Dag og Tid nr. 20, laurdag 15. mai 2004
Klok på bok 663:
Ørkenvandring
Kanskje kan ein seia det slik: At eg ropa i skogen, og at eg fekk svar. Eit kor stemde i der ute: Woolf, ula koret. Men nei, eg vart ikkje redd. Ikkje redd for Virginia. Ordet er dykkar, gode lesarar og skrivarar, svara dykkar blir som ein einaste stor song om ein klipper dei litt opp og limar dei i hop att. Brita Lundeland syng først, og det lêt slik:
«Forfattaren vi skal fram til denne gongen er Virginia Woolf. Ho vart fødd i England i 1882. Ho var dotter av litteraturkritikaren Sir Leslie Stephen, og gift med forfattar og kritikar Leonard Woolf. Debutromanen hennar The voyage out. kom ut i 1915. Virginia Woolf tok livet sitt i 1941.«
Og så kjem Thor Henriksen:
«På en måte var det et varslet selvmord, siden både Virginia og mannen Leonard hadde planlagt felles selvmord i tilfelle nazistene inntok England. Men presset for å avslutte livet var større for henne, fordi hennes psykiske sykdom tilkom som en ekstra belastning. Det er meget rørende å lese den etterlatte lappen til mannen: Jeg har en følelse av at jeg kommer til å bli gal. Jeg kan ikke fortsette slik i disse forferdelige tidene. Jeg hører stemmer og kan ikke konsentrere meg om arbeidet. Jeg har kjempet imot, men kan ikke kjempe lenger. All min lykke har jeg fått gjennom deg, men jeg kan ikke fortsette med å ødelegge livet ditt.
Og så eit vers frå Gyro Knutsdotter Homme (som elles er vinnaren denne veka): «Denne gongen var det mørke, ljos og horisontar som førde meg til fyret To the lighthouse. Men det kunne like gjerne vore ordskiftet som har vore mykje på radio denne veka om kvar ulven skal få lov å vere her i Noreg. Woolf Virginia Woolf; ho kjende ogso at ho ikkje høyrde heime nokon stad, og som du skreiv i spalta førre veka heller ikkje skrivinga kunne berge henne mot slutten.»
Så ein lengre libretto frå Karl Johan Grønning:
«Sitatet denne gongen er henta frå midtdelen av boka «Til fyret», omsett av Merete Alfsen. Tidlegare har Peter Magnus omsett boka under tittelen De drog til fyret. Originalen To the Lighthouse kom i 1927, to år etter Mrs. Dalloway, der Virginia Woolf bruker stream-of-consciousness-teknikken, som også pregar Til fyret. Denne romanen er truleg meir interessant sett som komposisjon enn som forteljing om eit ekteskap og ein familie. Dei tre avdelingane av romanen kan sjåast på som dei tre tavlene i eit mellomaldersk triptykon, der fru Ramsay er hovudfigur på det første panelet, og målarinna Lily Briscoe, den rake motsetning til fru Ramsay, er sentral på det tredje panelet. Midtpanelet (Tiden går) dannar så ein akse som bind dei to andre saman. Samanlikninga med målarkunst høver godt til arbeidet med det målarstykket som Lily
endeleg får fullført i tredje delen (Fyret).»
Slik kunnskap! Triptykon. Det svimlar for meg, og så kjem Merete Hoel med enda meir i neste vers:
«Det er forresten en detalj jeg alltid kommer på, at Woolf deler fødsels- og dødsår med James Joyce (1882-1941), som det ikke er så unaturlig å sammenlikne henne med når det gjelder litterært prosjekt, bortsett fra at jeg synes Woolf er bedre. En strammere versjon av Joyce, om det går an å si mere refleksjon, mindre gjengivelse av detaljer (selv om Joyce for all del imponerer med hva han som mann kan finne på å skrive om). Dessuten morsommere, ihvertfall fra et kvinnesynspunkt (Orlando!) og det skader jo aldri.»
Og så eit siste vers, eit reisetips, både fysisk, historisk og andeleg, frå Thorleif Haukvik Skobba:
«Dei fleste veit at Woolf tilhøyrde Bloomsbury-krinsen. Kanskje mindre kjent er det at ho i Cambridge var med i ei gruppe som kalla seg the Grantchester group med m.a. Rupert Brooke (Stands the Church clock at ten to three...) Bernard Russell, E. M. Foster, Maynard Keynes, Ludwig Wittgenstein og Augustus John ein (portrett)målar m.a. Ho kalla dei Neo-Pagans. Grantchester ligg 3-4 km sør for Cambridge via The Backs over svakt bylgjande engelske grøne enger. Nede ved elva ligg The Orchard kaffistove (tea/coffe shop) om du vil der dei jamt heldt til. Ikkje rart Wittgenstein ville dit frå Cambridge, men det var i Skjolden i Norge han fekk gjort noko m.a. ein lås, brukte eg å erte engelskmenn med. Det som lesarane vil vita er an altogether different cup of tea. Seinare gjester omfattar
m.a. Burgess, Mc Clean, Philby og Blunt. Staden er vel verdt ei vitjing.»
Og i det ville, mektige Woolf-koret syng òg Norlitausene, Torunn M. Lehmann, Hans-Olav Enger, fiskarjentene i Kristiansand, Torill på Myre, ein litt forvirra Gunder Runde og fleire med dei. Takk for alle kloke svar og for alle skot i blinde òg! Det er lov å tippa i Klok på bok, tru ikkje anna.
Klok på bok 663
Står du på høyden ved den gamle borgen vil du se ut over et mektig sandhav som strekker seg i lange gylne dønninger fra Chaamba el Mohabi til Colom Bechar. På bredden der palmeskogen vokser, vil du finne El Golea, Saharas dronning, men også franskmennenes utvalgte elskerinne til Amenokals land.
Ein stad langt inne i boka, dette. Ein stad langt ute i ørkenen. Og denne forfattaren fekk ørkensand mellom tærne lenge før Ari Behn hadde vitja si første badestrand. «Siden Hamsun har ingen ungdom stått fram med større vilje og større rett til å være annerledes», stod det å lese om denne gjennombrotsboka i meldinga i Vinduet. Treng eg å seia meir? Nei. Jau. Eg seier dette: Høgtflygande. Det får halda. Send svar til meg, til Klok på bok, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, til klok@dagogtid.no, eller til faks 22 41 42 10.
Helene Myrbråten
|