Dag og Tid nr. 20, laurdag 15. mai 2004
Leiar:
Regjering utan mot
Er vi i dag ein del av okkupasjonsstyrken i Irak? Nei, vil regjeringa hevda. Vi er berre inne med militært personell med humanitære oppdrag, som ein del av den såkalla stabiliseringsstyrken. Det er tilsløring av faktiske tilhøve. Sjølv president Bush reknar opp Noreg på lista si av koalisjonspartnarar.
Etter at krigen ifylgje Bush «var over», gjekk Noreg inn i stabiliseringsstyrken. Regjeringa trong å pleia tilhøvet til USA. No skal Noreg ut av Irak. Rett nok skal nokre få stabsoffiserar vera att. I fjor sommar var det umåteleg viktig for regjeringa at Noreg vart med i den såkalla stabiliseringsstyrken i Irak. Var det viktig då, er uforståeleg at det ikkje skulle vera like viktig no når situasjonen ser ut til å vera endå verre.
Resultatet er ein slett småstatspolitikk der vi ikkje er i stand til å definera og halda fast ved ein vedteken, grunngjeven politikk, men tek så mange sprikjande omsyn at det ikkje vert politikk att til å skjøna seg på. Først gjekk vi inn i Irak og skada Noregs truverde som garantist for internasjonale normer og folkerett. Deretter trekkjer vi oss halvvegs ut på ein måte som bidreg til å skadde Noregs truverde som alliert. I speidaren lærde vi at ein aldri forlet kameratane sine dersom dei er i fare. Og i krig står du skulder til skulder med soldatane til han er over.
Regjeringa grunngjev den lite ærerike retretten med at Noreg skal konsentrera innsatsen sin i Afghanistan og eventuelt i Sudan. Å bruka det som grunngjeving for å trekkja seg ut, er feigt. Den mest sannsynlege grunngjevinga er nok at regjeringa vil ut av den hengemyra som krigen har vorte.
Det er klart vi har ressursar nok til å vera i Irak om vi vil. Norske militære personell burde halda seg borte frå Irak frå starten av, men å trekkja seg ut no er ei alvorleg sak som krev ei truverdig grunngjeving. Regjeringa burde gjort som Spania og markert tydeleg overfor USA at krigen er eit stort feilsteg. Det har ikkje regjeringa mot til.
Svein Gjerdåker |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|