profesjonell og varm måte, og fekk fram ei fin breidde av det dei kan tilby som by og region. Det er ikkje byen eller området som gjer at folk vegrar seg for å flytte, det har med heile livssituasjonen å gjere. Mange har barn i barnehage, gamle foreldre ein skal ta seg av og ektefellers jobbar å ta omsyn til. Sjølv om mange av våre tilsette er tilflyttarar til Oslo, har dei gjerne levd store delar av sine vaksne liv i byen, seier Rekve.

Å halde på dei gamle

Ei av dei største utfordringane for dei åtte tilsyna og direktorata er å halde på kompetansen lenge nok til å få lært opp dei nye. I tillegg til den formelle skoleringa dei tilsette har, er kunnskapen hovudsakleg utvikla gjennom mange års erfaring. I til dømes Sjøfartsdirektoratet og Luftfartstilsynet er snittalderen 55+.  

Normans mål var å få med så mange som 30 prosent av dei tilsette, i dag tyder mykje på at knapt 10 prosent flytter med jobbane sine, til trass for tilbod om etterutdanning, høgare løn, dekte barnehageutgifter eller gunstig bustadlån. Regjeringas flyttebudsjett er basert på at 20 prosent av dei noverande tilsette flyttar.

– Det er viktig for oss at vi ikkje mistar for mange av dei som speler nøkkelroller i organisasjonen. Vi er sårbare på sentrale kunnskapsområde, særleg når det gjeld internasjonale saksområde, og erfaring er sentralt, fortel Rekve, som også ser forgubbing som ein fare for organisasjonen. I tillegg snappar reiarlag og andre konkurrentar opp attraktive skipsingeniørar, teknisk og maritimt personell. Han reknar med at det vil ta frå 3 til 7 år før hovudmassen av dei nye tilsette er fullt ut opplærte i tilsynsjobbane.

Få vil til Bodø

Bodø har Norsk luftfartsmuseum og Widerøes hovudkontor. Snart får dei også Luftfartstilsynet. Men Luftfartstilsynet ser ut til å ha dei største problema med flyttesjauen.

Berre 3-4 av dei tilsette har sagt at dei ønskjer å flytte nordover, og tilsynet slit med å få inn kvalifiserte søkjarar til dei nye stillingane. Nyleg blei 34 jobbar utlyste, men av dei 313 søkjarane som kom inn, var det kun 50 som tilfredsstilte kompetansekrava.

– Vi er midt i ein prosess, men men mykje tyder på at minst 10 av stillingane ikkje blir fylt no, seier luftfartsdirektør Per-Arne Skogstad. Han skal heller ikkje flytte til Bodø.

Det er ikkje gjort i ei handvending å gjere teknokratar om til byråkratar.

– Vi kan ikkje gi folk opplæring i å vere flyinspektørar, det må ein ha erfaring for å gjere,  ein ha brei erfaring frå før for å kunne gjere ein slik jobb. Men vi kan hjelpe teknokratar til å bli byråkratar, seier Skogstad som etterlyser folk med spesialkunnskap om luftfart; flygeleiarar, flyingenørar og flygarar.

Han seier at tilsynet jobbar hardt med å halde på folk til flyttinga, blant anna gjennom auka løn dess nærmare ein kjem flyttedatoen. Mykje har også blitt gjort for å promotere Bodø; folk frå Bodø har tatt turen til Oslo for å reklamere for byen, men det er ikkje der problemet ligg, folk i tilsynet kjenner Bodø frå før.

– Hos oss er folk 50 år og meir enn det, og veletablerte med familie. Då er ikkje flytting den heilt store greia.

Men flytting av Luftfartstilsynet blir det, uansett.

– Vi gjer den jobben vi er sette til å gjere.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |