Dag og Tid nr. 20, laurdag 15. mai 2004


Bøker:
Det store alvoret
Stor lyst og heftig kjærleik. Kva anna kunne det ha handla om når Pia Tafdrup debuterte som romanforfattar?

ROMAN
Pia Tafdrup:
Hengivelsen
Gyldendal dansk forlag

Ei ung kvinne er for gammal til å klatre i tre og slå seg på kneet. Likevel klatrar ho over gjerdet, riv opp kjolen sin og går inn gjennom den ulåste døra og tar seg til rette i nabohuset. Ho finn seg mat og vin på kjøkkenet. Ho går inn på badet, tappar vatn i badekaret. Og ho tar seg eit bad. Ho er nesten som Gullhår i eventyret. Men ingenting går i stykke. Ho er Pascha, 25 år gammal og forteljaren i romandebuten til Pia Tafdrup. Ho vandrar omkring i det framande huset i slåbroken ho finn på badet. Ho tenkjer: «Jeg er nøgen under en fremmed mands badekåbe.» Og da gir endeleg huseigaren seg til kjenne. Ho forelskar seg i han. Og han forelskar seg i henne, han er cirka ti år eldre enn henne. Det endar med sengegleder for dei begge, og ho blir kjend med tidlegare ukjende sider ved seg sjølv. Men så kjem det fram at han har ei kone han er separert frå og enda ei elskarinne. Og da startar på ein måte del to av romanen.

Inderleg

Pia Tafdrup debuterte med diktsamlinga Når det går hul på en engel i 1981. Fram til nå har ho gitt ut elleve diktsamlingar, og dessutan har ho skrive to drama. Ho har omsett svenske Eva Ström og vore redaktør for to diktantologiar. Pia Tafdrup har skrive mange gode dikt og i 1999 fekk ho Nordisk Råds Litteraturpris for diktboka Dronningporten. Nå debuterer ho som romanforfattar. Og det gjer ho med det same inderlege alvoret som vi kjenner frå diktbøkene hennar. Det er ikkje noe leik og tull i bøkene til Tafdrup, det er eit stort alvor som står og pumpar seg opp, her er brådjup og lading i alt. At tull skulle kunne vere bare tøys, verkar framand for denne diktaren. Alt hos Tafdrup er svangert med sorg og undergang, ikkje fordi menneska og forholda deira er slik i seg sjølve, men fordi forfattaren pumpar dei opp. Ho lader og merkeleggjer omgjevnadene. Ei setning som den eg straks skal sitere, ville hos dei fleste moderne forfattarar ha vore skriven med djup ironi: «Få revolutionære sekunder vil det tage at passere fra den ene side af hegnet til den anden.» Hos Tafdrup er det derimot ikkje noe som peikar på at vi skal lese slike setningar med mistanke om ironi, trass i at forteljaren i denne romanen er ei 25-årig kvinne.

Tafdrup vil nok likevel at det skal vere ein avstand mellom den modne forfattaren av denne romanen og den unge forteljaren i denne romanen, men forfattaren er solidarisk med forteljaren sin. Og om Tafdrup ikkje akkurat ironiserer, kan vi vel lese utsegner av den typen eg nett siterte, som signal om at Tafdrup er klar over at ho overdimensjonerer eller dramatiserer det ordinære.

Det finst fleire døme på slike overdramatiseringar og det er sanneleg ikkje godt å vite om det er ironisering eller ikkje. Det er i alle fall det overspente som pregar romanen, til dømes når hovudpersonen melodramatisk-teatralsk uttaler: «Jeg vågnede i morges med ordene jeg vil ikke være offer for noget bundløst.» Det er så svært og veldig, denne måten som Tafdrup nesten tvingar alvoret inn over forteljaren i romanen sin og med det også lastar det over på lesarane sine. Det er jo ikkje bare det at den 25-årige kvinna klatrar over gjerdet og veit ho er for gammal til slik klatring, men ho dramatiserer klatringa si, overdimensjonerer henne på ein måte som gjer det utruverdig, eller latterleg, eller altså naivt: «Jeg klatrede over hegnet, som trådte jeg ud af min egen krop (...) Jeg trådte over tærsklen.» Nå kan det kanskje seiast at dette er ein slapp, resignert, tilbakelena eller latterleg måte å skildre overgangen frå barn til vaksen på, ei skildring som nettopp understrekar at forteljaren er latterleg, naiv og tradisjonell i sin omgang med seg sjølv og omgjevnadene? Seinare heiter det storpompøst om elskaren hennar: «Han erobrede tavsheden.» Det er mektig, noen vil meine det er for mye. Andre vil meine at det er på sin plass med denne typen kjenslevare og sensuelle romanar, men kva er nå så sensuelt med ein 25-åring som verken forstår seg på kjærleiken, mannen, erotikken eller seg sjølv?

Naivt og søtt

Debutromanen til Pia Tafdrup er søtlåten og pompøs, men han er også bare naiv og søt. Det ungdommelege fåvitet til den 25-årige forteljaren ber noe av ansvaret for det naive og platte i romanen, men forfattar Tafdrup må sanneleg bere ansvaret for det søte. Og det naive og søte er ikkje bare vassent og klissete, det er også ein del av Tafdrups heroiske evne til å forgylle tilværet med si overspende dramatisering av det kvardagslege. Det er patetisk opp mot det pompøse, men det er også søtt, denne insisteringa på alvoret og fylden alle stader.

Det er noe kompromisslaust over Pia Tafdrup og hennar vilje til å sjå det store og svangre i alt. Kanskje er det den sterkaste sida hennar som diktar, denne evna til å innbille seg at det alltid overalt bur krefter og kjensler som poeten kan vekke til live ved å skildre dei med stor innleving? Om det er hennar sterkaste side, er det samtidig hennar svakaste. Lagnadsmetta og kritiske metaforar blir nytta til å skildre dei enklaste hendingar og handlingar. Det er ikkje noen nivåforskjell hos Tafdrup, alt foregår i den same høgspende modusen. Kvardagserfaringar er «bundløse«og «uendelige», og vi må undre oss over kva for ord ho har på lager for situasjonar og konfliktar som verkeleg er store. Hos Tafdrup blir alt svært og metta av lagnad og liv.

Noe av konflikten i Tafdrups debutroman er skilnaden mellom mannen og kvinnas syn på kjærleiken og lysta. Det som for den 25-årige kvinnelege forteljaren er skakande og overskridande, vil nok den mannlege motspelaren hennar – og eg – kalla ein affære.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |