Dag og Tid nr. 20, laurdag 15. mai 2004
Tortur:
Torturistar over heile verda
Tortur er meir eller mindre utbreidd i dei fleste av verdas 193 land, og det er i fredstid. Å kriga utan å tyna folk er utenkjeleg, same om føremålet elles skulle vera å styrta ein tyrann. Torturistar har oftast edle mål.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
«Kva om offeret veit kor den tikkande bomba er som kan drepa millionar? Kan torturen då forsvarast, spør den chilenske forfattaren Ariel Dorfman i ein kronikk som fleire europeiske aviser har trykt denne veka.
Han viser til Fjodor Dostojevskijs Brødrene Karamasov, der Ivan Karamasov spør broren Aljosja: Lat oss seia at lukka til heile menneskeætta står og fell på at eit lite vesen, eit barn, blir torturert i hel. «Hadde du gjort det?»
Den rettskafne Aljosja sa nei.
Men kva hadde svaret blitt om alternativa var mindre reinskorne, og såleis meir reelle: Kva om personen som skulle torturerast til beste for oss alle rett og slett er skuldig, ein massemordar og sjølv torturist? Om det å lata offeret få oppleva den same smerta han har påført andre, hadde gjeve alle andre fred, ville du gjort det? Dersom han som får kjønnsdelane knuste og huda brend, verkeleg veit kor den tikkande bomba ligg gøymt, bomba som når som helst kan utsletta millionar?
Ville du gjort det?
«Ville me seia nei? Ville me seia at tortur til alle tider er heilt og alldeles uakseptabelt. Eller er me så redde at me medvite er villige til i løynd og i vårt namn la andre utføra redslegjeringar som til evig tid kjem til å undergrava og forderva oss», spør Ariel Dorfman.
Fire millionar offer
Om lag 100.000 torturoffer over heile verda får kvart år behandling for skadane. Men mørketala er enorme: FN reknar med at så mykje som ein tredel av dei 12.000.000 flyktningane som finst i verda i dag er torturerte. Såleis skal det vera like mange torturoffer på kloden som det er nordmenn.
At det i dag nett er USA (og Storbritannia) som tortur-avskyen frå heile verda rettar seg mot, vitnar mest av alt om kor gale det har gått for den såkalla koalisjonen i Irak det siste året, ikkje minst på PR-fronten.
Me vende oss snart til å skumlesa og etter kvart bla forbi dei daglege, monomane, stadig mindre og meir bortgøymde notisane om drepne irakarar (til dømes 35 berre på dei to fyrste dagane i denne veka), men lenge talde folk i det minste dei drepne amerikanarane. Etter fem-seks hundre miste sjølv dei mest skadefroe av oss interessa for dei òg.
Torturen i Abu Ghraib får mange til å fatta ei splitter ny interesse for Irak-konflikten. Kvifor?
Kva er så spesielt med tortur, samanlikna med bomba, skotne og sprengde? Kva er meir trivielt enn å plaga dei hjelpelause?
Torturistane
Nær sagt alle gjer det, skal ein tru Amnesty International og ta tala i årsmeldinga til organisasjonen for 2003 på alvor. Det kan ikkje utan vidare tilrådast, for rubriseringa skil ikkje mellom tortur, til dømes langvarig varetektsfengsel eller mellom ein politimann som går berserk i Austerrike og eit heilt statsapparat som går bananas i Zimbabwe. I begge landa førekjem tortur og mishandling, slår Amnesty fast.
Oversynet til Amnesty er likevel interessant no i lys av den globale avskyen mot torturen til nett amerikanarane, nett i Irak og nett no. Det er ordna etter verdsdel:
I Afrika er især Angola, Kamerun, Eritrea, Kenya, Liberia, Mauritius, Togo og Zimbabwe trekte fram som vertskap for statleg tortur og mishandling.
I Amerika er 20 land, til dømes Bahamas, Belize, Trinidad og Tobago, Jamaica, Argentina, Venezuela og Colombia rapporterte for generell tortur og mishandling som styresmaktene utøver, medan Brasil, Equador, Mexico og Paraguay får merknad især for tortur og drap i fengsla.
USA er ikkje nemnt, men tala er frå 2003 og gjeld måten styresmaktene handsamar innbyggjarar i eige og ikkje okkupert land på. Cuba er nemnt av Bush, men ikkje av Amnesty som tortur-stat. Guantanamo må såleis vera eit særtilfelle i torturhistoria (etter Andre verdskrigen) som eit framleis ikkje avslutta laboratorieforsøk på kontrollert human massemishandling.
I Asia og på Stillehavsøyane skjedde tortur og mishandling på tradisjonelt vis i Afghanistan, Australia, Bangladesh, Kambodsja, Kina, Fiji, India, Indonesia, Japan, Nord-Korea, Sør-Korea, Laos, Malaysia, Myanmar (Burma), Nepal, Pakistan, på Filippinane, Ny Guinea, Sri Lanka og i Thailand.
I Europa og Sentralasia er det rapportert om offer for tortur og mishandling som soldatar, politi og andre styresmakter står for i heile 27 land, og ikkje berre i dei me ventar oss slikt av: Albania, Armenia, Austerrike, Aserbasjan, Kviterussland, Belgia, Bulgaria, Den føderale republikken Jugoslavia, Frankrike, Georgia, Tyskland, Hellas, Ungarn, Italia, Kasakhstan, Makedonia, Moldova, Portugal, Romania, Russland, Spania, Sveits, Tadsjikistan, Tyrkia, Turkmenistan, Ukraina og Usbekistan. Oftast er det nett i fengsla denne torturen går føre seg.
I Midtausten og Nord-Afrika er 18 land nemnde av Amnesty for tortur og mishandling i 2003: Algerie, Bahrain, Egypt, Iran, Irak, Israel, Jordan, Kuwait, Libanon, Libya, Marokko/Vest-Sahara, Den palestinske sjølvstyresmakta, Qatar, Saudi-Arabia, Syria, Tunisia, Dei sameinte arabiske emirata og Yemen.
I til saman snautt hundre land blei det altså rapportert om mishandling og tortur frå nasjonale styresmakter si hand attåt den som eventuelt private interesser og okkupantmakter måtte ha gjort seg skuldig i. I tillegg er ein del rike land i Vesten, som til dømes Sverige og USA, skulda for å ha sendt flyktningar attende til tortur i heimlandet. Og ser ein nærare på kven som blir mishandla og torturerte i EU-området, finn ein at det òg oftast er flyktningar og asylsøkjarar. Detaljane finn du på http://web.amnesty.org/report2003
Såleis skulle ikkje den trass i alt relativt mjuke torturen i Abu Ghraib-fengselet vera så uventa og oppsiktsvekkjande som medie-oppslaga tyder på. At muslimar kjenner seg djupt krenkte av å sjå nakne irakarar i amerikansk hundeband, er forståeleg. Det underlege er at deira eigen tradisjonelle tortur, som til dømes steining og Sharia-lover som er verkeleg skrekk-inngytande, opprører dei mindre: I Afghanistan, Iran, Nigeria, Saudi-Arabia, Somalia og Sudan er til dømes lemlesting ein offisiell straffemetode. I Kenya, Malaysia, Pakistan, Tsjetsjenia, Singapore, Sri Lanka, Tanzania, Yemen og Zimbabwe piskar dei fangane. «Better the devil you know then the one you dont».
Men dei som med overgrepa i Abu Ghraib-fengselet har fått det endelege provet på at folk i Irak og andre stader hadde det betre før dei blei tvangsfrigjorde og bombedemokratiserte av USA, må og ta stilling til eit paradoks: Den einaste grunnen til at folk no har fått høyra om og sett bilete av overgrepa, med von om at dei skuldige blir trekte til ansvar anten det skjer i ein rettssal eller i eit vallokal, er nett demokratiet og ytringsfridomen som USA har prakka på dei.
Tortur i Irak, teater i Washington
I dag framstiller media tortur som noko nytt for USA. George W. Bush ante ingenting, seier han, men presidenten kunne spurt far sin, tidlegare sjef for CIA.
I CIA-handboka The Human Resource Exploitation Training Manual 1983 heiter det mellom anna i kapitlet «Trugsmål og frykt» at:
«Trugsmål om tvang svekkjer vanlegvis motstanden og bryt han ned meir effektivt enn tvangen sjølv. Til dømes kan trugsmål om smerte skapa angst som er meir øydeleggjande enn smertekjensla. Dei fleste undervurderer evna dei har til å tola smerte.
Kor effektivt eit trugsmål er, heng saman med personlegdomen til subjektet, om han trur spørjaren kan og vil setja trugsmålet ut i livet og om kva han trur er årsaka til at han blir truga. Eit trugsmål skal setjast fram med kaldt hovud, ikkje ropast i sinne eller som svar på fiendskap som subjektet måtte uttrykkja».
CIA-Handboka vier eit heilt kapittel til ulike tvangsteknikkar: langvarig innesperring, langvarig utmatting, ekstrem varme, kulde, fukt, svolt og søvnmangel, isolat, trugsmål, fråvere av alle slag kjenslestimuli, hypnose og bruk av narkotika eller placebomedisin.
Human Resource Exploitation-boka set lov til side. Handboka slår fast at det er viktig å kjenna dei gjeldande lovene om fangehandsaming, men legg til at «ulovleg fangehandsaming skal alltid på førehand godkjennast av hovudkvarteret».
Men det må òg seiast at det var president Bush senior, CIA-sjefen frå 1976-77, som etter oppslag i New York Times og ei påfølgjande kongresshøyring i 1988, blei tvinga til å svara offentleg for denne typen av faglitteratur. Offisielt blei bruken torturhandbøkene stogga ved minst sju USA-drivne militære treningssenter i Latin-Amerika, og på US Army School of Americas, den illgjetne «diktatorskulen» heime i Fort Benning, Georgia.
Korleis torturhandbøkene til USA ser ut i dag, etter 11. september, får me ikkje vita før dei hemmelege dokumenta blir nedgraderte om ti års tid. Rapportane om mishandlinga av fangane, ikkje berre i Abu Ghraib-fengselet, men òg i Camp Bucca i Irak, på amerikanske flybasar i Bagram og i Kandahar i Afghanistan, og marinebasen på Guantanamo, Cuba, inneheld likevel påfallande mange likskapstrekk med den gamle CIA-manualen, som offisielt gjekk ut av bruk før 1990. 1990-talet var det tiåret USA gjekk med silkehanskar. Til 11. september 2001. Då var det på tide, kunngjorde forsvarsminister Donald Rumsfeld, å ta hanskane av.
Torturoffer-talen
Eitt tyder likevel på at George W. Bush kan tala sant når han seier at han ikkje kjende til bruken av amerikansk tortur i Irak og det er talen han heldt nett om temaet tortur i fjor:
«Fridom frå tortur er ein menneskerett som ikkje får brytast. (...) Likevel held tortur fram over heile verda i bandittstatar som nyttar metodar som høver til målet dei deler om å bryta ned menneskeånda. Slag, glør, valdtekt og elektriske sjokk er nokre av dei avskyelege reiskapane desse regima nyttar for å terrorisera sitt eige folk. Desse foraktelege brotsverka kan ikkje tolererast av ei verd som set rettferd i høgsetet«, sa president George W. Bush den 26. juni 2003, på den internasjonale FN-dagen til støtte for torturoffer.
Då var framleis tortur noko som heilt andre enn USA dreiv med, og hadde Bush visst betre, er det rimeleg å tru at han hadde smurt mindre tjukt på:
«Notoriske menneskeretts-foraktarar, som mellom andre Burma, Cuba, Nord-Korea, Iran og Zimbabwe har lenge prøvd å løyna overgrepa sine frå verdas auge ved ikkje å sleppa menneskerettsgrupper inn. Til nyleg nytta Saddam Hussein liknande metodar. Med frigjeringa av Irak får verda kjennskap til det enorme omfanget etter tre tiår med overgrep mot det irakiske folket. (...) Dei mest overtydande prova finn me i historiene til dei som overlevde torturen, som fortel om stor variasjon i sadistiske handlingar mot dei uskuldige. Vitnemåla deira minner oss om motet deira til å halda ut under eit av dei mest brutale regima i historia, og dei minner oss om at liknande råskap går føre seg attom lukka dører i andre fengselsstatar.
USA støttar opp under arbeidet med å eliminera tortur over heile verda, og me går i brodden for denne kampen som føredøme (...)».
I denne samanhengen, som ein flott avslutning på talen, kunne George W. Bush ha sitert om så berre ein setning frå den illgjetne torturhandboka som namnet til faren er knytt til:
«Generelt kan ein seia at direkte fysisk brutalitet berre skaper avsky, fiendskap og ny kampvilje».
Dette, om ikkje anna, kan ha gått i gløymeboka då Bush senior makulerte restopplaget av The Human Resource Exploitation Training Manual, og ingen er vel meir leie for det i dag enn sonen og fangane hans.
|