Dag og Tid nr. 20, laurdag 15. mai 2004


Roald Helgheim:
Kva er det vi står for?

Politiet vil jukse-ekteskapa til livs. Det var hovudmeldinga i Dagsnytt denne morgonen, og NRK var ute på reportasje. Saka er at politiet skjerpar kampen mot utlendingar som inngår proforma-ekteskap for å lure til seg norsk pass og opphald i Norge. Problemstillinga er gammal. Før kjende vi til at folk på idealistisk grunnlag inngjekk ekteskap med politiske flyktningar styresmaktene ikkje ville ta imot. No kan det ofte vere store pengar i omløp, og einskilde med pressa økonomi kan tene hundretusenlappar på å gifte seg proforma, utan å vere heilt budde på dei ufjelge følgjene det kan få. Desperasjonen etter å kome inn i andre land er større enn før, og i Oslo er politiet no jamleg ute for å sjekke om giftarmål er ekte eller ikkje. Stor aldersskilnad og pengebetaling for ektepakta er noko som får varsellampene til å lyse. Politiet har rundt 70 ekteskap på sjekklista si i Oslo. No har sakene fått høg prioritet, blir det sagt.

I fjor fekk rundt 100 personar avslag på søknadene sine på grunn av proforma-ekteskap, i til saman 11.000 saker om gjenforening. Bevisføringa er vanskeleg, og det må gjerast vanskelege undersøkingar, seier UDI. Eg refererer saka utførleg, for ho reiser mange spørsmål. Det no utskjelte Human Rights Service ville i fjor ha reglar som skulle hindre «hente-ekteskap». Alibiet var at det også ville råke kvite norske menn på konejakt i fattige land. Ei utidig innblanding i privatlivets fred, vart det sagt.

Det som heldt meg fast ved saka denne morgonen, var rolla til NRK. Reporteren følgde politiet på ekteskapskontroll. Som ein «embedded» krigsreporter tar ho oss med til døra. Vi høyrer politiet banke på, det svarar ikkje, dei ropar gjennom døra, og langt om lenge kjem den etterspurde og opnar. Der bur det slett ingen ektefelle, bingo! Hadde eg venta meg eit kritisk spørsmål til politiet om korleis det er å vere offentleg dyneløftar? Ja, det hadde eg. Noko om kvar grensene går for privatlivets fred? Absolutt. Etterpå kan vi stille dei presseetiske spørsmåla om å vere haleheng ved slike politiraid. I fjor ein gong var Aftenposten med på tokt mot ei hotell i Oslo mistenkt for å vere ein fordekt bordell. Ei av kvinnene på huset var avbilda frå sida, men lett kjenneleg. Men ho var svart, og kven ser skilnad på svarte kvinner, ikkje sant? Aviser har vore med på bordellraid før. Der kunne vi lese dramatiske skildringar om forskremde horekundar som smatt ut bakdøra, men vi såg aldri eit bilete av dei.

Min vinkel er at kontroll-Norge oftare og oftare er innretta mot innvandrargrupper, og at dei kritiske røystene mot det blir færre og færre. Den standhaftige menneskejegeren Per Sandberg i Frp ville merkje alle asylsøkjarar elektronisk. Han ville ha dei som hundar i band. Det vart for dryg kost. Men kva med særleg strenge straffer for utlendingar med kniv? Det forslaget har vore reist no, og det har vore reist før, då ein kjend politiembetsmann sa at vi har ikkje kultur for slikt, i slirekniv-Norge. Det er snakk om høgare aldersgrense for ekteskap mellom folk med innvandrarbakgrunn, med krav om at paret skal dokumentere økonomisk sjølvstende. Det er den økonomiske varianten av eit Frp-utspel om at dei gifteklare skal bevise at dei elskar kvarandre. Tenk deg slike krav stilte til gode nordmenn.

Det meste av dette er innført i føregangslandet Danmark, der reglane for gjenforening også rammar etniske danskar i utlandet. Noko av det grovaste er at minstesatsen for utbetaling av sosiale ytingar har blitt halvert i høve til «vanlege» danskar. Det skulle tvinge folk ut i arbeid. Resultatet vart berre større sosialt elende. Det er eit ope diskriminerande tiltak. Men oftare og oftare høyrer vi om særlege åtgjerder mot utlendingar i allmennmenneskelege saker, og opinionen blir sløvare for kvar gong. Hugsar du utspelet frå Trygg Trafikk og Vegdirektoratet i fjor om at innvandrarar er ein særleg fare i trafikken? Utan fnugg av dokumentasjon fekk vi vite at landa innvandrarane kjem frå, har for dårleg køyreopplæring for Norge. Språkproblem gjorde at «de får ikke med seg for eksempel holdninger i trafikken», sjølv om dei kan hende lærde seg det mest grunnleggjande. Mange har også en trafikkultur som er en enda større utfordring for en trafikklærer å forandre på», sa Vegdirektoratets mann. Ingen undersøkingar låg føre, men med utgangspunkt i svenske statistikkar «vet vi at innvandrere ikke har samme forhold til trafikkreglement som nordmenn», sa Vegdirektoratet til Dagsavisen. Det pinlege utspelet fekk ingen respons. Saka var merkeleg snøgt ute av verda.

Slike nyhende er media ekstremt opptekne av. Eit nytt utspel frå kontroll-Norge er ei sikker toppsak. Min påstand er at media er maniske i spørsmålet. Og det er skapt eit klima for det, ikkje berre av kommunalministeren. På UDIs vårkonferanse i april sa ho at «det er en nær sammenheng mellom kontroll- og reguleringspolitikken på den ene siden og integreringspolitikken på den andre». «Nær sammenheng» liknar meir og meir på identitet. Det er integrering som fornorsking, i eit intellektuelt klima der sjølv Fritt Ord-vinnar Unni Wikan blir håna for å vere kritisk, midt oppe i den skrålande atmosfæren av norsk sjølvgodleik i mulla-saka. «Hvor lenge er det siden du hørte om det fargerike fellesskapet», spør ho i eit pris-intervju i Morgenbladet. «Selv på Blindern snakker man ikke om det mer».

Men i morgon er det 17. mai. Då vil det heilt sikkert bli snakka om.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |