Dag og Tid nr. 19, laurdag 8. mai 2004
Teater:
Jon Fosses «Berre ein hund»
Ein kan bli lei av Jon Fosses gnikking på dei same traumane. Likevel: Dei døde hundane på Rogaland Teater er ei sikker, nesten lystig oppsetjing, av eit gripande drama.
Rogaland Teater:
Dei døde hundane
Av Jon Fosse
Instruksjon: Fridtjov Såheim
Det meste kjem att hos Fosse. Ein kjenner att romanane i skodespela, nesten som reine dramatiseringar, og skodespela krinsar alltid om noko av det same; stivna relasjonar og smertepunkt som må dekkjast over med tvangsmessige formular, nesten som stadige refreng. Gitaren er stengd. Noko er gått i stå noko vi aldri heilt veit. Slik er det i Dei døde hundane som hadde urpremiere på Rogaland Teater 30. april. Fabelen er enkel. Mor og son i ei stove. Sonen berre ligg der. Så blir hunden hans drepen, og ingenting er viktig meir. Ein kjenner att mangelen på nærleik til dei næraste; ei syster som har gifta seg og reist bort, ein hata svoger ein barndomsven som kjem att frå byen. I Fridtjov Såheims regi får me likevel ein lettare Fosse. Særleg Torbjørn Eriksen som kameraten og Nina Ellen Ødegård som syster får fram språk- og situasjonskomikk samtidig som det uuthaldelege ligg og
duppar. Kanskje har det også verka forfriskande at teateret har henta inn skodespelarar frå Stavangers filmmiljø. At Marko Iversen Kanic og Vegar Hoel snakkar dialekt, bryt litt umotivert med Fosses nynorsk, men dette løyser opp på ein måte som fungerer greitt.
Stilisert realisme
Fosse inviterer til stilisert realisme. Me er i ei 60-talsstove med møblar som har stått slik lenge. Eit orgel gir restar av noko som ein gong kanskje var glad musikk, eit vindauge gir utsyn mot ei bygd der ingenting skjer og mot den nye naboen som har trengt seg på. Lyssetjinga er enkel, men med effektive vekslingar i lystemperatur. Lars Lillo-Stenbergs tilståingssong til smektande hammondorgel-rytmar «Ingenting er viktig meir» blir eit høgdepunkt som absurd farse midt i openberringa av det uhyggjelege.
Dei døde hundane handlar om den kjenslevare sitt gradvise tap av livsevne etter noko unemneleg som har skjedd. Kirsten Hofseth skildrar godt den pliktoppfyllande mora som har tapt kontakten med borna sine. Aller mest er likevel Dei døde hundane eit stykke om eit syster-bror-forhold der kjærleiken ein gong var, og framleis ligg der men som smerte. Sonen speler ikkje gitar lenger, men hunden har han, og hunden er ikkje «berre ein hund».
Magne Drangeid
|