Dag og Tid nr. 21, laurdag 22. mai 2004


Bøker:
Forfattardraumen
Kva får ein ung gut til å bestemme seg for å bli forfattar, og så arbeide mot dette målet i nesten 20 år til han debuterer først 38 år gammal?

DAGBOK
Knut Hauge:
Diktardraumar
Forlaget Då måta

Knut Hauge er ein av dei mest lesne og minst omtalte norske forfattarane i nyare tid. Den store serien hans om Ulfsætta gjekk i store opplag etter norske forhold, og gjennom fleire tiår skreiv han annakvar veke Rognerudbrev i Bondebladet med eit opplag på godt over 100.000. Med i forfattarskapen høyrer også ei rekkje andre bøker, skodespel, artiklar og forteljingar.

No har etterkomarane hans også gjeve ut dagbøkene som han skreiv mellom 1931 og 1940, frå han var 20 år til han nesten fylte 30.
Overgår fantasien

Det er spennande og fascinerande lesnad for alle som kjenner bøkene til Knut Hauge eller som på annan måte har møtt denne aktive mannen som intellektuell bonde eller organisasjonsmenneske. Lite er skrive om han tidlegare. Her får vi vite mykje. Og som så ofte elles: Sjølv om livet hans ytre sett ikkje er så dramatisk, overgår likevel det verkelege livet fantasien i bøkene. Det er alltid sterkare å lese det som er sant enn det som er dikt og fantasi. Og ekstra interessant blir det når vi møter personar vi meir eller mindre kjenner frå før og som vi har helst på, halvkjendisar frå Valdres og Gudbrandsdalen.

Eg trur ikkje Knut Hauge hadde tenkt at desse dagbøkene skulle publiserast, men den sjølvmedvitne unge mannen må i alle fall ha tenkt tanken at andre skulle lese det ein eller annan gong i framtida. Familien har gjort ei varsam redigering når det gjeld sterke karakteristikkar av andre personar, men alt dette er skikkeleg markert, og når det gjeld Knut Hauge sjølv og familien, er ikkje noko stroke sjølv om det mildt sagt kan vere lite flatterande. Derfor framstår dagbøkene som ekte. Dette er akkurat det Knut Hauge har trudd, tenkt og meint den gongen det vart skrive.

Mogen ung mann

Vi møter først ein bråmogen og veslevaksen ungdom, ein depressiv og kritisk odelsgut som saknar ein bror, og som har tenkt og fundert mykje på eiga hand, men som også har fått kveik av reflekterte lærarar. Vi anar at han ikkje så lett får kontakt med andre, og at sjølvtilliten er så elendig at han har behov for store dosar med positive tilbakemeldingar. Han må vise seg sjølv og andre at han er noko. Men kva skal han satse på? På skulen har han fått skryt for stilane, og sannsynlegvis var det ikkje så mange alternativ for sjølveksponering på 1930-talet. Han må bli forfattar for å bli eit verdifullt menneske i auga til seg sjølv og andre. Han tenkjer romanar, skodespel og forteljingar heile døgnet, og han skriv i kvilepausar og etter dagens arbeid på garden. Etter kvart får han noko på trykk i avisa Valdres og i ulike julehefte. Snart finn han også ein nisje i å skrive prologar og festtalar. Han blir ein tenkjar og ein talsmann.

Nær sagt frå dag til dag kan vi følgje den personlege mogninga og forfattardraumane medan han gjer praktisk arbeid på garden. Innimellom dette er det kommentarar om storpolitikk, og aktuelle saker som Oxford-rørsla, Nasjonal Samling, Brochmann-rørsla, og om korleis elektrisiteten og radioen kjem til Valdres. Ikkje minst interessant er samtidsskildringa av opptakta til krigen og invasjonen utan den etterrasjonaliseringa som er vanleg. Pinleg er det å lese om den naive religiøse søkinga, men befriande er det å høyre om veslesystera som i raseri og skam skrik at ho ikkje vil ha ein lekpredikant til storebror. Underleg kjenslekaldt og nøkternt er tilhøvet til ho som skal bli kona hans, og som han skal leve saman med resten av livet. På ein måte er heile dagbøkene med sine traurige skildringar av influensa og tett nase, ei rak motsetning til det frodige, lidenskapelege og ofte morosame livet i romanane. Det er som om det verkelege livet er så uroleg og trist at forfattaren må dikte eit meir spennande liv parallelt. Kanskje ligg ein del av drivkrafta bak forfattarskapen også her?

Når vi har lese romanar som fascinerer oss, tek vi ofte også til å interessere oss for forfattaren, mennesket bak boka. Nokre gonger kan det gå heilt gale slik at forfattaren blir eit hinder mellom lesaren og boka. Andre gonger kan kjennskap til forfattaren gjere bøkene enda meir interessante. Denne dagboka er først og fremst lesnad for dei som har lese romanane og forteljingane og som har teke til å interessere seg for forfattaren. At han også har mindre sympatiske sider, som alle oss andre, kan vere eit vonbrot for dei største beundrarane. For dei andre er boka ei kjelde til større forståing av Knut Hauge og bøkene hans, for dette er utan tvil den mest sanne og livsnære boka han har skrive.

Det er trist at det ikkje er Hauges gamle forlag, Aschehoug, som har gjeve ut dagbøkene. Da kunne nokre nybyrjarfeil også vore unngått. Bilettekstene er så små at dei nærast er uleselege. Og mange bilete er så likegyldige, så små og av så dårleg teknisk kvalitet at dei burde ha vore kutta ut. I staden kunne plassen vore brukt til å presentere dei gode og interessante bileta i større format.
Gard Espeland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |