Dag og Tid nr. 21, laurdag 22. mai 2004
Leiar:
Føreseieleg katastrofe
«Grab who you must. Do what you want». Sitatet er henta frå artikkelen til den velrennomerte journalisten Seymour Hersh i det amerikanske magasinet New Yorker. Hersh siterer amerikanske etterretningsoffiserar som hevdar at USAs styresmakter autoriserte spesielle avhøyrsprogram som tillet svært grove avhøyrsmetodar av terrormistenkte. Nye opplysingar viser også at overgrepa i Abu Ghraib var systematiske og ikkje berre avgrensa til dei sju underordna soldatane som til no er sikta i saka.
Ifylgje Hersh fekk Rumsfeld etter 11. september i stand hemmelege program som skulle gjera det mogleg å jakta på og få ut mest mogleg opplysingar av terrormistenkte. Programma kom i stand fordi Pentagon var frustrert over at avhøyra av terror-
mistenkte vart hemma av «byråkratiske hindringar».
Då motstanden auka i Irak og etterretningstenesta ikkje kunne god nok informasjon, auka frustrasjonen i Pentagon. «Dei kom ingen veg med fangane i Irak. Ingen namn, ingenting som dei kunne hengja hatten på.» Dermed vart dei autoriserte avhøyrsprogramma sist sommar også overførte til Irak. Det er liten grunn til å tvila på innhaldet i artikkelen i New Yorker. Seymor Hersh er ein respektert journalist med stor tillit.
Mange amerikanske yrkesmilitære mislikar sterkt Rumsfeld og det han står for. Mykje av grunnen til at denne saka har eksplodert no, er nettopp lekkasjar frå sentralt plasserte offiserar i dei væpna styrkane til Rumsfeld. Lekkasjar som Seymor Hersh ser ut til å ha stor tilgang til. Alt tyder på at ukjende informantar i det amerikanske forsvaret kjem til å halda fram med ein systematisk lekkasjepolitikk og at vi berre har sett starten på denne saka.
Avsløringane om tortur er ikkje uventa. Når du slepper til ukontrollert makt og koplar deg frå den store veven av internasjonale konvensjonar, reglar og normer, fråvik normalt mellomstatleg samkvem og kunngjer at alle som ikkje er for deg er mot deg, då styrer du mot ein føreseieleg katastrofe. Denne katastrofen opplever vi no i Irak, Afghanistan og på Guatanamo-basen.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|