Dag og Tid nr. 21, laurdag 22. mai 2004


Roald Helgheim:
Den sekulære fundamentalismen

Då britane la under seg Egypt i 1882, argumenterte dei med at dette var naudsynt for å frigjere dei egyptiske kvinnene som gjekk med slør. I Algerie var den franske kolonimakta endå meir direkte, i bruken av sløret som symbol for kva som måtte fjernast – av franskmennene. Det slo ikkje an i det heile tatt. Tvert om tok fleirtalet av dei algirske kvinnene på seg slør i protest. Det vart eit symbol på nasjonalkjensle og motstand mot fransk kolonistyre, og etter åtte års frigjeringskrig måtte kolonimakta under de Gaulles leiarskap gje tapt.

Dømet viser sjølvsagt ikkje at det kvinnelege hovudplagget berre er eit frigjeringssymbol. Det kjem an på dei politiske og historiske omstenda. Men i ei tid då Frankrike i namnet til sekularismen og den franske revolusjonen nektar unge skulejenter å bruke skautet, er det unekteleg ein historisk ironi. Reint bortsett frå at dei som i dag brukar skautet på ny, som ein politisk protest, ikkje er i nærleiken av å vere den trusselen mot Republikken som dei algirske kvinnene var mot kolonimakta. Det er langt viktigare spørsmål som opptek den underklassen millionar av franske innvandrarar utgjer. Men følgjer vi kolonihistoria og går til Iran, ville shahen også forby skaut. Politiet vart utstyrt med fiskestenger til å rive sløret av kvinnene med. Det skremde mange av dei til ikkje å gå ut. Og som Berit Thorbjørnsrud skriv i boka Hijab i Norge : «Denne upopulære kampanjen la grunnlaget for at sløret... senere kunne fylle rollen som et samlende symbol for alle de som i 1979 ønsket et regimeskifte i Iran.»

Den statlege kampen mot sløret vart oppfatta som eit symbol på eit urettferdig og despotiske regime. Difor kunne det å bere slør symbolisere motstand mot regimet. Men då det nye islamske regimet etter revolusjonen innførte påbod om slør, kom det som eit sjokk på mange av dei som berre hadde brukt det som eit motstandssymbol. No vart det eit symbol for det motsette, og det å vise hår vart eit motstandssymbol. Men som den iranske fredsprisvinnaren Shirin Ebadi sa då ho kommenterte den franske debatten: Å forby hijab er like autoritært som å påby det.

Orkar vi meir om hijab no? Det var min første tanke då eg fekk den ferske Spartacus-boka Hijab i Norge i hende. Den oppheta norske debatten var like nedslåande som slike debattar flest, der vitsen ikkje er å søkje kunnskap, men å nøre opp under frykt. Nivået på ordskiftet som var, er via eit eige kapittel, der Thomas Hylland Eriksen har gått systematisk gjennom avisene. Det er interessant nok, men boka som har blitt til etter eit initiativ frå Senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo, er ei større gullgruve. Ho er eit must for den som søkjer kunnskap, om ei sak som går langt ut over spørsmålet om retten til å bere eit hovudplagg.

Thorbjørnsrud går opp historia for å illustrere det komplekse meiningsinnhaldet. Kari Vogt fokuserer på eldre historie, og understrekar at muslimske samfunn ikkje sjølv har funne opp hovudplagget, men har vidareført skikken og i dag gjort det til eit religiøst symbol for tildekking av kvinnene. Ein artikkel om bunad og norsk drakttradisjon er nok godt meint, men mest som døme på ein tradisjon som, med eit viktig unntak av læstadianarane, ikkje så lett let seg samanlikne. Då er det meir fart over Henri Peña-Ruiz, som talar den sekulære franske staten si sak. Han er medlem av den Stasi-kommisjonen Chirac oppretta den 3. juli i fjor for å reie ut sekularitetsprinsippet. «Sekulariteten har aldri vært religionens fiende, så lenge de kun bedriver åndelig virksomhet og ikke søker makt over det offentlige rom», skriv Pena-Ruiz. Han meiner saka gjeld «hvorvidt et offentlig rom – som er avgjørende for menneskets frihet – skal kunne bestå». Og han spør: «Er det så vanskelig å forstå at denne overdrevne, men svært så moteriktige, forherligelsen av forskjeller  (uth. her) fører til krig?» Slik manar han fram eit trugsmål der forbod mot religiøse symbol nok ikkje løyser alle problem, men: «En slik lov vil imidlertid redde det offentlige rom, som tilhører oss alle», mot det trugsmålet som oppstår om ein «slipper pressgrupper løs på Republikken». Ikkje nok med det. «Den religiøse ekstremismen er i virkeligheten medskyldig i den ekstreme liberalistiske avreguleringen som herjer dagens samfunn»!

Fareena Alam, som er redaktør for det viktige muslimske tidsskriftet Q-News i London, skriv ikkje berre om heimlandet England, men tar opp den sekulære hansken frå Frankrike. Fleirtalet av dei fem millionar muslimane i Frankrike fell utanfor, økonomisk og sosialt. Det er desse problema dei fleste er opptekne av. Av tolv millionar skuleelevar er det tolv hundre som brukar skaut. Tjue saker har skapt alvorleg strid. Berre fire elevar har blitt utvist. Ein trussel? Ho skriv om ein undertrykkjande sekularitet der dei veikaste alltid vil bli sett utanfor. Menneske som utøver ein religion, er ikkje åleine om ha med seg ein historisk bagasje. Også Alam meiner at ein stat ikkje bør ha noko religion. I staden må han skape eit rom der menneske kan praktisere trua si utan å krenke medborgarlege rettar. «Dogmatiske sekularister holder fast ved sin snevre samfunnsvisjon, og risikerer å forbryte seg mot prinsippene for rettferdighet, integrering og toleranse som de selv forfekter.»

Dette er berre nokre av momenta i ei viktig bok. Ein tung seksjon handlar rettar for religionsutøving, om skulen, om barnerett og foreldrerett, om rettar i arbeidslivet. Hijab i Norge er ein kunnskapskur mot fundamentalisme av alle slag, også den sekulære.  

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |