Dag og Tid nr. 20, laurdag 15. mai 2004


Økofilosofi:
Energi og bomber
I meir enn 30 år har vi høyrt lekser om kraftkrisa. Å halda kraftkrisa på avstand med meir utbygging er ei øving på linje med å gå mot regnbogen for å kome seg under han.

Så lenge vi held det gåande med å bruke meir og meir energi, blir berekraft eit framandord. Billeg og naturvenleg energi er det slutt på. I desember 1973 gjekk folk smilande på søndagstur med kjelke og ungar langs gulstripa etter riksvegane. Det var oljekrise med rasjonering og køyreforbod i helga. Handelsminister Jens Evensen tok mot Dagsrevyen i strikkajakke på sitt kjølege kontor og forklarte at bensinsparing var det, og slik måtte det vere. Handelsdepartementet improviserte krisetiltak etter beste evne, og ut på nyåret gleid krisa over då OPEC opna kranane igjen. Etterpå var det mange som sakna dei stille søndagsvegane. Det var meir smil på vegane under rasjoneringa enn i bilane etterpå.  

Over målet?

Litt seinare leverte Bratteliregjeringa stortingsmeldinga Om petroleumsvirksomhetens plass i det norske samfunnet. Den gongen skreiv sosialøkonomane i Finansdepartementet at utvinningstempoet i Nordsjøen burde vere moderat, av to grunnar. Den eine var at for mykje pengar inn i det norske samfunnet på kort tid ville gjere for stor skade. Den andre var at vi måtte spare på ein avgrensa ressurs. Dette slutta Stortinget seg til. Etter kvart skulle det vise seg at det vart med orda.

Oljekrisa i 1973 råka langt fleire og hardare enn det kortvarige prishoppet på straum 30 år seinare, i fjor. Har det i mellomtida hendt noko med mentaliteten vår? Tilsynelatande nøkterne politikarar snakka i fjor, og ikkje på revyscena, som om folket låg i respirator med risiko for at e-verket ville ta sikringane. Har den rikelege tilgangen vår på energi av alle slag likevel den prisen at vi mentalt kjem ut av balanse den dagen alt ikkje er som før lenger? Vil ein ny omgang med knapp tilgang på energi få tragiske utslag i staden for at folk tok fram smilet og gjekk på tur? I så fall burde vi be Einar Steensnæs om å arrangere ei treningsøkt. Det kan bli tøft å møte ei verkeleg krise utan øving. Den dagen kan vi få sjå at energiverka og dei politikarane vi trudde tok ansvar, var på viddene da dei lova oss det gode livet berre dei fekk meir utbygging.

Blindspor

Mange har nok oppdaga at vi er på eit blindspor. Det hende noko etter prishoppet på straum i fjor. Så usannsynleg mange som 50.000 privatabonnentar heiv seg på eit tilbod frå Einar Steensnæs om 5000 kroner i støtte til energisparing og anna oppvarming enn straum. Og folk såg på målaren. Forbruket av straum fall tilbake til 1996-nivået, og då er det teke omsyn til at temperaturen varierer. Nokre kommunar og mange vaktmeistrar har både planar og resultat å vise til. Folk er villige, men politikken nøler.

Vi har nå nesten dobbelt så mykje straum å rutte med som for 30 år sidan. Likevel er ikkje forsyningsproblema mindre, om vi skal tru dei som har noko med det. I meir enn 30 år har vi høyrt leksa om at vi må byggje ut meir for å halde kraftkrisa frå dørene. Noreg har dobla utbygginga, men kraftkrisa bankar stadig på døra igjen. Å halde kraftkrisa på avstand med meir utbygging er ei øving på linje med å gå mot regnbogen for å kome seg under han. Rekk du fram, kan du ønskje deg tre ting. Men alle veit at når vi kjem fram, har regnbogen gått. Det tek aldri lang tid frå eit nytt kraftverk er opna til kraftkrisa er der igjen. Men hos dei med ansvar er trua på utbyggingsunderet seigliva som ein katt. Opplysningstida var eit oppgjer med dei store mytane frå mellomalderen. I kraftbransjen er jorda ennå flat.

Dei seier dei gjer det for vår velferd. Det blir ei velferd utan glede. Levestandarden er blitt betre, men det har ikkje gjort folk lukkelegare, seier samfunnsforskaren Ottar Hellevik. Han har det frå statistikken. Det kan verke som om energivekstemissærane trur at det som var gode svar i 1950-åra, også er gode svar nå. At det som var fornuftige tiltak i eit mangelsamfunn, også er framtidsretta i eit samfunn som har alt.  

Masseøydelegging

Då regjeringa i 1974 ville ha eit moderat utvinningstempo, visste knapt nokon om menneskeskapte klimaendringar. Nå veit vi om klimaendringane, og regjeringa vil ha meir olje og gass. I fjor vart det mykje oppstyr då den tidlegare sjefen for det britiske meteorologiske instituttet, Sir John Houghton, kalla klimagassutsleppa for masseøydeleggingsvåpen. Hans Blix, leiar for FN-inspektørane i Irak, sa i vinter at klimaendringane er ein større fare enn dei ettersøkte masseøydeleggingsvåpena. Og nå ser eg at det amerikanske forsvarsdepartementet i ein rapport fortel at terror som trugsmål er barnemat mot den globale oppvarminga. Det er litt uvant å setje velmeinande gasskraftforkjemparar i bås med bombemenn. Men dersom Pentagon har rett, er det kanskje ikkje heilt på viddene?

Vassdraga og landskapa våre er ein del av verdsnaturarven. Olje- og gassfelta våre er ein del av trugsmålet mot verda. For eit godt liv på jorda bør begge få liggje i fred.
Erik Solheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |