Dag og Tid nr. 21, laurdag 22. mai 2004
Klok på bok 664:
Medan dagen er lang
Jauda, de får det til. De følgde spora mine. Følgde elva til havet, det er jo den vegen det går, de fann fram som var de drivne av tyngdekrafta sjølv, eller de vart dregne ut til havet av instinktet, nett som smolten, til havs for å gjera dykk feite. Til eit anna hav, vel å merkja. Ordet er ditt, Gunder Runde:
Trieste og hav eller endå heller: Trieste og elv. Det er nemleg boka om Donau som Claudio Magris er best kjend for, her i landet i alle fall. Men dette er altså Un altro mare, skriven i 1991, omsett til Et annet hav på norsk året etter. Magris er ein lærd kar, professor i tysk historie, kunnskapsrik og original i sin litteratur. Han er fødd i 1939 i Trieste, og såvidt eg veit skriv han på italiensk.
Gunder Runde veit både vidt og breitt, han. Og Gunnar Bæra har òg funne vegen opp til Trieste, øvst i denne vesle tarmen av Middelhavet:
«Et annet hav er ein tynn, vakker liten roman i motsetnad til den følsomme mursteinsromanen/ reiseskildringa/ sjølvbiografien/ essayet/ kulturhistoria Donau som kom i billegutgåve på norsk same året, begge oversatt av Kjell Risvik. Mange kjende forfattarar har vore i den litterære hovudstaden Trieste, men dette er altså Claudio Magris (fødd 1939), professor i litteratur og historie ved universitetet i byen. Han har mellom anna omsett bøker av Ibsen og Hamsun til italiensk. To andre titlar av han fins på norsk Sabelen i kosakkens grav og Mikrokosmos. Eit svært interessant forfattarskap. Når får han nobelprisen?«
Vel, du kan spørja, du, Gunnar Bæra. Eg tok eit par telefonar til kontaktane mine i Sverige, og dei kunne fortelje at det blir i 2007. Men dei bad meg pent om å ikkje fortelja det vidare så det må ikkje de gjera heller, gode lesarar. Eg lit på dykk slik.
Så eit brev frå Olav Molven, og eg bed dykk vera særleg merksame på siste lina hans:
«Dette må vere Claudio Magris si bok Un altro mare (1991). CM er professor i tysk litteratur ved Universitetet i Trieste. Han er opptatt av å trenge fram til såkalla einarar, dvs menneske som søkjer etter uvanlege måtar å leve livet på.
Då eg segla på Donau burde eg ha kjent til Magris sitt hovudverk Danubio (1986). No må eg setje boka på leselista mi, og ta ein ny elvetur saman med germanisten i Trieste. Det ser eg fram til. Claudio M. har forresten omsett Ibsen. Utdraget i Kpb 662 er frå s. 10 i den norske utgåva frå 1992, Et annet hav. Eg tykkjer ho Helene M. er litt skummel med oppgåver og utdrag.«
Ja! Tenkjer eg. Slik skal det låte!
For skummel, det er eg. Skummel både med og utan gåseauge. Skumlare enn de anar. De har knapt sett toppen av isfjellet, resten kjem de ikkje til å merkja før de brasar inn i det ei kald vinternatt. Og dei vanlege måtane å leva livet på vel, dei har eg aldri forstått meg på. God reise, herr Molven! Du er ein klok mann. Og Elen Maria Todal er ei klok kvinne, sjølv om ho er svært smålåten denne gongen:
«Det er kanskje ein tatljåt måte å kome fram til Kpb-svaret på berre å slå opp i 92-utgåva av Årets nye bøker, bla seg seg bakover til side 10 der det står at Claudio Magris har gjeve ut Et annet hav, ny roman av forfatteren av Donau. Hav og elv i haug og dunge.
Og de som ikkje veit kva tatljåt tyder, kan berre ta det med ro. Anten veit du det, eller så veit du det ikkje. Det er ikkje eit ord for kven som helst. Elen Maria Todal kan òg ta det heilt med ro. I krig, kjærleik og Klok på bok er alt tillate. Og ikkje veit eg kva slu og lumske metodar Hilde Matre Larsen, Steinar Teigen, Brita Lundeland og Rannveig Lundqvist har brukt for å finna fram til det rette svaret. Ikkje vil eg vita det heller. Eg vil berre ha svar på kven som har skrive dette, eg:
Klok på bok 664
Vi er på den lange turen, sier mor.
Det hadde hun sagt allerede fra starten av. De er alle godt kledd.
Vi skal dit, sier mor og peker.
Men det er klart de små, ihvertfall de minste, er så små at de ikke kan se. Kan ikke se så langt, de er for små. Dagen er ennå lang og de er godt kledd. Den bittelille, den vesle med rød topplue, den mellomstore med fletter, den store og den største. De er kledd for den lange turen. Og det sildrer og renner, og langt framme er stien alltid liten og nesten forsvunnet. Men den er der og de er på vei.
Javel, kloke lesarar: Kor er dei på veg? Det er byrjinga på ei novelle, dette, så ein kan tenkje seg at det finst grenser for kor langt dei kan kome. Men grensa mellom Noreg og Sverige er i alle fall ikkje til særleg hinder for denne forfattaren, så mykje kan eg vel seia. Ho smyg seg over når det trengst. Novella er skriven i 1990, kan eg føya til, som om det skulle vere naudsynt. Som om eg ikkje ante kva slags folk eg har med å gjera. Som om eg ikkje var skummel.
He he.
Helene Myrbråten
|