Dag og Tid nr. 20, laurdag 15. mai 2004


Ivar Bakke:
8. mai og ei heime-strikka finlandshette
Om nokon skulle gje eigne meiningar autoritet ved å minne om at dei sjølve «var med» i ei tid som dei utmyntar i «historiske lærdomar», så skal du ikkje la deg lure av det. Historikaren Magne Skodvin sa ein gong at det å ha levd i ein bestemt historisk periode, ikkje borga for at ein hadde skjønt særs mykje av han. Men, heldt han fram, det er ikkje utan vidare til noko hinder for det heller. Ikkje har eg opplevd krigen i Noreg, som for fleirtalet arta seg relativt sivilisert samanlikna med dei erfaringane andre land måtte gjennom. Men eg har tenkt mykje på følgjande: Kan ein lære noko som helst allment av krigen, og i så fall, kva skulle no det vere?

Stundom spissar det seg til konfliktar som mest alle synest dei må ta stilling til. «Whose side are you on, boy?» er ei språkfille som flaug rundt mens drøset gjekk mellom politisk interesserte på 70-talet. Då skulle ein anten støtte framhald av ein brutal krig i Vietnam, eller håpe på siger for eit brutalt kommunistisk diktatur. Det var no ein gong dei alternativa og aktørane som den gongen var for handa, om ein måtte velje side. Krig er tida for store forenklingar, og ingen kunne forenkle som nett dei «bevisste» som hadde teke standpunkt.

Bestemor mi voks opp i ei anna tid, og ho var vel det ein mest kunne kalle «upolitisk». Men politikken kom til ho også, og spurde kva side ho stod på. Då dei store kollegaene Hitler og Stalin laga ikkje-angrepspakta si, fekk Sovjet behalde halve Polen, dei baltiske statane og Finland. Landa vart okkuperte, i dei baltiske statane vart mange hundre tusen sivilistar jaga inn i kvegvogner og sende til den visse død i Sibir. Brutaliteten i den russiske okkupasjonen der var langt større enn den seinare tyske.

I Finland støytte den raude armeen på uventa seig motstand, og det finske folket og lagnaden deira fekk stor sympati i det offisielt nøytrale Noreg. Bestemor mi var av dei mange som strikka finlandshetter, den gongen dette plagget fekk si norske nemning. Hetta skulle varme dei finske grannane som slost mot Fienden, soldatane åt det verste regimet verda fram til då hadde sett. Slik vart det framstilt den gongen, og dei som vil ta inn over seg historisk informasjon, veit no at «skrekkpropagandaen» frå den gongen ikkje var overdriven.  

Seinare skulle bestemor mi møte mange raudegardistar. Men no var dei ikkje ein mektig okkupasjonshær lenger. No var dei krigsfangar, overrende av det tyske angrepet og sjølve sende på slavearbeid, mellom anna på den vesle staden Engeløy i Nord-Noreg. Og folk stakk åt dei utsvoltne og mishandla fangane mat. Det var alltids forbode, men det fanst vaktpostar som såg gjennom fingrane, det gjaldt å vite kven. Også bestemor gav mat, men ein gong gjekk det gale. Ein dag trampa det inn høgare befal med blankpussa støvlar, dei ropa og skreik og truga med å skyte ho og resten av familien for bistand åt fienden.

Utanfor stod ein russar og grein så sårt, ein rømling dei hadde fakka og banka ut av kor han hadde fått tak i maten. Familien måtte høyre at han vart skoten rett etterpå, medan bestemor, som på sett og vis hadde ytt motstand mot begge sidene i denne verdskonflikten, ho fekk leve eit langt og fredeleg liv.  

Det vart jo fred til sist, og Vest-Europa vart fridd ut av eit frykteleg valdsherredøme. Utan det vanvittige offeret til den raude armeen hadde det neppe skjedd. Stemninga var slik at kong Haakon sommaren 1945 ved eit høve kunne «utbringe ein skål for Stalin» utan at nokon grein på nasen. Imens strøymde russefangane hjå oss gardimellom, lukkelege over å ha overlevd, endeleg var dei frie og skulle få reise heim att. Nokre få hadde vonde aningar, og dei fekk sørgjeleg rett. Mest alle hamna i russisk arbeidsleir. Mange hadde ikkje krefter att til å overleve eit nytt leiropphald. Og dei gamle konsentrasjonsleirane i Aust-Tyskland vart ikkje nedlagde, ein bytta berre ut fangane, somme tider ikkje ein gong det heller.

Kva ein kan lære av slikt, er meg ei gåte. Det finst svært få eksempel på at nokon der og då argumenterte for at det var rett – i tydinga minst gale – å stø ein av verdshistorias største forbrytarar, Josef Stalin, for å kome redsleregimet til nazistane til livs. I stor mon nekta ein å vedgå eller innrømme kva slags regime ein forsvarte. «Eit land har ingen vener, berre interesser, om naudsynt samarbeider vi med djevelen sjølv», sa Churchill, som grunngjeving for samarbeidet med Stalin. Eg kan vanskeleg sjå at det skulle vere ein allmenn lærdom – nett slik hadde jo dei borgarlege partia argumentert som ville la Hitler gjere grovarbeidet mot bolsjevismen. Ein borgarleg skribent tok føre seg dette argumentet, eg trur det var i -1936, dette at ein ville «drive djevelen ut med Beelsebub», som Jesus sa det. «Det skal efter sikker autoritet være en uegnet metode», skreiv han.

Ikkje veit eg, eg har ingen sikre autoritetar lenger. Det er berre så skremmande at så få av dei som hadde politikk som interessefelt, makta å sjå meir enn ein ting i gongen, at til dømes bestemor mi så å seie per moralsk instinkt skjøna meir enn ein mann som Nordahl Grieg. Er det nokon grunn til å tru at det er annleis no?
Ivar Bakke

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |