Dag og Tid nr. 21, laurdag 22. mai 2004


Økofilosofi:
Globaliseringa og økologisk mat
Matvarer blir frakta på kryss og tvers over heile jordkloden, medan dei ideelle konsumentane er i nærmiljøet. Kortreist mat gjev små utslepp av klimagassar og lite genetisk ureining.

Økologisk mat byggjer på enkle prinsipp om lukka krinsløp. Kunstgjødsel inngår ikkje i produksjonen, plantevern skjer etter naturmetodar. Mangfald gjev robust produksjon. Den vesle energiinnsatsen som går med, skal helst komme frå staden. Dei ideelle konsumentane er i nærmiljøet. Kortreist mat gjev små utslepp av klimagassar og lite genetisk ureining. Maten held på næringsverdien sin.

Slike lommer av økologisk idealproduksjon finst etter kvart over heile verda. Dei blir større og fleire. Men ein av dei tyngste utviklingstrendane i verda, globaliseringa, går i motsett retning. Globaliseringa handlar om ei internasjonal arbeidsdeling. Kvart land skal produsere dei varene dei er best til: nokre sukker, andre appelsin eller poteter. Nokre land eignar seg kanskje lite for matproduksjon, og må konsentrere seg om noko anna. Nokre hevder at Noreg er eit slikt land. Stordrift gjev monokulturar, fare for klimaendringar og sjukdommar. Mat og emballasje flyt i cargo over heile verda.

Forbrukarane får tilgang til all slags spanande mat, med duft av India, smak av Karibia, og kanskje Noreg. Forbrukarane er vi som har kjøpekraft til å velje. Vi vel politisk med lommeboka, slik globaliseringa tilseier, meir enn som borgarar i samfunnet. Statane gjev frå seg styringsrett, mellom anna til Verdas handelsorganisasjon (WTO). WTO skal gje forbrukarane tilgang til dei billegaste produkta verda kan by på, utan omsyn til miljø, arbeidsplassar eller om butikkhyllene har mat neste år.

Retten til mat

Eit avgjerande spørsmålet er om borgarane kan lite på den globale handledisken, eller om dei bør ha rett til sikker matforsyning frå eige land, så langt det er mogeleg. Under globaliseringa får regjeringane ikkje bry seg med å sikre nasjonal matproduksjon, maten skal berre finne veg til dei forbrukarane som har kjøpekraft. Med ein slik modell blir sjølv økologisk dyrka mat mindre økologisk på bordet, fordi transporten går over for store avstandar.

I den verkelege verda er mat ikkje noka vanleg handelsvare. Tilgangen på mat må vere ein rett, og vi må hindre at sårbare økosystem tek skade. Difor er marknadsliberalistiske økonomiprofessorar dårlege rådgjevarar på dette feltet. Dersom vi skal halde jorda i hevd, økologisere landbruket og ete kortreist mat, treng vi internasjonale handelsreglar berre for matvarer som kryssar grenser. I dag gjeld det ti prosent av matproduksjonen i verda.

Sårbare u-land

Noreg har dette synet i WTO, men dei seier det ikkje rett ut. Argumentet er at jordbruket har mange funksjonar: sikker mattilgang, biologisk mangfald, kulturlandskap, distriktsutvikling. Difor vil Noreg sikre seg rett til dei støtte- og skjermingsordningane som trengst for å få dette til. Det same hevdar majoriteten av utviklingsland, som er nettoimportørar av mat. Folket der klagar ikkje over subsidiar, som gjev billegare mat.

Skjerma i-land

Land som må importere mat, bed om å få skjerme den sårbare produksjonen sin. Men det vil ikkje vestlege land høyre. Dei store mateksportørane, USA, EU, Brasil, Argentina og Sør-Afrika, hevdar derimot at marknadene i andre land er eit fellesgode for alle som vil selje. Samstundes vil dei skjerme sine eigne små produsentar mot konkurransen. Under ministermøtet i WTO i Cancun i 2003 var EU og USA samde. Men utviklingslanda ville ikkje lenger godta kva som helst. Sør delte seg i to: Dei store mateksportørane med Brasil i spissen kravde subsidiekutt, marknadstilgang og rett til å sikre småbøndene. Den andre gruppa, statar i Stillehavet, Afrika og Karibia i lag med dei minst utvikla landa, ville skjerme seg mot den agressive eksportproduksjonen.

Eksportjordbruket

Dersom Noreg skal ta utviklingslanda på alvor, må vi tenkje to tankar på same tid. Den første er: Importen frå dei minst utvikla landa trugar ikkje norsk landbruk, og det er ikkje støtte til landbruket for konsum heime som øydelegg økonomien i u-landa. Det er det tungt subsidierte eksportjordbruket som er hovudproblemet, for utvikling og for økologisering. Å fjerne eksportstøtta og å gje høve til å subsidiere produksjon for innanlands forbruk vil hjelpe dei minste landa og dei svakaste folkegruppene. Det kan òg gje håp om meir økologisk mat.

Den andre tanken er: Dei fleste utviklingslanda har jordbruk som viktigaste kjelde til utanlandsk valuta. Difor må vi erstatte EU-sukker og USA-mais i våre butikkar med varer frå u-land. Dei må få mest mogeleg arbeid og verdiar ut av foredlinga. Dette står ikkje i motsetning til økologisering av jordbruket.

Desse måla krev ein annan internasjonal politikk for matvarehandelen.  Til det treng vi politikarar som vil kjempe for retten til å styre.
Helene Bank
bank@norignis.org

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |