Dag og Tid nr. 21, laurdag 22. mai 2004
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen:
Kultur som sidemål
Kultur for læring er tittelen på Stortingsmelding 30 (2003-2004), som fram til 17. juni er til drøfting i Stortinget. Meldinga handlar mest om den 13-årige grunnutdanninga, og er på mange vis forvitneleg. Særleg i synet på kva kvalitet er og koss han kan sikrast.
Meldinga er godt motteken av dei som sidan R-04 og L-97 har prøvd å gje skulen (og Gudmund Hernes) skulda for alt gale. Så er då også synet på læring i meldinga lite prega av den faglege utviklinga i norsk skule sidan byrjinga av 1990-åra. Ein ser lett at dei fleste skrivarane ikkje har brukt mykje tid i undervisningsarbeid siste ti-femten åra. Dette gjer at skildringane av undervisning og skulekvardag somtid får ein noko ufrisk dåm.
Det gjeld såleis omtalen av norskfaget. Berre sidemålet blir eigentleg drøfta konkret, resten er allment preik. Departementet tykkjer at sidemålet er for dominerande til eksamen, vil såleis ta bort sidemålseksamen i grunnskulen og gjere sidemålet til trekkfag i vidaregåande skule. Viktigaste grunnen er visst at «[d]en tradisjonelle sidemålsstilen har et innhold og en sjanger som oppfattes som negativ av mange elever».
Skrivaren var nok ikkje her merksam på at eksamensoppgåvene i sidemål og hovudmål siste ti åra har vore identiske, anten dei er trekte ut til «fagdagen» eller «ressursdagen». Dei som klagar, må vel då vere misnøgde med norskfaget i seg sjølv, eller delar av det. Slike klager held somme fram med resten av livet; mest trøyttande er dei som jamt tek fram eigne såre minne som grunnlag for utdanningspolitisk tenking. Argument ut frå kva ein trur elevar er misnøgde med, er såleis eit særs gyngande grunnlag, ja, ei hengemyr, og blir då heller aldri brukt overfor andre fag enn norskfaget. Som ein dermed får tru har ein særleg verknad på folk. Fjern alle eksamenar i norsk, då. Så kan engelsk vere einaste språklege eksamensfaget. Nokre meiner då òg at sidan norsk liksom andre språk talt av under 10 millionar menneske vil døy ut, bør vi innstille oss på det alt no. Jau, jau. Men for den nære framtida er det nok meir praktisk å seie som Arne Lyngstad, KrF-representant på Stortinget; anten
må alle eksamenar bort, eller så må sidemålet vere med.
Departementet framstiller spørsmålet om sidemålet som om det er ei lita teknisk sak i den store pedagogiske samanhengen. Og rett nok: Ein kan ikkje slik filologar og andre nyss har gjort uttrykkje seg som om pedagogikk er noko som (helst) ikkje vedkjem sidemålet. Hovudpoenget er at kvaliteten i opplæringa i basisfaga skal betrast: «Departementet mener at de mest sentrale grunnleggende [sic!] ferdighetene er: å kunne uttrykke seg muntlig, å kunne lese, å kunne uttrykke seg skriftlig, å kunne regne, å kunne bruke digitale verktøy» (s. 32)».
No vil Departementet, i samsvar med tilråding frå Kvalitetsutvalet, gjennomføre liknande prinsipp for den tretten-årige grunnutdanninga som Stortinget gjorde i Kvalitetsreforma for høgre utdanning. Reforma førde med seg at alle einskilde fagemne (modular) i høgskule- og universitetsfag no er oppsette med klåre læringsmål, og det skal vere skriving og individuell oppfølging over alt.
Blir det lagt same vekt på skriving i grunnutdanninga, kunne det gje svært interessante resultat. Då ville ein ikkje ha same nytte av eksamenar som før, for ein ville straks finne ut av kva for fagemne som treng styrking for å gje betre læring. Lærarar og elevar kunne lettare drøfte konkrete utfordringar. Særleg om ein kan knytte den individuelle oppfølginga av eleven til former for jamleg vurdering undervegs (formativ vurdering), til dømes mappevurdering. Fastsetting av (standpunkt-)karakter ville nok byggje på klårare kriterium enn i dag.
Desse spørsmåla er viktigare enn nasjonale testar og nasjonale prøver, for det gjeld den læringskulturen som skal utviklast på den einskilde skulen, meir enn kontrollbehova til Departementet. Men også slike testar og prøver må sjølvsagt dekkje båe målformer, skal dei fylgje opp den grunnleggjande intensjonen om sikring av kvaliteten for skriftleg opplæring.
Munnleg og skriftleg språkbruk har heilt ulike grunnreglar, og ter seg i praksis mest som to skilde språk. Pedagogisk har ein til no lagt for lite vekt på kva skrivearbeidet har å seie for kommunikativ kompetanse. Dialogen, den munnlege kommunikasjonen, har fortenstfullt nok ofte vore gjort til basis for språklæringa. Men for nynorsken har det ført med seg at mange lærarar har redusert heile språket til nokre formlar og historiske fakta, i staden for å sjå kva rom tradisjonen og særleg den no så sprelske og variasjonsrike nynorske litteraturen gjev både i opplevinga av mangfaldige mulegheiter, og for personleg utvikling.
Skrivekunna kviler på samansette typar dugleikar, der skrivaren alltid må ha eit fortruleg tilhøve til mange element samstundes såleis visuell estetikk, det logiske og det ulogiske, det målretta, det relevante, dei kommunikative mulegheitene, den saklege viljen, den personlege måten. Meir og meir av samfunnsverksemda er beint avhengig av lese- og skrivekunne. Dagleg driv flest alle av oss med tekstanalytisk arbeid. I ei digitalt organisert arbeidsverd så vel som i alle former for tenesteyting strevar vi med å bruke kunnskap om tidlegare og samtidige tekstar til å ordne informasjonen, gjere han tilgjengeleg og brukeleg. Alle kavar vi på liknande vis som eleven som leitar etter stoff på nettet til oppgåva si, for ikkje berre å kopiere, men utvikle tekstar vi sjølve kan stå for i havet av tekstbrokker som omgjev oss.
Skulen står overfor formidable oppgåver for å hjelpe unge menneske til å bli trygge på seg sjølve, så dei fritt kan ta del i kommunikasjonssamfunnet. Om skulen ikkje lukkast i det, kan han bli til ein nådelaus maskin som set skilje mellom dei som meistrar moderne skriftkultur og dei som fell utanfor, dei med og dei utan tilgang. Ut frå oppfatninga om at skriftkulturen er grunnleggjande for samfunnslivet, er Noreg betre stilt for å finne gode pedagogiske løysingar enn mange andre land: Vi har levd lenge og godt med skilnader i bakgrunn og uttrykksmåte, og har lagt vekt på respekt for skilnadene. Det finst då òg gode døme på at nokre har fått stor gevinst av å ta ta eit slikt kulturelt utgangspunkt heilt på alvor, t.d. «språkbads-pedagogikken» i Holmlia utanfor Oslo, der elevane i eit fleirkulturelt miljø gler seg over språkvariasjonen.
Å svekke stillinga til sidemålet no ville vere ei sterk symbolhandling med store praktiske fylgjer: Då er det slutt på at elevar over heile landet har lik tilgang til morsmålet, og ein vil få regional segregering i tillegg til den sosiale som alt har vore under utvikling ei tid, og som skulen aktivt er med på å skape. Så Stortinget kan ikkje handfritt overlate arbeidet med kvalitetssikring til Departementet, men må stille klåre krav til nye fagplanar. Såleis at skriftleg kompetanse i båe målformene skal styrkast, i og utanfor norskfaget, og at måla for skriftleg arbeid i bokmål og nynorsk klårt skal formulerast, i overordna mål så vel som i delmål for modular/fagemne og/eller einskildfag, noko som sikrar at sidemålet er med i alt vurderingsarbeid. Slik kan ein no faktisk styrke nynorsken i skulen, slik Clemet seier ho vil. Og det kan berre gjere godt for
språkutviklinga i seg sjølv, ikkje minst ved at nynorsken som eit levande språk vil endre seg i pakt med dei behova nye språkbrukarar jamt opplever.
Nei, nynorsken blir enno på lang tid ikkje så lett å få plass til i eit museum. Han gjer seg då òg best som ei levande kraft i dagleglivet. Det var det han kom til for å vere.
|